22. november 2011

Gårsdagens "høgdepunkt"

Hermeteiknmonsteret har slege til! Åstad: Aker sykehus. At det står kjosken på lappen over, oppdaga eg først etterpå. Eg må innrømma at det var hermeteikna som fekk mi fulle merksemd medan eg stod der.

21. november 2011

Ein hyllest til poteten

Nei, det er ikkje eg som hyllar poteten. Denne boka, derimot! Potetboka, med undertittelen Smakebitar av historia til verdas viktigaste knoll (Samlaget, 1993), hyllar poteten på grensa til det reaksjonære. Det er heilt fantastisk. Lat oss sjå.


(Eit lite frampeik: Legg merke til kva ungen heilt fremst går og ber på ...)

Eg hugsar ikkje heilt korleis boka kom i hus. Det er mogleg eg kjøpte henne på sal for mange år sidan.  Det er ei bok for barn, så teksten er sjølvsagt deretter. Det er sikkert difor det er så mange samansette ord med bindestrek, også. Det var visst trend ein gong i tida. (Her finn vi bindestrek i ord som "potet-slag", potet-presten", "Andes-fjella", "potet-plante"og "Landbruks-høgskulen på Ås".) Uansett, det er fine illustrasjonar, fine historier og mykje nyttig faktakunnskap om ulike potetsortar.  

Men eg merka eg blei ein smule skeptisk då Knut deklarerte høgt frå avsnittet som handla om potetgull. Først, illustrasjonen:

Her ser vi mor, far, barn og potetgullskåla samla framfor tv-en. Mor ser litt hypnotisert ut, og far har kanskje nokre kilo ekstra. Barnet har blikket festa på potetgullskåla. Så her forventar vi jo ein faktatekst om at potetgull ikkje er så veldig sunt. Men neida! I ei potetbok, som hyllar poteten frå a til å, kan ein sjølvsagt ikkje skriva det! Lat oss koma til høgdepunktet i boka, nemleg teksten under biletet:

Ganske fantastisk!!! