31. desember 2007

19. desember 2007

Sidemålet: ei oppsummering

Skulane som har vore med på det legendariske lat-oss-sleppa-å læra-nynorsk-prosjektet i hovudstaden har no sendt inn rapportar om korleis dei har arbeidd med sidemålet, utan å læra det, åf kårs. Den eine skulen, som hadde gjennomført heile TO festdagar for sidemålet (der dei gjekk i bunad på den eine festdagen), utlyste ei tevling mellom elevane, med denne problemstillinga:

Hvordan style den tradisjonelle lusekofta/skigenseren til et moderne antrekk?

Rapporten fokuserer på at nynorsk = bunad, lefse, lusekofte, MEN at det går fint an å modernisera desse uttrykka. Vi kan til dømes stappa parmaskinke inn i lefsa, og vips: vi får noko moderne! Eg skjønar ikkje heilt sambandet til nynorsk her, men dei prøver seg med ei forklaring:

Vi vil ha elevene bort fra ideen om et arkaisk språk som ikke fungerer i dagens samfunn. Gjennom metaforen lusekofte – fikk vi demonstrert det.

Hæ? Metaforen lusekofte??? Eg trur ærleg tala det er enklare å berre læra seg å skriva dette sidemålet.

18. desember 2007

To matrettar eg saknar

KNYPSUP (eller nypesuppe, for dei tungnæme)
Denne suppa spela ei viktig rolle i livet mitt på 80-talet. Det var obligatorisk å eta knypsup saman med pannjkak. Suppa er ikkje lenger å sjå i butikkane, og det forundrar meg. Suppa var nemleg både full av smak (søt) og farge (oransj), og ho passa både til søtmat og saltmat.

HØN (eller høne, for dei særs tungnæme)
Søndagsmiddag! Høna måtte kokast i mange timar. Hønlukta sette seg i heile huset, og det lukta høn av kleda mine i fleire dagar. Vart servert med kokte poteter, kokt gulrot og ein fantastisk god saus, laga av sosen som høna vart kokt i. I det høna stod på bordet, sa mamma alltid at dette var sunt, det. Men høna er altså borte frå marknaden. Det tek nemleg for lang tid å ala opp kjuklingar til å bli god hønemiddag.

Det hadde nok vore von om overleving dersom rettane hadde blitt ein viktig del av noko større. Td jula sine mattradisjonar. Pinnekjøtet kjem nok ikkje til å forsvinna med det første (heldigvis!) Eg trur knypsupå kunne passa inn i feiringa av Halloween (mest pga fargen). Eg trur høna kunne vore like bra som kalkun på nyårsaftan, men eg redd kalkunen er komen for å bli. (Sjølv får eg assosiasjonar til Mr. Bean sin kalkun når eg ser denne fuglen, og det er jo god nok grunn nok til å føretrekkja høn)

2. desember 2007

9. november 2007

Ny mobil!


Dette er ein test av korleis det fungerer å senda bilete frå mobilen og rett til bloggen min. Illustrasjonen er av meg når eg er til legen.

6. november 2007

Guten som hata fotball (men som gav det ein sjanse)

Eg har lese ei fantastisk barnebok:

Gutten som hatet fotball av Arne Berggren. Boka handlar om Petter, som ikkje likar fotball. Han har ein teori om at viss han berre prøver alt han kan, kjem han til å lika det. Han ser fotball på tv saman med far sin og kompisane, han er med på fotballkamp mellom Vålerenga og Rosenborg, han er med og spelar fotball, han kjøper fotballblad ...Men det hjelper ikkje. Han kjenner inkje for fotball, og blir redd av å sjå på alle dei fotballgale folka:

En dame med Vålerengaskjerf spiser en dobbel wienerpølse i to lomper. Hun roper og skriker og får ketchup og sennep
i ansiktet, men merker det ikke.

Petter har lest at det ikke er så mange gener som skiller oss fra gorillaene. Når han ser på damen med pølsene, forstår han det. Når han ser på menneskene som hyler og roper i kor, er det som å stå midt i en flokk av aper som bare venter på å klubbe ned de fremmede apene med en stokk.


