30. juli 2013

Kjøben, altså

København! Det var tre år sidan sist, alt for lenge sidan. Eg diggar den byen! Eg diggar ikkje turistoverfylte Strøget, der er vi sjeldan. Men København er meir enn Strøget. Mykje meir!

Denne gongen leigde vi ei privat leilegheit som vi fekk tak i på ferieboligkbh.dk. Kan tilrå det, altså! Særleg når ein har barn er det fint å ha fleire rom å boltra seg på. Vi kjøpte mat hjå den lokale kjøbmanden, og sjølv om det var ein liten, lokal kiosk, hadde dei veldig bra utval av mat: gode ostar, godt kjøtpålegg, gode juicar. Og utvalet av økologisk mat er enormt bra, same kvar ein handlar.

Noko av det beste med København er at folk syklar! Folk syklar over alt. Fordi det er sykkelvegar over alt. Denne gongen leigde vi syklar i to dagar. Den eine sykkelen hadde ein kasse frampå, som Tryggve sat (og sov i).




I løpet av dei to dagane sykla vi mange kilometer. Det som er så diggbart med Kjøben, er at det ligg små, fine butikkar i kvar ei minste gate. Så då vi sykla rundt, stoppa vi opp der vi såg noko tiltrekkande. Eg likar særleg dei små bruktbutikkane som slett ikkje er overprisa (dersom ein samanliknar med norske forhold). Vi gjorde mange kupp på bollar og fat og barnebøker.
 


Det var svært heitt dei fem dagane vi var i Kjøben, og den eine dagen tok vi toget til Amager strand, til liks med ein million andre. Vi hadde aldri bada i Kjøben før, men det må vi gjera igjen dersom det blir like heitt neste gong vi reiser dit. Det var ein fin bris i lufta, så det var slett ikkje kokheitt å vera på stranda. Temperaturen i sjøen var perfekt, og stranda var mjuk å gå på.

Eg har skrive om København på bloggen før, og eg brukte faktisk nokre av tipsa på bloggen. Ein gløymer fort, så det var fint å finna dei att.

7. juli 2013

7. juli 2010






Datoen som har blitt minst like viktig som min eigen bursdag. Tryggve er 3 år i dag! Det raraste er at her går han rundt på sitt mest sjølvsagte vis og erobrar verda dag etter dag, seier snåle, artige, fine ting og finn på alle slags merkelege sprell – som å gå ut i garasjen midt i bursdagsfeiringa si, dra med seg stigen og forklara på sitt mest mest overtydande vis at han skal på taket og fanga fluer. Han oppfører seg som om han alltid har vore her. Og han er så sprell levande at eg har vanskar med å sjå føre meg at han har vore ikkje-eksistens. Hurra for finingen min!

5. juli 2013

3 år og 29 kg sidan og uvitande



Om to dagar blir han 3 år. Eg sit og planlegg kakebakst og ser på gamle bilete av dei siste dagane før han blei fødd. Det er ikkje til å tru kor mykje det er mogleg å læra på 3 år. Barn er geni. Eg har lært ein del eg òg, då. For ein veit ingenting om korleis det er å få barn før ungen er komen til verda. Ein kan lesa og læra, og eg har nok aldri googla så mykje som i svangerskapet. Men likevel er det eit sjokk og ei enorm omveltning når ungen er komen ut. Og ein blir aldri utlært. For etter kvart som ungen veks til, byrjar gå og snakka og interessera seg meir og meir for omverda, kjem ein stadig opp i nye situasjonar som krev noko nytt av ein som forelder.

Det finst ikkje fasitsvar på kva ein som forelder skal seia og gjera i ulike situasjonar ein kjem opp i med ungen. Men det er likevel nyttig å få råd om korleis ein kan handtera ulike situasjonar basert på generell kunnskap om kva ungar treng. Ungar er ulike, men dei er likevel like på mange område. Og alle foreldre ønskjer jo at det skal gå godt med ungane deira. At dei skal bli kloke og gode og trygge. Og det blir dei ikkje av seg sjølve.

Eg kjøpte nyleg ei utruleg bra bok: Selvfølelsen hos barn og unge, av Guro Øiestad. Og eg kan ikkje få sagt sterkt nok kor mykje eg har lært av denne boka. Eg kjenner meg att i så mange situasjonar. Og eg har fått mange a-ha-opplevingar. Eg ser at eg ikkje er heilt på jordet som mor, og eg ser område der eg kan bli ei mor som er endå meir til stades for poden. Denne boka vil eg utropa som pensum for alle foreldre og for alle som arbeider med barn.

2. juli 2013

Sommaren eg byrja springa

Ja, det skal bli sommaren 2013, det! Eg har aldri likt å springa for å trena. Eg likar aerobic/saltimar der ein instruktør fortel meg kva eg skal gjera. Og så gjer eg det. Til bra musikk og saman med mange andre. Eg må vel kunne seia at eg elskar å trena slik. Eg saknar veldig treningssenteret mitt i Oslo, Krønsj. Det gav meg alt eg trengte, både av uthaldstrening og styrketrening. Og treningsglede! Her på bygda er det ikkje så mange saltimar på treningssenteret for tida. Eg måtte ty til ein annan måte å trena på.

Så! Lukka var stor då eg oppdaga ein fantastisk app til mobilen: Get running. Gjennom appen skal eg greia å springa i 30 minutt i løpet av ni veker. Det verkar utopisk nett no. Eg byrja i går. Det verka ganske lett før eg tok fatt: Eg skulle springa i 1 minutt x 8, og gå i 1.5 minutt mellom kvar gong eg sprang. Det var faktisk ganske tungt! På øyret er det ei behageleg kvinnerøyst som fortel meg når eg skal gå, og når eg skal springa. Ho fortel meg når det er 10 sekund att før eg kan gå, og ho er tolmodig og forståingsfull. Og det treng eg. For eg likar ikkje å springa. Men det gjekk overraskande bra likevel. Eg er optimist!

Det som er bra, er at det er utruleg fint terreng å springa i rett utanfor huset. Eg joggar langsmed bringebær- og jordbæråkrar og sauer. Og det som også er bra, er at for å springa treng eg berre nokre lette treningsklede og eit par gode joggesko. Så eg kan springa heile sommaren gjennom utan å planleggja så mykje. Instruktøren er med, til og med! Kanskje eg kjem til å lika å springa til slutt. Det er vel også eit slags mål oppi dette – at det ikkje blir med dei ni vekene.

1. juli 2013

Her er eg!


Eg vart lei av å blogga, så no har eg vore vekke sidan mars. Men typisk nok, når sommaren er rett rundt hjørnet og ingen er på nett, då får eg bloggelyst. Så her er eg! Veit ikkje om det er så mange som heng med på bloggen lenger, men. Er det det? Eg har fått skikkeleg dilla på Instagram, og der er eg å finna som ragnhildas, for den som ønskjer å få daglege oppdateringar av livet i vest.

Det er (endeleg) sommar i Sogn. Den første sommaren sidan vi flytta frå hovudstaden. Då snøen omsider forsvann, oppdaga vi at vi budde i ein jungel. Vi har klipt, sådd, luka, vatna ... Og det er utruleg fint at poden berre kan springa rett ut, og så er han i hagen. Det er litt anna å bu i tredje etasje i ei blokk ... Så vi er framleis glade for at vi har flytta på bygda.

Følg med!