31. mars 2012

Sommar med og utan lyd




Eg likar begge delar. Og endå betre blir det når den kalde og rufsete påska er over.

18. mars 2012

Barnsleg, eg veit

Eg har lenge vore på jakt etter ny liftgardin til kjøkkenet. Ho vi hadde inntil no, var fullstendig tilgrisa av innstorkna graut frå den tida poden byrja å eta fast føde + interessera seg for omgjevnadene. Han åt visst opp ei snor eller to også.

Uansett. Eg er glad i fargar. Og det fører til at eg ofte fell for barnslege ting. I går fann eg endeleg den perfekte liftgardina til kjøkkenet frå barnekolleksjonen til Åhlens: 
Det gjer ikkje noko at det er grått og trist ute når ein kan sjå på ei så fin gardin! Gardina heiter Blåbærcity, er laga i økobomull, og designet har blitt til etter inspirsasjon av boka Puttes eventyr i Blåbærskogen av Elsa Beskow. Eg har ikkje noko forhold til boka, men eg har eit forhold til søte ekorn, blåbær og bringebær. Då eg spikra opp gardina, sat poden og såg på barne-tv, og eg visste at han ville koma springande då eg byrja hamra. Han hyla då han ikkje fekk hammaren. Dunk, dunk! gjekk han og sa resten av kvelden. Og eg innsåg at interessefeltet hans har endra seg frå den gongen han sat og togg i gardinsnora. Det lovar godt for levetida til denne gardina. 

17. mars 2012

Stjerner i sikte

Å, eg skulle så gjerne ha site oftare ved symaskina! Men det er ikkje så lett. Når eg skal sy, må eg ha overskot, det må helst vera lyst, og eg bør helst vera heime åleine. Ingen enkel kombinasjon. På den alltid rotete pulten min kan vi no skimta dette:

Stjerner! Kvar kveld siklar eg etter å sy i det fine stoffet, men det har berre blitt liggjande. No har eg endeleg klipt ut dei delane eg treng, men det er det eplegrøne stoffet som ligger under stjernene, som er hovudstoffet i det eg skal laga. Og det har eg byrja sy i. Så no kryssar eg fingrane for både overskot, lysare tider og åleinetid slik at eg kan få på plass stjernene og deretter starta på det neste syprosjektet, som er noko til meg sjølv!

11. mars 2012

Gædd!

Den vesle finingen har fått seg ei favorittleike. Det er ei gravemaskin, men han kallar doningen for GÆDD, av ein eller annan merkeleg grunn. Gædden må alltid vera med ut, for det er mykje å rydda opp i der ute: snø, grus, barnåler, sigarettsneipar, lauv, kattebæsj og anna rusk og rask må vekk.
Slik kan han halda på leeenge, heilt i si eiga verd.

Gædden må vera med i badebaljen, for der er det mykje vatn som må vekk. Og når det er sengetid, må gædden også sova, sjølvagt – i armane til eigaren. Dersom gædden ikkje er å sjå, går han rundt og seier gædd? og ser seg omkring. Det er ingen andre leiker som har vore så populære som denne. Når han ser verkelege gravemaskiner og slektningar av gravemaskina ute, ropar han med stor iver GÆDD! og peikar.


Han har ei bok om bilar, båtar og fly, og der er det EITT oppslag han alltid vil sjå på (boka opnar seg på dette oppslaget av seg sjølv no), nemleg oppslaget med gæddar. Gædd! seier han då og peikar. Og lagar gæddelydar. Det som var dokka mi ein gong i tida, blir fullstendig oversedd, som vi ser ...

9. mars 2012

Lesetips for søte, små: vrimlebøker!

Skal du kjøpa éi bok til ungen din, kjøp ei av (eller alle!) vrimlebøkene frå Samlaget! Dette er bøker som varer i årevis fordi barnet veks med bøkene. Eit genialt konsept! Det er éi bok for kvar årstid (i tillegg til nattvrimlebok), og det er det same miljøet som går att på kvart oppslag i alle bøkene, så ein kan sjå korleis årstidene skiftar. I tillegg kan ein følgja med på andre endringar, f.eks. at hus blir bygde. Og når ungen blir endå større, kan han/ho følgja med på folk som går att frå oppslag til oppslag. Ein som sit i bussen på eitt oppslag, er komen til torget på neste oppslag. 