Eg er ikkje spesielt begeistra for fotball sjølv. Difor flira eg begeistra då eg såg denne boktittelen. Men boka handlar ikkje berre om fotballhat. Ho handlar vel så mykje om at ein må våga å seia og gjera og lika det ein vil, utan å bry seg om at ingen andre ser ut til å dela det ein likar. Petter gjer det. Og når han tør å seia kva han meiner, oppdagar han at det er fleire i den store massen av fotballfans, som innrømmer at dei heller ikkje er så begeistra for fotballen. Likevel står dei og ropar "Skyt, kjøtthue!" og "Spark ballen da, din jævla bonde!" - som alle andre. Ingen tør å skilja seg ut, og oppfører seg difor like idiotisk som alle andre.

Boka er utruleg humoristisk og godt skrive. Og den underliggjande moralen blir formidla på ein fabelaktig måte. Her kan alle kjenna seg att, anten ein hatar eller elskar fotball. Ein får symptati for både Petter og den fotballgale faren hans.

Veit ikkje om eg er like tolerant som Petter, men slutten var littt fin likevel:

Tenk om ingen mennesker i verden liker fotball, tenker Petter før han sovner. Han tenker at fotball skal få en sjanse til. En siste sjanse.

11. august 2007

Nynorsk er kjeksy


Nynorsk er kjeksy
Originally uploaded by ragnhildaas
Sjå denne heilsides reklamen for Bokstavkjeks frå Sætre, som stod i A-magasinet i går!

I den same blekka hadde Lerum reklame for nynorsksafta si (sjølv om det er gamalt nytt at dei har reklame på nynorsk, da). I god nynorskand støttar eg alle gode produkt som marknadsfører seg på dette viset, så no blir det bokstavkjeks og sognasaft både til kvardags og fest.

7. august 2007

Frå arkivet 2

Don´t stop the dance med Bryan Ferry er den finaste låta eg veit om. Førre helg såg eg han synga songen i levande live, i Halden. Stort! Men endå større var det då eg kom over musikkvideoen, laga i 1985. Ferry ser berre SÅ utruleg slesk og dopa ut, og det gjer det ikkje betre med alle damene som liksom-syng og liksom-spelar (og liksom-dansar). Dama med saksofonen tek rett og slett kaka. Eg er viljug til å tilgje Ferry og skuldar på 80-talet.

Check it out:

24. juli 2007

Milepæl

I dag meldte eg og gubben oss inn i Smart Club! Dette er definitivt den nye yndlingsen. Smart Club ser ut som eit forstørra Domus (den gongen det eksisterte), berre at det gode merke der (som er billige!). Aldri har vi vel vore på ein og same plass og fylt handlevogna med så mange ulike varer:

1 stk lett og perfekt allværsjakke (Columbia)
1 stk fotoalbum
1 flaske glutenfritt øl (Smart Club = den glutenfrie himmelen)
2 pakkar glutenfri havregryn
2 flasker Palmolive flytande handsåpe (umogleg å kjøpa berre ei flaske)
1 flaske Redken shampo (kostar ca ein million hjå frisøren)
1 flaske Redken balsam (kostar òg ein million hjå frisøren)
2 stk Stormberg fleece-jakker (vi kjøpte IKKJE i same farge, altså)
1 stk ullundertøy-trøye med høg hals
1 bok: Østmarka
1 stk king size-tannkremtube
1 boks tomatbønner
1 gigapakke spekeskinke
1 stk turkopp
1 flaske Lerum-saft med eple&pæresmak
8 dorullar (i ein pakke, altså)
1 pose salte krispy-snacks

Vi var på nippet til å kjøpa vaskemaskin òg, men heldt oss i skinnet.

