13. oktober 2014

Teppe i bikubemønster

Kva: teppe i bikubemønster frå Sandnesgarn
Til kven: han i magen
Garn: Easy (pinnestorleik 9!), i dei same fargane som i oppskrifta
Ullpledd får ein aldri nok av når ein har baby i hus. Eg har skrive ein hyllest til ullpleddet i eit blogginnlegg ein gong tidlegare, faktisk. Vi hadde fire ullpledd vi bytte mellom då Tryggve var liten krabat, men no er det berre att tre av dei etter at det eine forsvann.

I sommar kom eg over oppskrifta på dette superfine pleddet. Eg fall pladask for fargekombinasjonane og mønsteret, kjøpte garn og mønster ganske impulsivt og gjekk i gang med å strikka same dag, trass i tropevarmen. Veldig artig mønster å strikka, og fargane var jo berre superfine saman.

Det blei liggjande då eg hadde att å festa alle trådane, som det var ca. ein million av. Men i kveld blei eg ferdig, juhu! Dette er det første eg strikkar til han i magen. Det blir mykje arv på han, nemleg.

Garnet er supertjukt, og på pinne 9 går det unna. Babyen skal i alle fall bli varm når han blir tulla inn i dette!

Det som er nytt samanlikna med andre pledd eg har vore borti, er at det får ei rettside og vrangside. Ja, det vi ser her er rettsida.

Som regel er det alltid noko å utsetja på ei strikkeoppskrift, men Sandnesgarn har eg lite å utsetja på, gitt. Eg tykkjer dei lagar så utruleg fine strikkehefte for tida (heilt sidan dei la om profilen sin, usikker på når det var). I det heftet der eg fann denne oppskrifta (sjå lenkje øvst), har eg lyst til å strikka ca. alle plagga. Dei er supergode til å setja saman fargar på spanande måtar, dei er gode til å både konstruera og skriva (viktig!) oppskrifter, og så tek dei utruleg tiltalande bilete av plagga, slik at eg fell pladask for alt ihop. Tommel opp!






5. oktober 2014

Gravidversjon av Frøken seglargenser

Kva: Frøken seilergenser frå Pickles
Til kven: meg sjølv
Garn: Pickles merino tweed, fargen fjell i det fjerne og Pickles angora, fargen petrol
Storleik: small i bolen, medium i ermene

Dette er det drygaste strikkeprosjektet eg har vore borti. Eg hugsar ikkje når eg byrja på genseren, men det var i vinter ein gong. Tynt garn, tynne pinnar. Og garnet (merino tweed) var ikkje godt å strikka med. Det var hardt, og det hadde ein tendens til å slita seg. Då eg strikka angorastripene, var det andre bollar. Det var mjukt og dig å strikka med. Samtidig likar eg jo at tweedgarnet er spettete og liksom-nuppete. Det vil truleg ikkje bli så godt synleg når/dersom genseren byrjar å nuppa, til dømes. Praktisk!

Eg strikka genseren MYKJE lenger enn i oppskrifta, så eg måtte kjøpa to nyste ekstra (brukte berre litt av det siste, irriterande nok). Eg kan ikkje fatta at dette er storleik small, for det er altså plass til ein mage i sjuande månad der inne. Og det blir garantert plass til større mage. Når eg ser på bileta på nettsidene til Pickles, ser ikkje genseren så vid ut. Dei må ha strikka han i extra small.

Eg strikka storleik medium i ermene fordi eg las på nettet at fleire hadde erfaring med tronge ermer i oppskrifta. Eg kunne nok ha strikka small, men samtidig er det greitt å ha plass til ein genser under seinare i vinter, så det er ikkje så farleg.

Då eg først var ferdig og hadde festa alle trådane, blei eg riktig så nøgd, som vi alle ser. Tippar genseren blir storleik telt når magen er vekke, men eg må jo ha vinterplagg som passar til magen, så slik er det berre.