31. mai 2009

Eit impulskupp!

I går hadde eg bror på besøk, og etter at vi hadde vore innom fotobutikken Fotovideo og konstatert at "Norges største fotobutikk" definitivt ikkje er den beste fotobutikken, gjekk vi spontant innom UFF i Storgata for å sjå på bruktklede. Og DER fann eg ein fantastisk kjole til 200 kr! (Konsulenten min, Herr Bror, tykte han var kjempestygg ... dårleg smak) Sjekk da:

Til forskjell frå mange gamle bruktkjolar er han ikkje laga av tjukt, syntetisk materiale. Han er laga i eit superlett og fluffy tøystoff, perfekt til varme sommardagar! Og fargane er jo dritfine! Anar ikkje kva tøystoff det er, for han inneheld ingen vaskelapp. Dette er nemleg ein heimesydd kjole! Det er lett å sjå på saumane også. Endå ein grunn til at eg fall pladask. Kven har sydd denne kjolen? Kven har brukt han? Eg trur syerska har sydd ein del, for det er nøyaktige saumar. Og kjolen ser velbrukt ut, utan at han er utsliten.

Det er knyting bak:
Eg må sy han litt inn i sidene, og så må eg leggja han opp 5 cm, men det er no det minste problemet. Han er perfekt!

Ein detalj frå bringa:


Eg har eigentleg aldri vore særleg hypp på å sjå ut som ein sommarfugl, men desse ermane godtok eg, trass i at det er hakket før ein lettar i kjolen. Eg likte veldig godt det høge, stramme livet i kombinasjon med ermane. Herleg snitt, rett og slett! Og tanken på at ein SÅ fin heimesydd kjole lever vidare, er sjølvsagt den aller beste!

28. mai 2009

Syng med!



The Specials: The rat race
Denne låta har det meste: kul rytme, fin melodi, herleg trommespeling, gode vokalar, ein glimrande video (eg diggar særleg uttrykket til han mørke trommisen i starten) ... og ikkje minst: ein meiningsfull tekst. Eg dedikerer songen til alle som gjer det godt på bullshit bingo (jf. tredje strofa). Syng!

You're working at your leisure to learn the things you'll need
The promises you make tomorrow will carry no guarantee
I've seen your qualifications, you've got a Ph.D.
I've got one art O level, it did nothing for me

Working for the rat race
You know you're wasting your time
Working for the rat race
You're no friend of mine

You plan your conversation to impress the college bar
Just talking about your Mother and Daddy's Jaguar
Wear your political T-shirt and sacred college scarf
Discussing the worlds situation but just for a laugh

You'll be working for the rat race
You know you're wasting your time
Working for the rat race
You're no friend of mine

Working for the rat race
You know you're wasting your time
Working for the rat race
You're no friend of mine

Just working at your leisure to learn the things you don't need
The promises you make tomorrow will carry no guarantee
I've seen your qualifications, you've got a Ph.D.
I've got one art O level, it did nothing for me

Working for the rat race
You know you're wasting your time
You're working for the rat race
You're no friend of mine