18. juli 2007

Frå arkivet 1

Eg har lege med sår hals og høyrt på regnet utanfor, og då har eg hatt tid til å grava i arkivet. Denne gongen har eg funne nokre skrivebøker som det står Ragnhild 2. klasse utanpå. I ei av desse bøkene fann eg denne godbiten (skrive med sirleg lykkjeskrift):

Det var ei mor som hadde ein flokk med ungar. Ein dag skulle gutane vere heime åleine. Då sa ein tå gutane: Skal vi lage eggedosis? Ja, det ville alle. Men kvar er egga? Alle såg seg i rundt. Der er dei, sa Ivar. Dei ligg i eit spann. Eg vil prøve å få ned eit egg, sa Lars. Ver varsam! sa Trond. Men brått datt egget ned. Det datt sunt. No renn det ut eggekvite, sa Bosse. La katta vår få sleike opp. Jamen ein katt likar ikkje eggekvite, sa lars. Jau, det likar ho, sa Ivar. Jamen katta er ute. Då kom mor. Då mor fekk sjå at gutane hadde sølt egg, måtte mor gi gutane straff.

Dette er truleg ei oppgåve der eg skulle skriva av ei historie som mangla nokre ord. Eg har nemleg streka under nokre av orda (dei med dobbelt konsonant), og det er nok fasiten. Læraren var i alle fall nøgd:


Av og til blir eg faktisk overraska over at det vart folk av oss.

14. juli 2007

Reprise

Eg har hatt vondt i halsen dritlenge no. Ok, eg veit at eg er hypokonder, men til slutt orka eg ikkje meir, og for til legen her i heimbygda mi. Det er sommarferie, og eg gidd ikkje å gå slik lenger. Doktrane her heime er kjende for å vera heilt udugelege, så eg hadde mobilisert ganske mykje opposisjon før timen. Eg var budd på å stilla legen kritiske spørsmål viss han ikkje tok meg på alvor, sånn i tilfelle det skulle vera halsbyll eller noko anna farleg eg leid av.

Legen ber meg opna kjeften og ser nedi svelget mitt, snur seg mot pcen og seier "du skal ha penicillin". "Eh...SER du det?" spør eg. Han mumlar noko om at det er kvitt baki svelget og at det er typisk ved bakterieåtak. Jippi, endeleg kan kanskje halsen min bli bra att, tenkjer eg. Tre minutt seinare går eg ut med penicillin i handa. Og gradvis kjem skepsisen min snikande...FOR: det er umogleg å SJÅ om det er virus eller bakteriar som plagar halsen min (og penicillin tek berre knekken på bakteriar)! Det finn ein berre ut ved å ta ei prøve av hudlaget baki svelget og analysera det. Legen GJETTA rett og slett at det var bakteriar som var problemet! Ååå, kvifor greidde eg ikkje å vera meir kritisk der inne på kontoret??!! Grrr...eg gir likevel legen ein sjanse og byrjar på kuren med ein gong.

Etter tre dagar med tullkur har eg framleis vondt i halsen. Og eg seier til meg sjølv at NESTE gong eg går til lege, uansett kvar, SKAL eg vera meir kritisk. Om det vil skje? Neppe. (I mellomtida har eg sikkert blitt resistent mot penicillin.)

25. juni 2007

Cathrineholm

Eg har fått meg ein ny hobby! Eg har IKKJE særleg sansen for å samla på ting (dvs eg har jo samla på lukt-viskelær, då, men då var eg unge, så det er på ein måte forståeleg), men eg må vedgå at den nye hobbyen min er ein slags samlehobby. Eg samlar på Cathrineholm-bollar! - bollar som sikkert er eit kjent syn for mange. Dei er frå 60-talet, og det er norsk design. Dei finst i mange ulike fargar, og eg har lyst på så mange fargar som mogleg. Eg har fått den første bollen i hus, og han er så fiiin! Oransj:



Han eignar seg veldig godt til grøne eple, sånn farge- og storleiksmessig. Eg har ikkje tenkt å samla på bollane berre for å ha dei til pynt, slik som med viskelæra, som det var forbode å viska med. Bollane kjem til å bli flittig brukte. Viss du har sett slike bollar på ein nedstøva låve eller på ein annan ubrukeleg plass, rop ut til meg, så kjøper eg dei tvert. Eg lovar at dei ikkje skal støva ned.

