20. juli 2008

København

Eg elskar København! Og kvifor gjer eg det? Lista er lang, og eg veit nesten ikkje kvar eg skal byrja, men her kjem nokre viktige punkt:

1. Sykkelkulturen
Som nordmann, og særleg som Oslo-innbyggjar, er det utruleg uvant og fantastisk å sjå korleis sykkelen er ein naturleg del av biltrafikken. Syklistane har sitt eige, breie sykkelfelt til høgre for bilane, og dei respekterer trafikklysa på lik line med bilane (og bilistane respekterer syklistane). ALLE syklar, ser det ut til: dresskledde forretningsmenn (som snakkar i mobil medan dei syklar), småbarnsforeldre (med ein diger kasse med to hjul frampå sykkelen, med ungane oppi), ungar, jålete damer med høge hælar og miniskjørt, gamle damer, gamle menn, fjortisar ... Og dei syklar i all slags vêr. Då det regna som verst, såg dei ikkje ut til å bry seg noko særleg.

Danskane er utruleg elegante når dei syklar! Dei syklar på svarte, tunge syklar utan særleg mange gir, og det er ikkje viktigast å koma fyrst (slik som eg har inntrykk av er trenden i Oslo). Dei sit rett opp og ned og syklar i behageleg tempo. Dei har gjerne korg på sykkelen både framme og bak (gjeld både menn og kvinner). Praktisk!

Beste oppleving
: Å leiga bysykkel og testa ut korleis det var å vera syklist (men det var ikkje enkelt å finna bysykkel-stativa! Der er Oslo betre). Det kosta 20 dkr, og då kunne ein ha sykkelen så lenge ein ville, men det var ikkje lås på han, noko som var ei ulempe dersom ein måtte setja sykkelen frå seg i ei stor folkemengde.

2. KaféaneEg har enno ikkje blitt nemneverdig skuffa over verken kaffi eller lunsjmåltid (eller middagar) i København. Alltid tipp-topp kaffi og salatar, som lunsjen min ofte består av (det er lurt å halda seg unna den verste turistgryta i Nyhavn og Strøget - der får ein gjerne overprisa salatblad). Dei aller fleste kaféane tilbyr økologisk mat, og det likar eg.

Favorittkaféar: kaffikjeda Baresso Coffee (på grunn av kaffien), Café Norden (på grunn av salatane, ikkje kaffien) og ein kafé i Blågårdsgade på Nørrebro, som eg ikkje hugsar namnet på, og som minte veldig om kaféane ein finn i Haight Street i San Francisco (hippie-stroket). Eit lite glimt av den supre salaten, smoothien og inventaret på kaféen:
3. Ravnsborggade!
Denne gata har til og med ein eigen nettstad, med oversikt over alt gata har å by på. Det som er bra med denne gata, er at ho ligg litt utanfor sentrum, der alle turistane er. Eg hatar å gå i enorme folkemassar, og det slepp ein her. Her ligg det enormt mange bruktbutikkar og antikvariat, og prisane varierer veldig. Vi rakk ikkje å få oversyn over alt, men eg fann i alle fall ein klesbutikk eg fall pladask for: Riktigt. Ho som driv butikken, syr kleda sjølv. Og her stakk eg av med ein fantastisk, fin retro-inspirert kjole (med 70 % avslag!). Nemleg denne:
Han er laga i eit syntetisk materiale, som ikkje er ekkelt å ha på huda. Det er trykk-knappar framme, så han er enkel å flenga av seg. Mønsteret ser litt sånn bestemor-aktig ut, men detaljane med puff-ermar og innsving gjer at eg ikkje ser ut som ei bestemor når eg har han på. Han er fin å ha utanpå dei baggy linbrøkene mine. Eg likar detaljane, og drøymer om å sy ein liknande kjole sjølv. (På biletet ser ein forresten gåva eg fekk frå Samlaget då eg slutta der - ein kjolebyste! Herleg!) Eit nærbilete av kjolen:
4. Louisiana
Sjølv om det ikkje ligg i København, må eg tipsa om museet Louisina. Det er berre å ta toget nordover til Humlebæk stasjon (tek ca 45 min) og gå ca 500 m, så er ein der. Museet ligg ute ved havet, med store, grøne plener på alle kantar. Det er så vakkert der! I tillegg til faste utstillingar, har dei ulike utstillingar utover i året, så det er alltid noko nytt å sjå. Alltid ein god grunn til å reisa tilbake, med andre ord.

Elles må det nemnast at det er herleg å reisa til ein by der ein kan snakka norsk, og bli forstått. Dette er særleg kjærkome for meg som heile tida må be om glutenfri mat, og då er avhengig av å bli forstått 100 %. Eg likar danskar. I alle fall dei vi har møtt. Dei smiler og gjev i alle fall inntrykk av at dei likar ein.