Poden blei interessert i desse bøkene då han berre var nokre få månader gammal. Han såg og såg og såg. Det heiter jo vrimlebøker fordi det skjer mykje på kvart oppslag, så det er mykje å følgja med på. 


No når han har blitt 1 år og 8 md., ser han i bøkene på ein ny måte. No byrjar han å peika på kjende gjenstandar og seia kva dei heiter (han er særleg interessert i gravemaskiner og andre store køyretøy ...). Og så snakkar vi om kva som skjer, vi peikar og fortel. Det er ingen andre bøker han har synt så stor interesse for. Teikningane er uttrykksfulle og fine, og det er kult at ein kan laga mange små historier om det som skjer. Bøkene er superfine rett før leggetid, for han roar seg veldig av å sjå i dei. Så det har blitt ein del av leggeritualet å bla i éi av vrimlebøkene. For tida les vi i vintervrimleboka, men eg veldig klar for å gå over til vårvrimleboka ...

Eg vil sjølvsagt tilrå alle med søte, små å melda dei inn i verdas finaste bokklubb, Blåmann barnebokklubb. Her kan du kjøpa alle vrimlebøkene (bortsett frå nattvrimleboka, ser det ut som) og fullt av andre superfine barnebøker (ser det har kome ei døgnvrimlebok frå hamna også!).

3. mars 2012

Endeleg (nesten) ferdig med ekorngenser nr. 2

I haust la eg ut bilete av denne ekorngenseren + bilete av endå ein ekorngenser som eg var i gang med. Og endeleg er eg ferdig med ekorngenser nr. 2! Poden syner fram resultatet: 




Det tok tid å bli ferdig! Eg er ikkje så glad i å strikka med éin farge. Eg likar mønster! Men då eg kom opp til brystpartiet, gjekk det unna.

Eg likte ikkje fargane (eller mangel på fargar) i oppskrifta, så eg henta fargeinspirasjon frå ei på Ravelry som hadde strikka genseren i andre fargar. Grønfargen er superfin! (Ravelry er forresten heilt fantastisk når ein vil sjå korleis andre over heile verda (!) har løyst ei strikkeoppskrift. Alle strikkeglade bør registrera seg der!)






Dette er bak, og her ser vi det eg ikkje er heilt ferdig med. Eigentleg skulle det vera ei knapperad frå halsopninga og eit godt stykke nedover, men eg orka ikkje å strikka att og fram eit så langt stykke, så eg laga berre opning i halsen. Eg har tenkt å sy fast 2 knappar og hekla hekter til å kneppa igjen med i staden for knappehôl.

Eg strikka i storleik 12–18 md., men eg strikkar så utruleg laust, så genseren passar fint til finingen akkurat no (som er 20 md.). Meeen i og med at fuglane har byrja kvitra, trur eg diverre ikkje at genseren kjem til å bli så mykje brukt framover. Og neste sesong er genseren garantert for liten ... Så genseren skal bli ei gåve til ein annan liten fining, tenkte eg.

2. mars 2012

Eit sikkert vårteikn

Når syklane kjem ut, er det vår! Juhu! Vi er så heldige at vi har arva ein finfin trehjulssykkel. Dvs. poden er heldig. Her om dagen fekk han prøva sykkelen for første gong, og det var suksess. Han er heilt vill etter sykkelen! (... sjølv om han ikkje når heilt ned til trødene enno.)

I dag tiiidleg, medan han enno berre hadde bleia på, ville han ut og sykla. Han skubba stolen sin bort til verandadøra, klatra opp og ropte denn! denn! medan han peika iherdig mot sykkelen som stod parkert der ute. Han fekk etter kvart på seg klede, åt frukost og var ute og (liksom-)sykla på grusen før kl. 9. Eg ser føre meg korleis det blir den dagen han når ned til trødene ...