6. juni 2007

Det fyrste skjørtet


Eg har sydd ferdig mitt fyrste skjørt! Eg trudde det skulle vera SÅ enkelt å sy eit skjørt, men det har rett og slett vore dritvanskeleg. Den enkle delen var å kjøpa lekkert stoff på nettet og å finna eit (tilsynelatande) enkelt mønster. Den vanskelege delen var å bruka mønsterpapirbitane til å laga ein geometrisk figur i tøystoff som eg skulle kunne ta på meg! Eg måtte ta i bruk nye reiskapar, som t.d sømometer, eg måtte ta mål, leggja stoffbitane rett mot kvarandre, klippa opp stoffbitane rett...Syprosjektet minte meg sterkt om å løysa vanskelege mattestykke på barneskulen. Frustrasjonen eg kjende då eg sleit med å sy i glidelåsen, var nett den same eg kjende som då eg kom til den siste oppgåva i matteboka, som var lureoppgåva, der nokon prøvde å setja meg fast. Sidan eg ikkje ville bli lurt og ikkje hadde særleg matematisk sjølvtillit, svarte eg alltid det motsette av det eg eigentleg tenkte var svaret. Og det vart sjølvsagt feil. Så då vart det tramping i golvet og slenging med dører. Eg har sydd i glidelåsen ca 10 gongar og slengt det nesten ferdige skjørtet i golvet ca tusen gongar. Glidelåsen sit, men eg likar han ikkje. Han irriterer meg framleis.

Eg reknar med at det neste skjørtet går lettare og at irritasjonen gradvis minskar. Eg skal sy i det same mønsteret, men med nyinnkjøpt stoff og med notatane mine over kva eg IKKJE skal gjera, attmed meg.

20. mai 2007

Noko eg lurar på

For tida brukar eg og gubben fritida vår på å gå på visningar. Vi skal kjøpa kåk for første gong, og ikkje fordi vi VIL (hallo, det er Oslo!), men fordi vi MÅ. Vi har vore og sett på ganske så mange 3-roms og 4-roms-kåkar på Lambertseter, Bøler, Oppsal, Grorud, Holmlia og Romsås.

I dei aller fleste husværa bur seljaren framleis der. Han har berre rydda og vaska og stukke ut ein tur medan visninga går føre seg. Når vi står der og ser rundt oss i kåken prøver vi å finna ut kvar vi skal plassera alle tinga våre. Er det plass til sofaen, kjøkkenbordet, skrivepulten...og bokhyllene? spør vi oss. Sidan kåkane er møblerte, er det ikkje så vanskeleg å sjå føre seg kvar VI kan ha dei tilsvarande møblane våre. MEN det vi stussar over på kvar plass vi har vore på er at det ikkje finst BØKER/BOKHYLLER! Vi spør oss: er det eit salstriks å ikkje ha bøker i ein visningsleilegheit, dvs at seljaren har gøymt vekk alle bøkene? Dette verkar ikkje heilt realistisk når vi underøkjer kåken nærare. Vi ser nemleg inn i alle skåpa og i bodene, og der er det ingen bøker eller bokhyller. Etterkvart har eg blitt utruleg nyfiken på dette, og ser inn i kvar ein minste krik og krok, for å sjå om det gøymer seg ei bok. Det ser ikkje ut til at seljaren har køyrt vekk alle bøkene til visninga byrjar, heller. For det finst jo ingen spor etter bokyller! Når vi hintande seier til meglaren at vi prøver å sjå føre oss kvar bokhyllene våre skal stå, spør han/ho gjerne om vi er glade i å lesa. Njaaa, vi arbeider i forlag, så vi får så mange bøker, seier vi...Men er fem Billy-hyller frå Ikea så mykje, eigentleg? Dette er alle bøkene vi har med oss frå kvar vår kant, og det er ikkje berre bøker, men permar med diverse papir og ting vi samlar på (unødvendige ting), fotoalbum...og vi (i alle fall eg) er flinke til å kvitta oss med bøker vi ikkje gidd å lesa.

