22. september 2012

Sauer i hus

Juhu, dette var det artigaste og raskaste strikkeprosjektet eg har vore borti på lang tid. Veldig tjukt garn gjorde at det gjekk unna. Eg strikka storleik 2 år, men strikka nokre omgangar ekstra på bolen og ermene. Sauene er strikka i perlestrikk – noko så enkelt får ein kul effekt! Eg strikka ikkje blomemønsteret nedst på ermene – rett og slett fordi eg ikkje fekk det til å gå opp med blomar og masker. Det er mogleg det var ein feil i oppskrifta, for mønsteret var jo ikkje vanskeleg.

Poden var ikkje særleg interessert i å prøva det nye plagget, men eg håpar at han forstår at dette blir ein god genser på kalde dagar.

Her er meir om oppskrifta. Eg har nok restegarn til å laga noko meir – kanskje ei lue?

16. september 2012

Tøff vs. søt

Jenter er søte
Jenter likar rosa – overalt
Jenter likar ballerinasko
Jenter likar blonder

Gutar er tøffe
Gutar likar blått – overalt
Gutar likar bøker
Gutar likar bokstavar og tal



Helsing Princess, som presenterer haustens nye, men akk så gamaldagse trendar for barn (og Princess er ikkje dei einaste, diverre).

13. september 2012

Gult er kult

Eg har sett ny rekord i talet på strikkeprosjekt eg held på med samtidig. Så då blei det ikkje så mange innlegg her inne i august, gitt. Og no er det høgsesong for strikking, så det blir ikkje mindre travelt framover.

Men i alle fall, eg har omsider strikka ferdig Oslo-anorakken frå Pickles. Eit ganske greitt prosjekt, eigentleg, men eg står alltid litt fast i oppskriftene deira, så det blei litt oppattrekking her og der. Dei har ein litt annan måte å skriva oppskrifter på enn f.eks. Garnstudio, Sandnesgarn og andre meir etablerte garnleverandørar. Og då blir eg ein smule perpleks.
Eg strikka utan hette, for eg tykkjer ikkje det er nødvendig med det når det er til så små ungar. Eg blei ganske nøgd med hals- og skulderpartiet, og knappane var så fine! Dei var brune og blanke og skikkeleg retro. Eg laga fem knapphòl i staden for tre, eg forstår ikkje korleis det er mogleg å laga berre tre knapphòl (jf. oppskrifta)?!

Garnet var forresten fantastisk å strikka med! Skikkeleg mjukt og godt, og det gjekk fort å strikka fordi det var så tjukt. 
Eg strikka i storleik 6–12 md, og genseren blei ganske stor. Berre for å visa kor laust eg strikkar har eg plassert poden på 2 år saman med genseren (biletet lyg litt, men likevel). Genseren var ei gåve til ei lita jente på 3 md., så eg håpar ho kan bruka genseren til vinteren likevel. Det er uansett ikkje farleg med det som er for stort til så små ungar.

Og snart er eg i mål med det artigaste prosjektet eg har strikka på lenge. Må berre festa ein million garnendar først ...