20. juli 2010

Dette er Tryggve

Etter eit forlenga sjukehusopphald pga. at den fine veslingen fekk ein infeksjon rett etter fødselen, er vi no endeleg heime. Tryggve er glad for det, som vi ser. Den superfine bodyen er laga av Kristin, som står bak bloggen Heilt spesiell. Og det er ein heilt spesiell body som passar perfekt til ein heilt spesiell liten gut.

4. juli 2010

Ventetid

Det er mykje ein kan gjera medan ein ventar på at veslingen skal koma ut. Til dømes kan ein rydda i iPhoto (eg har 30.579 bilete ...) og gjera plass til dei mange bileta som garantert kjem til å bli tekne av den nye verdsborgaren. For eitt år sidan var eg i Botanisk hage og knipsa vilt i samband med fotokurset eg var på. Det var artig å koma over desse bileta igjen. Så her kjem ein liten sommarleg biletkavalkade medan vi ventar.