Viss det er slik at bøkene er fjerna med vilje: kvifor er dei det? Viss det blir fleire visningar, og eg enno ikkje har funne ut kva dette er eit teikn på, skal eg spørja meglaren om kvar det har blitt av alle bøkene.

PS Det hender det står nokre peikebøker og barnebiblar i dei husværa der det er eit barnerom, men det er INGEN SPOR av bøker for vaksne.

31. mars 2007

Reisemål: San Francisco

Lukka er: tallause tøystoff-butikkar, der ein kan kjøpa metervis av tøystoff utan å tenkja på den magiske 200 kroners-tollgrensa.

På handlelista:

17. mars 2007

Frå barnemunn: "Å vera engel er eit typisk kvinneyrke"

Det er ikkje noko som gjer meg så sint som MENN som gjennom ord, mimikk og handlingar seier:
- eg er utruleg vittig og sjarmerande
- er eg utruleg smart og intellektuell
- eg seier mykje viktig
- eg er kul og urban (du er ukul)
- alle damer vil ha meg (du òg)

...når ALLE kan sjå og høyra at vedkomande ER:

- usymptatisk
- mannssjåvinist
- lite lyttande
- fordomsfull
- sneversynt
- kunnskapslaus
- egoist
- stappfull av dårleg humor
- full av nynorskhets (prikken over i-en)

Det verste er når vedkomande i tillegg har ei leiande stilling og får lov til å seia berre vås utan at nokon stoppar han.

Eg møtte nettopp ein slik mann. Og eg gjorde noko som eg sjeldan gjer når eg møter slike dumskallar. Som regel overser eg dei og går. Men denne gongen gjekk eg inn i ein verbal kamp med han, der eg sa forferdeleg sinte og stygge og usymptatiske (men sjølvsagt heilt fortente) ting. Eg vart så sint, og alt kom berre veltande ut. Det var akkurat som om eg ikkje greidde å stogga. Alt oppsamla raseri overfor møte med liknande menn kom til overflata. Han elska sjølvsagt at eg vart provosert, og då sa han berre dei same provoserande tinga oppatt (mangel på gode argument, vettu) og det gjorde meg endå meir provosert.

MEN: eg trur at raseriet mitt var perfekt. Det var ei fantastisk kjensle å gje han inn. Eg oppmodar alle medsystre og englar som har møtt liknande menn om å la raseriet koma til overflata. Det er nok av kandidatar å ta av.

11. mars 2007

My Celebrity Look-alikes 2

Og med eit anna foto likna eg plutseleg på heilt andre. Dette er kjekt å gjera på ein søndag når ein ikkje har så mykje energi til å finna på sprell.

My Celebrity Look-alikes 1

Stolar ikkje heilt på denne testen, men arti læll. Prøv her.

21. februar 2007

Sigmund 30 år i dag!


Hipp hurra, Sigmund-bror er 30 år i dag! Det er jo ikkje så lenge sidan MIN 30-årsdag, så eg innser at vi vart fødde med ganske kort tidsmellomrom. Eg har fått referert at det første eg sa då vi parkerte bilen på sjukehuset for å sjå den nyfødde guten, var "myttjy bila!". Det er akkurat som eg hugsar det, men det er mogleg det er innbilling av di det har blitt repetert årleg i 30 år. Elles hugsar eg svært lite av korleis det var å få ein bror. Eg var jo nesten nyfødd sjølv, så minnet var nok ganske dårleg enno.

Eg trur ikkje eg var særleg sjalu, sjølv om eg drakk opp all morsmjølka som eigentleg var til bror. (Orsak, Sigmund!) Og når vi er inne på søskensjalusi, vil eg tilrå å lesa boka Ikkje gløym å klappe katten, som på ein fantastisk grotesk og humoristisk måte skildrar korleis det kan vera å få ein liten bror. Eg har 1 eks av boka liggjande her på kontoret mitt, og vil gjerne gje henne vekk til den første som melder seg, i høve denne store dagen.

Sigmund: ikkje lat dagen bli overskugga av at Kong Harald er 70 år. Ta på partyhåret og feir! Hehe...