26. mai 2009

Vekas kulturminne

Dette biletet blei teke 22. mai 1988, altså ganske nøyaktig for 21 år sidan. Det er ikkje til å tru! Eg var 12.5 år og gjekk i favorittantrekket mitt, som eg gjekk i heile tida ein periode. Lat oss analysera det vi ser på dette kulturminnesmerket:
  • Den stripete genseren var Levi´s (som eg enno ikkje hadde fått eit forhold til), og eg arva han frå eit søskenbarn.
  • Den gulblomstrete tightsen var eg berre SÅ glad i. Kjøpte han på ein ferietur, trur eg. Han blei heilt tynnliten til slutt og blei stadig mindre gul.
  • Den merkelege vesten fann eg i klesskåpet til mamma, og eg trur eigentleg han var lysegrøn, men at han var heilt utvaska.
  • Eg har kvite seglarsko, som eg måla over flekkvis med rosa måling i same slengen som vi måla eit klasserom rosa (barnearbeid).
  • Håret: ja, det var raudt, og eg har fletta det i våt tilstand og sove med flettene, slik at eg fekk gratis permanent. (Og eg dreiv og sparte til langt hår – eit uendeleg prosjekt.)
  • Sigmund har tradisjonell gute-outfit frå 80-talet: sporty jakke, joggebukse og joggesko. Han sydde joggebuksa i forminga (ja, namnet hans står på låret), og han står tradisjonen tru med capsen i handa fordi pappa bad han om å ta han vekk under bilettakinga for å hindra skugge i andletet.
  • Biletet er teke på den vesle øya Kuli (trur eg) på nordmørskysten, med flate Smøla i bakgrunnen – enno fri for vindmøller, men ikkje fri for vind. (Eg veit ikkje om eg skal vera for eller mot vindmøller, det er eit heftig ordskifte som eg ikkje har teke stilling til enno.) Som vi ser, dreiv dei og bygde bruer den gongen, og eg trur det er frå brusambandet som knytte Edøya og Kuli til Smøla. (Brusambandet blei opna i 1989.)

23. mai 2009

Frå mørkeloftet #6

Russetida er vel over for dei fleste no, og skuleavslutningane er rett rundt hjørnet (dei sluttar så tidleg no til dags!) Då kan det høve med ei helsing til russen frå ei heilt anna tid, nemleg 1968. Det er vel ikkje så mange rektorar som skriv slik lenger. Eller som har det same skarpe blikket.

Frå minneboka til russen ved Orkdal landsgymnas (= Follorussen) 1968

21. mai 2009

Fine og miljøvennlege fargar

Nei, øko- og gjenbruks-varer er ikkje alltid gråe, beige, kvite, formlause og triste. Her er ein collage av diverse miljøvennlege produkt eg fann på nettet:
Den runde lampa nedst til venstre er berre genial. Ho er laga av ulike fargerike plastikk-ting (nokre vil kanskje kalla det søppel) som kunstnaren Stuart Haygarth har funne. Fantastisk bruk av gjenbruk! Her kan du lesa meir om lampa og kunstnaren. Og andre ting han lagar av det folk kastar.

15. mai 2009

Det neste strikkeprosjektet mitt

Tittel på oppskrifta: Pastellfarget DROPS genser i Toscana med 2 fletteløsninger og hette.

Fletteløysing 1:

Fletteløysing 2:
(Bileta er frå Drops garnstudio, og eg kan tilrå ein surferunde blant dei eldste strikkeoppskriftene)

Eg er mållaus!

11. mai 2009

90-talet

Det er på tide å ta føre seg 90-talet! Og kva er vel meir relevant då enn å sjå litt nærare på strikkemoten? Drops (Garnstudio) er ein fantastisk nettstad. Der ligg det samla gratis strikkeoppskrifter frå langt tilbake på 80-talet og fram til i dag. På 80-talet kom oppskriftene ut i hefte, og eg hugsar enno korleis eg bladde og bladde og drøymde om å eiga alle dei pastellfarga gensrane strikka i Muskat-garn (tynt bomullsgarn, omtrent det einaste eg hadde høyrt om). På nettstaden fann eg genseren eg byrja å strikka på i 1988–89 (og som eg aldri blei ferdig med)! Ok, vi må berre ta ein kikk på han først, då:

Eg bytte ut det grøne garnet med lyseblått og det lilla garnet med rosa (eg trur det var pga. at det var det garnet som var tilgjengeleg i garnbutikken) ... Eg hugsar eg likte genseren fordi han såg så firkanta ut. Hahaha! I motsetnad til denne her, som hadde ein litt rundare fasong, på fleire måtar:

Uansett, dette skulle handla om 90-talet (dvs. tidleg 90-tal, sånn ca. 1993). 80-talet blir jo direkte keisamt i samanlikning. Bort med pastellar, inn med sterke fargar, helst alle samstundes og i merkeleg miks. Gensrane skal helst gå nedanfor ræva og ha ein uformeleg fasong. Litt sånn boys cut. Og du skal helst sjå 10 år eldre ut. Check it out:



(Alle bileta er frå Drops Garnstudio.)