Heilt til slutt: det er veldig lurt å reisa til København i juli. Det er heilt vilt med sal på ALT! Alt frå 30-70 % avslag. Men ikkje reis når det er helg, for det gjer nemleg alle andre. Reis midt i veka. Vi var der frå tysdag til fredag, og det var perfekt. Då vi reiste heim, kom alle nordmennene veltande inn. Lurt å unngå det.

14. juli 2008

Neglelakk i solnedgang


Hahaha, eg har neglelakk så lenge eg lever. Takka vera eBay (fekk dei til ein bra pris) og Zoya - eit merke som reklamerer med at neglelakken ikkje inneheld helseskadlege ting og tang, og som dimed appellerer til meg, som for tida testar ut alt som er organisk, økologisk og miljøvenleg. I morgon reiser eg til København, og då skal eg testa ut bydelen Nørrebro, eit mekka for organiske produkt av alle slag. (Men eg skal IKKJE kjøpa neglelakk.)

11. juli 2008

Er det mogleg å bli så søte?

Eg skreiv her tidlegare om ikånnjet som bur i fulgeburet i hagen til mamma og pappa. Overraskinga var stor då desse to ekornungane plutseleg stakk hovudet ut av buret. Og ikkje nok med det, dei hadde to sysken til, som òg var inni buret! I går våga dei seg ut av buret for fyrste gong, ein etter ein. Dei var skikkeleg klumsete og søte på ein gong då dei prøvde å koma seg ut. Då alle var ute, var det hektisk aktivitet i treet utover heile kvelden. Dei pila opp og ned trestammen, hang opp-ned frå tynne greiner, ramla i bakken, gumla litt blad, beit kvarandre i rompa ... eit ufatteleg artig syn! Eg tok ca 300 bilete, men nett no får eg ikkje til å lasta opp meir enn dette eine fotoet. (Blogger er treigt, av og til. Grrr!)

7. juli 2008

Smykkelaging

Makramé har visst vore hot ei stund, og eg slengjer meg på bølgja. Her har eg brukt den såkalla spiralknuten, men eg forstod etter at eg hadde laga ferdig smykket at eg fletta litt for hardt. Ein skal berre såvidt dra trådane saman. Viss ikkje blir det ingen spiraleffekt. Noko anna er at eg har kjøpt ein hyssingtype som klør! Bør altså ikkje ha ha smykket rett på huda, verken i halsen eller nedover bringa. Men eg tykte det var moro å fletta, så dette blir ein fin regnvêrsaktivitet utover sommaren.

5. juli 2008

Mjosundet sett frå lufta

Her kjem ein liten biletreportasje av Mjosundet sett frå lufta (klikk på bileta for å få dei større). I dag har vi vore på Ertvågsfjellet, som ligg 652 m.o.h. Det er herleg med å vera i Mjosundet: det er fantastisk turterreng her! Det er både flatt og bratt - altså noko for ein kvar smak. Og ein har som regel fjellet for seg sjølv når ein går på tur - i motsetnad til kva ein opplever mange andre stader. I dag møtte vi berre eit rådyr, ein orm og veldig mange froskar.
Her ser vi Mjosundet heilt tydeleg - det er altså det smale sundet mellom landet eg står på (Ertvågsøya) og Rottøya. Mjo tyder smal, så det er eit høveleg namn. Tettstaden nede til høgre er Mjosundet sentrum, der vi m.a har to båtbyggeri, butikk, pub, frisørsalong og marina. Og byggefelt. Tettstaden oppe til høgre er Aure sentrum - kommunesenteret.
Her ser vi sentrum endå tydelegare. Båtane heilt til høgre ligg nede ved marinaen. Om somrane brukar det å koma mange båtar dit. Elles ser vi tydeleg kranene frå dei to båtbyggeria. Og vi kan sjå huset til mamma og pappa, men det er litt vanskeleg å peika på det. Det er jo så mange hus der. Det er gult, i alle fall.
Vi gjekk ned på framsida av fjellet (det var ganske bratt), nedover det området som blir kalla "dokkhauet", altså dokkehovudet. Det heiter det fordi når snøen byrjar smelta om våren, lagar det seg ein snøformasjon i fjellet som ser ut som eit (dokke)hovud. Det blir sagt at når halsen på dokkehovudet har smelta vekk, kan ein bada i sjøen (ikkje til å stola på).
Rett nedanfor dokkhauet har Gulmåssåbekkjen (eller Gulmosebekken, for dei tungnæme) utspringet sitt. Når vi ser på biletet, skjønar vi kvifor bekken heiter nett det. Det er ein heilt fantastisk bekk, fordi han kjem rett ut frå eit hôl i fjellet, og er drikkevatn til 20 husstandar, butikken, puben, frisørsalongen og Mjosundet Båtbyggeri. Det er Gulmåssåbekklaget som driv vassverket, og der blir det lagt ned mange dugnadstimar. (Resten av innbyggjarane i Mjosundet får drikkevatnet sitt frå Steingeita, til liks med alle andre i Aure. Gulmåssåbekkjen er altså ein ganske eksklusiv bekk, slik sett.)
Eg avsluttar biletreportasjen med det som er prikken over i-en etter å ha vore på fjelltur: å hoppa i havet og symja varmen i seg, slik som vi ser pappa gjera her. (Biletet er frå i går, for det var litt for kaldt i lufta til å hoppa i havet i dag.) Det som er heilt, heilt fantastisk med å symja i Mjosundet er at det berre er å gå rett ned til sjøkanten og symja i veg, utan å måtte stå i kø for å koma seg ombord i ein båt full av folk, som skyssar ein over til badeplassen. Jepp, eg tenkjer på kor upraktisk det er å koma seg ut til øyane i Oslofjorden. Badinga der greier ikkje å nå opp mot bading i Mjosundet når det gjeld luksus og velvære.