15. februar 2007

Eg er hekta



Sjekk desse superlekre stoffa, da! Eg har i lengre tid surfa rundt og sikla på diverse nettstader der ein kan kjøpa tøystoff. No har eg endeleg kjøpt mine første stoff over nettet. Det er mykje billegare enn å kjøpa her til lands, og utvalet i fargar og mønster er SÅ mykje betre. Desse stoffa skal bli til skjørt (når eg har fullført sykurset i vår).

Eg elskar å bestilla saker og ting over nettet og få dei rett i posten. Eg kjem til å kjøpa MYKJE tøystoff heretter! Når vi no først er inne på netthandel, vil eg tilrå å kjøpa kule t-trøyer frå Threadless, sjampo og balsam frå lookfantastic.com, tennis outfit eller anna sportsleg outfit frå tennisvarehuset, og sist, men ikkje minst, tøystoff frå Reprodepot eller Cia´s Palette.

13. februar 2007

Når Gud grip inn

I påska skal eg til San Francisco, og der skal eg, mamma, pappa og Knut leiga eit fantastisk hus, som ser skikkeleg amerikansk ut. Huset har mange rom og alt vi treng (til og med oppvaskmaskin!), og det ligg perfekt plassert i eit bustadsstrok like ved Golden Gate Park. Eg har epostveksla tett med den alltid høflege og galante huseigaren, og her om dagen fekk eg kontrakta tilsendt over faks (amerikanarar er seint ute når det gjeld teknologi). Kontrakta handlar rett og slett om kva vi har lov til å gjera og ikkje i kåken og ikkje minst: kva huseigaren IKKJE har ansvar for. Dette var underhaldande lesnad, og fortel mykje om kva land vi skal til. Dette var høgdepunktet for meg:

Property owner shall have no liability to Tentant(s) for loss, injury, or damage to property or person of Tenant(s) or guests caused directly or indirectly by Tenant(s) or guests, by acts of God, fire, theft, malicious acts, elements, defects in building, utilities or equipment, stairways, walks, landscaping or due to negligence or violation of the terms of this Agreement by any Tenant or guest.

Altså: viss eg ramlar in the stairways fordi troppa er roten, så kan huseigaren rett og slett skulda på at det er Gud som står bak.

4. februar 2007

Ikkje gløym knappenålene

I går døydde onkelen min. Det er rart korleis livet berre går vidare, som om inkje hadde skjedd. Når eg ser ut, ser eg folk og bilar som passerer nede på vegen. To gamle damer med kvar sin rullator står og snakkar med kvarandre. Trikken går som vanleg. På tven går alle programma som planlagd. Heilt utruleg!

Eg hugsar då Kong Olav døydde i 1991. "Kongen er død!" var det første pappa sa då han kom og vekte meg om morgonen. Vi kunne ikkje gå på skulen, og på radio og tv handla det berre om kongen. Livet stod verkeleg stille. Det var utruleg rart. Og eg trur at sjokket vart ekstra stort nettopp fordi alt stoppa opp. Det påverka kvardagen vår i så stor grad, utan at vi sjølve kunne gjera noko frå eller til. Skulen var stengd, uansett.

Når nokon døyr, er det godt å sjå at alt ikkje stoppar opp, midt oppe i det triste. Å sjå at livet går vidare gjer at ein set større pris på dei kvardagslege gjeremåla, som ein ikkje reflekterer så mykje over til vanleg, nettopp fordi dei er så vanlege. Små hendingar overraskar meg meir. Som i dag, då eg baka overraskande gode rosinbollar. Eller då eg full av forventning las kva eg måtte ta med til første sykurs-kveld i morgon: målband, vevd band, knappenåler, notisblokk og penn. Det er fantastisk at eg skal få høve til å læra korleis eg kan skapa noko fint med symaskina mi! Eg vonar at eg aldri blir lei av å stikka meg på knappenåler.

11. januar 2007

K J Æ R L E I K














Yep, Sigmund is making the world a safer place. We're getting married in San Francisco, and you are invited.