30. april 2009

Dagens nostalgiske tilbakeblikk

(Du bør absolutt klikka på biletet for å sjå det i stort format.)

Inkje slår (slutten av) 70-talet når det gjeld fargar og klesstil. Sjå så fine jakker vi hadde! Vi kan sjå at bror min har på seg den legendariske busserullsnikkarbroka og herlege skinnsko. Biletet blei teke i 1979 i fagre Bjørnsund, som var ein av dei obligatoriske stoppane på veg sørover til Nordfjord på den obligatoriske sommarferiebåtturen.

26. april 2009

Frå mørkeloftet #5

Denne gongen: ei åtvaring frå Husmorboka. Men altså: når ein skal kosa seg med ei god bok, kvifor velja kjøkkenstolen? Det har vel noko med tidsepoken å gjera, kanskje. I alle fall: eg testa ut denne stillinga, som altså boka ikkje tilrår å ikkje i. Eg tykte det kjendest heilt ok ut å sitja slik, men kanskje ikkje i mange timar. Og det med at det blir "sterkt press på undersida av låra", forstår eg verkeleg ikkje poenget med å skriva. Kva kan det føra til? Lårslitasje?

21. april 2009

Dream on

Det er dette du drøymer om, seier dei i Jostedalen (ja, eg bidreg med å spreia draumen om bygda blant anna ved å lenkja til nettstaden i alle blogginnlegga mine.) I går, då eg ganske så trøytt traska til jobb etter ei innhaldsrik og heilt fantastisk test- og festhelg i draumebygda, og eg kryssa Carl Johansgate og gjekk den faste ruta nedover Skippergata, lyste plutseleg ein heilt ny parole mot meg, like ved sidan av strippebula String:

Ja, nokon snakka til meg! Marit, er det du som har vore ute og "sendt meg eit postkort"?

16. april 2009

Det er dette du drøymer om

I morgon reiser vi til Jostedalen på test og fest! Dei som lurar på kva det inneber, kan gå til Jostedalendiggiloodiggileinettstaden og lesa både om test og fest og om Jostedalen. Eg er litt seint ute med å oppmoda lesarane om å bli med vestover, men eg gjer no det likevel. Det er plass til ein person til i bilen, ved sidan av karseplanten (jf. førre blogginnlegg). Vi reknar med å bruka 6–7 timar på køyreturen frå Oslo, og jo nærare du bur Jostedalen, jo kortare tid brukar du på å koma deg dit. Eh ... logisk nok. Men poenget er at det ikkje er langt dit dersom du bur ein eller annan plass sør for Trondheim.

MEN Jostedalen ligg laaangt inne, inst og langt unna storbyen. På nettstaden ligg det flust av idylliske naturbilete, særleg av ski, snø, isbrear og slikt, som dokumenterer det. Eg skal difor i staden visa nokre glimt av Jostedalen frå innsida, nærare bestemt av heimen til snille Marit og Even, som vi skal bu hos. Eg meiner slike bilete er minst like god Jostedalsreklame som det skispor er.

Ok, de får godta litt snø på dette biletet. Det er berre for å visa huset frå utsida. Huset har to etasjar og så mange rom at eg kjem ut av teljinga når eg prøver å hugsa kor mange det var. I Jostedalen er det mogleg å kjøpa smarte hus som dette for under 1 million NOK. Dette huset kosta 1 mill.!!!

Lat oss gå over til viktigare ting: interiøret. Her ser vi litt av stova (ei av dei). Legg særleg merke til det fænsy golvet. I Oslo kostar det flesk å leggja slikt golv, men i Jostedalen fekk dei så bra deal at dei ikkje ruinerte seg på det. Heile huset har slikt golv. Då har ein råd til designlampe!

... og ein får råd til å trekkja om gamle stolar. Legg merke til morgonsola (gratis) som kjem inn gjennom dei smart plasserte vindauga.

I Jostedalen bur det mange ungar! Her ser vi to av dei. Ungar i Jostedalen går ikkje berre på ski, dei ser på tv òg. Legg merke til endå fleire lekre stolar. Vi skimtar fjella utanfor, men det er ikkje det viktigaste her.

Ja, på bui kan ein kjøpa det same som på Meny på Oslo City. Og er det ikkje ei designlampe her òg, skal tru? Kyllingen i taket er eit prov på at dei har barnehagedekning.

Eg har diverre ingen bilete av badet, men det blei pussa opp for ein slikk og ingenting (100.000 NOK), sjølv om dei valde dei dyraste flisense som var å oppdriva på Vestlandet. Badet som dei pussa opp i kåken i Oslo (og som var mykje mindre enn jostedalsbadet), kosta det same, endå dei valde dei billegaste flisene.

... og slik kunne eg ha halde fram. Men eg reknar med at poenget er oppfatta. Eg avsluttar i staden med bilete av huset til naboane, nærare sagt huset til Rypa og Husbonden:

Dette huset er nytt, då. Og større. Men tomta var gratis. Og då har ein råd til to bilar! (Det stemmer det, Eli? Ikkje øydelegg poenget, plis ...)

No skal eg bruka nokre nattlege timar på å pakka. Fotoapparatet blir med, kanskje kjem det fleire interiørtips over helga!

15. april 2009

Prosjekt grønt snacks

Eg har sådd karse for første gong i heile mitt liv! Det skal visst vera dritenkelt å få det til å spira. Det er berre å tømma vatn på tørkepapir og strø frøa oppå, og etter 10 dagar er det mogleg å hausta karsen. Kan sjølvsagt bruka potte og mold også, men eg tykte prosjekt vått tørkepapir verka mykje artigare.

Slik ser altså karse ut ferdig utvaksen.

Her har eg sådd frøa, dvs. strødd dei utover det våte tørkepapiret.