Og det mest fantastiske av alt: det er mogleg å strikka gensrane den dag i dag! Garnfargane finst framleis, og oppskriftene ligg ute gratis, som sagt. Eg berre elskar når teknologien spelar på lag med nostalgien på denne måten!

5. mai 2009

Heldige biverknader av å skriva nynorsk #1

Vi lever i eit bokmålsvelde. Ingen tvil om det. Som nynorskbrukar i dette bokmålsveldet blir ein lagd merke til. Ein er aldri usynleg. Og dette har mange positive biverknader! Når ein er 14 år, er det ikkje så lett å tenkja seg til kva ei framtid som synleg nynorskbrukar kan føra med seg av heldige biverknader. Og sjølv om det er språkpolitiske grunnar til at eg skriv nynorsk, så er det viktig å få fram alle dei positive biverknadene ved å skriva nynorsk som ein ikkje ser føre seg som 14-åring, men som ein oppdagar når ein reiser ut i verda og møter nye folk. Det er snakk om biverknader som ein får med på kjøpet, heilt uventa og heilt gratis! Så difor, lat meg presentera ein ny serie her på bloggen: dei heldige biverknadene av å skriva nynorsk.

Her kjem biverknad #1 i denne serien:

For fleire år sidan tok eg eit sosialantropologisk studium på fritida. Det gjekk ut på å sjekka opp menn gjennom eit nettsjekkesamfunn (som ikkje finst lenger). I dette nettsjekkesamfunnet hadde alle brukarane ein profil (som på Facebook), og det var valfritt kor mykje informasjon ein ville leggja ut om seg sjølv når det galdt interesser, jobb, kor mange kjønn ein likte, bakgrunn og slikt. Eg brukte godt tid på å tenkja ut kva som var glupast å skriva for å få den rette mannen på kroken. Eg valde orda mine med omhu. Eg hugsar eg skreiv at eg var glad i eple (= sunn livsstil, ergo: eg vil ha deg, sunne mann).

Men eg kunne eigentleg ha skrive kva som helst. Eg blei nemleg overøst av meldingar frå gifteklare menn som blei sjarmerte i senk av ... at eg skreiv på nynorsk! Dei skreiv det rett ut at dei blei fullstendig sjarmerte, at eg skilde meg ut, osv. Eg gjekk på kafé med nokre av desse mannfolka (feltarbeid), og då blei dei sjølvsagt sjarmerte av dialekten min. Veldig mange fall for ordet brok, hugsar eg. Ja, eg kunne faktisk både seia og skriva kva som helst. Dei fall pladask, alle som ein. Dette var ei stor overrasking for meg. Eg hadde aldri trudd at språket og dialekten min skulle ha ein slik magisk effekt! Til slutt blei studiet så omfattande at eg gradvis måtte snevra inn feltarbeidet. Og det enda opp med at eg faktisk sletta profilen min (og så møtte eg jo Knut, då, som sjarmerte meg ved å skriva nynorsk, haha).

Kva konklusjon kan vi dra av dette? Eg seier ikkje at det å skriva nynorsk automatisk fører til hell i kjærleik, men studiet mitt viser i alle fall at det er optimale sjansar for å få menn (eg har ikkje utført studiet på kvinner) på kroken dersom ein skriv nynorsk (og sjansane aukar endå meir dersom ein har ein dialekt som er mest mogleg uforståeleg for austlendingar). Og eg trefte fleire smarte karar, sjølv om eg måtte sletta profilen min til slutt. For å oppsummera blir konklusjonen på studiet altså at nynorsk + dialekt = garantert mann på kroken. Eller rettare sagt: