14. april 2010

Bygdøysafari

Eg er så heldig at eg har ein jobb som inneber mykje fri på dagtid, noko som passar meg heilt perfekt. Særleg no når sola er her! I går var eg på rusletur på Bygdøy saman søte Bjørnar og mammaen hans. Eg synest det er utruleg moro å reisa på oppdagingsferd til stader i Oslo der eg sjeldan oppheld meg. Og Bygdøy er eit område av byen som eg nesten ikkje har vore i, så det var eit interessant sosialantropologisk studium å rusla rundt mellom dei gigantiske villaene og ambassadane og sjå på livet.

Vi starta med å eta lunsj og drikka sur kaffi på Folkemuseet før vi planla kvar vi skulle gå. Bjørnar fekk sjølvsagt også lov til å uttala seg. Det er denne boka han blar i.

Bjørnar veit å kle seg. Denne superfine strikkagenseren har eg tenkt å prøva meg på, sjølv om eg ikkje har oppskrifta. Eg trur det er mogleg å bruka ei genseroppskrift frå Nøstebarn-boka og justera litt på henne. Fargane var skikkeleg stilige saman, og eg har garnnøste i alle fargane, så eg har lyst til å strikka ein kliss lik genser.

Nokon interesserte? Adressa er Huk Aveny. Eg veit ikkje om eg tykkjer ColorLine er så veldig bra utsikt, men ... I alle fall ikkje til den prisen. Vi kan skimta huset som er til sals.

Når ein skal om bord i seglbåten sin ein tur, er det enkelt å parkera Porsche-en like ved. Ein skulle kanskje tru at eg sette det på spissen no, men slik er det faktisk på Bygdøy. Vi rusla herifrå til Huk, og langs vegen var det gigantiske villaer på alle kantar (handverkarar klatra opp og ned og her og der for å shaina opp vegger og tak), og fancy bilar glei forbi oss. Eg mistenkjer at vi blei tekne for å vera au-pairar på trilletur.
Vel framme ved Huk fekk vi oss ei overrasking. Folk BADA! Og ikkje nok med det: Dette er jo ei nudiststrand, og det var faktisk fleire nakne folk der som sprada rundt. Sjølv har eg aldri vore på nudiststrand før, så eg blei litt sett ut av alle dei bluferdige folka. Ja, eg stakk unna kameraet då vi nærma oss. Uansett var det fantastisk sjøutsikt, og det var dig å setja seg ned og ta ein pust i bakken før vi tok bussen attende til sentrum.

5 kommentarer:

Midtbo sa...

Hehe, morsomt å lese. Må være fryktelig kaldt å være nudist i april om sola skinner enn så masse. Vårforkjølelsen er vel ekstra utbredt blant den gruppa kan jeg tenke meg.

Torunn sa...

Hehe...artig lesing. Litt kaldt å bade på denne tida. Og ein bolig til 22,5mill var vel litt i overkant av mitt budsjett. ;) Herleg baby!! Og ein flott jakke du har tenkt å strikke. Ha ei fortsatt fin helg!

Ragnhild sa...

Ja, eg trur det var ganske kaldt for nudistane – både på land og til sjøs:-)

God helg!

Kristin sa...

http://www.garnstudio.com/lang/no/visoppskrift.php?d_nr=b13&d_id=12&lang=no

Hei, oppskriften på genseren på bildet finner du i linken over, lykke til

Ragnhild sa...

Å, tusen takk for det, Kristin!:-D