Dag 1: Eg må vatna masse. Frøa ser litt oppsvulma ut.

Dag 2: I løpet av natta har det skjedd ting! Frøa har fått nokre merkelege kvite utvekstar. Og det luktar gras og rote papir.

Dag 4 (i dag): Sjekk da! Det har blitt grønt!

I helga skal vi til Jostedalen, så eg lurar på om vi må ta med karsen i bilen. Frøa treng jo vatning kvar dag. Og det er eit litt for stort ansvar til at eg tør å gje det vekk til naboane. Oppfølging kjem!

Katten spør, og vi svarar

– Søren, altså, denne Billy-hylla er alt for lita. Eg treng ei hylle til! Eg er trass alt ein ekte innekatt. Det er vel ikkje mogleg å skaffa meg ei hylle til for ein ultrabilleg penge?

– Æsj, her er jo berre Dalegarn, jo. Kan ikkje nokon skaffa meg litt ekte, godt gamaldags garn frå 70-talet?

– Å, alltid må du ta bilete av meg når eg står i ein eller annan teit posisjon og skjeglar med augo og ikkje har kjemma meg. Er det mogleg å gje meg ein retrospegel slik at eg kan fiksa meg litt først?

Jaja, katten, du stiller fleire retoriske spørsmål her no, men vi kan jo svara likevel: svaret på alle problema dine er dette! Og heldigvis for alle oss som ikkje er innekatt ...

... men som kan springa ute i det fri, er det null problem å koma seg til Sømmelig. Nordahl Brunsgt. 13. Rett ved busstoppen til buss 37, som altså heiter Nordahl Brunsgt. No er det siste sjanse!

PS: Ja, mamma, eg veit at katten sit på kjøkkenbordet. Men han har sitjeunderlag i det minste. Dessutan har innekattar tørre og reine potar.

12. april 2009

Før i tida

Før i tida hadde folk tid til å sitja ein heil søndag i solveggen saman med gode vener, over piknik-korger og kaffikoppar. Damene gjekk i kvardagslege kjolar, mannfolka hadde skjorter og ungane leikte seg med det som var å finna rundt dei. Kvifor er det ikkje slik lenger? (Ja, eg etterlyser Kvardagskjolen!)

Til inspirasjon: bilete som pappa knipsa av naboane (tantene, onklane og søskenbarna mine) utanfor huset heime ein gong på 60-talet.

Og med det skal eg halda fram søndagsarbeidet framfor data'n med utsikt til verandaen som har vore mest brukt til klestørk. Dei førre eigarane sa at dei hadde hatt eit festleg lag med 17 menneske samla der ute på ein gong. Hm. Eg trur rett og slett vi må byrja med å kjøpa oss fleire klappstolar!

11. april 2009

Strikkakjole


Sjekk så fiiiiin! Kjolen er strikka i det islandske garnet Lett lopi, og både garnet og oppskrifta kan kjøpast frå denne fine nettstaden. Bestillinga ligg inne, og eg er superspent på å få garnet i posten!

10. april 2009

Frå mørkeloftet #4

Hahaha, dette er festleg. Her om dagen posta eg dette innlegget. Og kva skreiv Eggen i minneboka for russen i 1974? Var det ein løynd fotballbodskap? Oh, yes:

Fleire visdomsord frå minnebøkene på Follo (= Orkdal landsgymnas) kjem!

7. april 2009

Biletkavalkade: San Francisco

I dag er det akkurat to år sidan bror min og dama gifta seg i San Francisco. Til lukke, de to! Eg har berre så utruleg lyst tilbake til den byen! Heldigvis drikk eg Peet´s Coffee nett no, den mest fantastiske kaffien eg har drukke nokon gong, og som eg smakte for første gong der borte. Byen kjennest litt nærare då. Ja, San Francisco opna opp for nye smakar, nye syn og nye oppdagingar på alle måtar. Her kjem ein liten biletkavade.













Det blei litt mange bilete, eg greidde ikkje å stoppa. Akk, nostalgi!

6. april 2009

Nei, takk #1

Det er ikkje noko som gjer meg så eitrande forbanna og frustrert og lei meg som eit visst politisk parti. Eg finn nesten ikkje ord for kor makteslaus eg kjenner meg ved tanken på at folk kan finna på å røysta på dette partiet. Nei, eg finn ikkje ord. Så eg let dei satiriske teikningane til Steffen Kverneland få illustrera raseriet mitt. Og eg vonar vi har kome til den siste ruta no.

5. april 2009

Lindy hop

Her om dagen las eg om lindy hop og tenkte at det liknar jo litt på swing, gjer det ikkje? I såfall kunne det jo vera noko for for meg og Knut, som allereie er veldig glade i å dansa swing? Eg surfa litt rundt på Youtube og fann dette klippet. Hm. Her er det berre å leggja seg i hardtrening.

4. april 2009

Frå mørkeloftet #3

Dette blir det EINASTE fotballrelaterte innlegget eg kjem til å posta (som ikkje er hatsk og onskapsfullt). Biletet nedanfor er frå Minnebok for russen ved Orkdal gymnas 1975. Allereie den gongen var han hekta på mål. Men eg tykkjer han får det fram på ein diskré måte. Og han hadde kule briller. Han er tilgjeven.

3. april 2009

80-talet er tilbake

Juli 1985 stod det bakpå dette biletet. Då eg var innom Cubus her om dagen, såg eg ein identisk topp. Eg måtte le. Eg trur eg må på mørkeloftet ein tur. Eller kanskje ikkje.

Det var fleire 80-talsfakter å spora også:
Fargane minner meg om markeringstusjane eg samla på.

Denne ville eg nok ha sikla etter. Den gongen.