26. januar 2010

Nokre favorittar

Dette er nokre av favorittkoreografiane og favorittdansarane mine frå ulike sesongar av So you think you can dance. Dei største favorittane var Katee i 2008 og Russell i 2009. Sjå og nyt!










24. januar 2010

Craft Hope for Haiti

Eg tenkte eigentleg å blogga om alle dei fargerike knappane eg har kjøpt på Etsy og Epla den siste tida, men det får bli seinare. For no kom eg over Craft Hope, der du anten kan donera ting du har laga eller kjøpa heimelaga ting av andre, og der inntektene går til Leger uten grenser på Haiti. Dei har hatt ulike støtteprosjekt, blant anna for heimlause ungar, men no er det altså den akutte krisa på Haiti det blir samla inn pengar til. Dei sel tinga på Etsy, men eg ser no at dei tok ein pause 20. januar, og då hadde dei fått inn $20.000 til Leger uten grenser. Det er rundt 115.000 kr og fortel litt om kor mykje det er mogleg å samla inn på kort tid. Så all ære til Craft Hope! Her skal eg innom igjen.

Men berre så det er sagt: Det er sjølvsagt ikkje for seint å støtta Haiti. Det vil eg oppmoda alle om å gjera. Det er veldig enkelt. Klikk her:

Kirkens Nødhjelp
Røde Kors
Unicef
Leger uten grenser
SOS-barnebyer
Flyktninghjelpen

11. januar 2010

Kva snø er best?

... av denne snøen:




... og denne snøen:






Ja, det er vel ikkje mykje tvil. Eg likar best den diskré snøen. Og snøen som gjer det farbart for oss menneske, men som samtsundes er i sitt rette element. I naturen.

9. januar 2010

Oransj!

Eg har blitt veldig glad i oransje den siste tida. Rett før jul kjøpte vi oss omsider taklampe til stova. Etter å ha budd i kåken i 2,5 år utan eit einaste straumuttak i stovetaket (og dermed utan taklampe), fekk vi endeleg elektrikar på besøk på nyåret, som fiksa både uttak og oppheng av lampe.

Lampejakta varte vel i 2,5 år, og det var ikkje moro. Men til slutt fann vi henne. Lampa blei designa av sjølvaste Piet Hein i 1929. Han var ikkje berre flnk med ord, han var eit geni på funksjonell design også. Denne lampa er eit godt døme på det. Ho gir veldig godt lys, og eg blir glad av å sjå på henne. I motsetnad til alle dei tusen lampene vi såg på før vi kjøpte denne. Lampa finst både i raud, blå, grøn, svart, kvitt, off-white og oransje, men valet var ganske enkelt. Vi har så mykje grønt og blått i kåken, så vi måtte berre ha ein kontrastfarge som går fint til grønt og blått. Og då blei det oransje, sidan svart og kvit er keisamt, og raudt er ein smule skrikande.



På bordet under ser vi, i tillegg til litt rot, korleis det siste strikkeprosjektet mitt står i stil til den fine lampa.



Eg strikka den same jakka i brunt, gult og grått ein gong før – sjekk ut her. Eg diggar denne oppskrifta,  så eg måtte strikka ei til. Det går superfort å strikka henne.



Blåfargen er i angoraull frå Nøstebarn, og det er mjukare enn merinoulla derifrå. Veldig godt garn å strikka med!



Eg sydde i nokre kjempesøte knappar (kjøpt på Nøstebarn), som det står "klok", "smukk", "ull" og "unge" på, sidan den komande eigaren av jakka høgst truleg er ein klok og smukk ullunge.

I og med at eg er inne i ei oransje bølgje, lurar eg på om det kanskje gjer at det er enklare å fullføra det oransje strikkeprosjektet eg starta på til meg sjølv for snart eitt år sidan.  Det er ei undertrøye til meg sjølv, og det stoppa heilt opp då eg stod fast på ermefellingane. Denne oppskrifta er også frå Strikk til nøstebarn, men ikkje like god som stripejakka. For det første er det feil i oppskrifta, og for det andre er det dårlege forklaringar. Grrr, då blir eg sint.

Til slutt: Favorittmiddagen for tida er sjølvsagt også i riktig farge. Det er gulrotsuppe frå den fantastiske kokeboka Aktivistens kokebok, som eg vil rå alle til å kjøpa. Perfekt og enkel middag å laga når ein kjem inn frå den bitande vinterkulda.


3. januar 2010

– Er du norsk?

Dette spørsmålet fekk eg fleire gonger dei første dagane som fersk lærar for 8- og 9-årige (norske) elevar i haust. Ikkje fordi eg var brun i huda, for eg er kvitare enn kvit. Men fordi det truleg høyrdest ut for dei som om eg snakka gebrokkent norsk. Eg måtte forklara dei at det heitte nordmørsdialekt. I morgon byrjar eg i ny jobb som norsklærar for vaksne innvandrarar, og då må eg nok leggja av meg alt det nordmørske. Så slepp eg i alle fall (ironisk nok) å få det spørsmålet.