26. mai 2008

Lukka er


... å sitja i ro og mak på Smart Club, utan å sjå på klokka, og eta gigantisk, dritgod softis med hakka nøtter både i botnen av begeret og på toppen av isen, med ganske god, stor kaffi til, medan regnet høljar med utanfor, og ingen kan finna meg eller krevja at eg skal gjera noko som helst, og medan eg planlegg å kjøpa verdas største reker inne i butikken. Og når eg ser alle dei softis-grisande og hylande ungane rundt meg, skjønar eg at det gjeld å leva i no-et og nyta det medan ein kan.

15. mai 2008

Skipper & mate


Ja, det er tittelen på dette herlege kunstverket frå 1913, av Clarence Underwood. For eit motiv! Uredd og tøff dame i skjørt som styrer ein båt i hardt ver medan eit hankjønn klamrar seg fast i redsle! Fann det på eit postkort i serien "Gamledager's postkort" (med apostrof, ja) på Sjøfartsmuseet. Skulle veldig gjerne hatt det i A3-format på stoveveggen.

13. mai 2008

Eit sikkert vårteikn er ...


... når det er heilt openbert at eg må tørka støv av plastblomane på kontoret.

8. mai 2008

8. mai


Det er ei velkjend plage at handelstanden fyller opp med julesjokolade i oktober og påskeharar i februar. Dei sel ofte 17. mai-effektar i god tid òg, men det som til no har vore nytt for meg, er at dei FLAGGAR lenge før! I dag er det ni dagar til 17. mai, men utanfor Bryn senter vaiar norske flagg i vinden allereie. Det same såg eg i går og dagen før der på andre stader. Kva ER dette? Truleg er det den beste pynten dei kan koma opp med for å få folk til å kjøpa 17. mai-stæsj. Dei er desperate. Men eg kjøpte faktisk eit flagg.