Og så er det berre å trippa berrføtt heim og ta seg ein lang dusj (i Gulmåssbekkvatn), lasta inn fotoa frå den lange turen og la de der ute få nokre små glimt av fagre Mjosundet.

3. juli 2008

Fantastisk stoff!

Sjå kva eg fann i mamma si gamle skattkiste! Stoffa har lege der i årevis, utan at eg har visst om dei! Men eg har jo ikkje vore så interessert i tøystoff før eg byrja å sy på ordentleg, heller, då.

Ein kjapp gjennomgang (frå toppen):
Stoff nr 1: ein stoffrest som mamma har kjøpt, skulle visstnok bli nattdrakt til meg (då eg var lita, altså). Fantastisk mjukt flanell-stoff!
Stoff nr 2: eit stoff som vart funne etter farmora mi, som eg aldri har møtt (difor veldig fint å finna det!).
Stoff nr 3: ukjend, liten stoffrest, viskose-aktig materiale
Stoff nr 4: eit stoff i sterk bomull, som mamma kjøpte då eg var veldig lita, og som ho eigentleg skulle sy ein kjole av (til meg) med. Dette kan bli eit skjørt!
Stoff nr 5: stoffrest som mamma har kjøpt, i tjukk bomull. Kan bli ein ein crazy kjole!
Stoff nr 6: stoffrest som mamma har kjøpt, i tjukk bomull. Kan bli ein crazy kjole!

Eg merkte meg at mange av stoffa ikkje har blitt brukte til det dei var meint å bli brukte til ... åra har gått sidan dei vart kjøpte inn! Men eg skal, skal, skal sy fine ting med alle stoffa!

2. juli 2008

Fram frå smykkeskrinet

Eg er så nøgd! Eg drog fram det gamle smykkeskrinet mitt, og der fann eg mykje artig! M.a desse plastikk-øyredobbane, som eg fekk (truleg av ei tante) på 80-talet ein gong - etter at dei ikkje var populære lenger, og før eg fekk hol i øyro ... noko som har ført til at eg aldri har gått med dei. Men NO! Desse er midt i blinken! Plastikk-øyredobbane som ein får kjøpt på Cubus o.l. no til dags, blir øydelagde på ein blunk, fordi festet bak er limt på. På dei autentiske 80-tals-øyredobbane er alt plastikk, og festet er ein del av øyredobben, altså ikkje limt på. Dei er laga for å halda, verkar det som. Kvalitetsplastikk!

1. juli 2008

Det bur eit ekorn i hagen

Det kjem til å bli mykje blogging frå og om Mjosundet no framover. Fordi eg er her, og det er nærliggjande å blogga om dei nære ting. Men eg ser det i eit større perspektiv òg. Når eg googlar "Mjosundet", får eg opp 15.400 treff (ganske bra, eigentleg), og eg ser at mange av treffa har med båtbyggeri, vêrvarsel og og Mjosundet Feriesenter å gjera. Eg vil bidra med å auka treffprosenten for litt andre emne. Og det er inga lita oppgåve! Her er det berre å setja i gong. 

Det fyrste eg vil fortelja om er ekornet i hagen til mamma og pappa. I følgje mamma og pappa har det ikkje noko namn. Dei kallar det "ikånnjet", som det heiter her. Kanskje ikkje så sensasjonelt. Men det som er uvanleg, er at det bur eit ekorn så nære innpå folk! Det finst nok ikkje i Oslo. Ha! Og det raraste er at det bur på taket av fugleburet i hagen. Men ikkje nok med det, av og til kan ein sjå den raude svansen som stikk ut av fugleburet òg! Det bur altså inni huset! Ekornet har ikkje dei typiske, stressa ekornfaktene, som dei urbane ekorna har. I dag sat det på toppen av huset sitt og pussa nasen ROLEG! Det var ikkje noko problem å ta bilete utan stativ. Eg lurte ei stund på om det var skadd, for det var så stille. Men nei, dette er nok berre eit harmonisk, søtt, lite ikånnj! Sukk! Slik er det altså å vera ekorn i Mjosundet. 

Unntaket


Den einaste gongen eg kjøper meg kaffi som eg eigentleg veit ikkje er supergod, er på hurtigbåten frå Trondheim på veg heim på ferie, som eg nyt medan eg les ei av mine mange Samlagsbøker. Det er fyrst då det ER ferie.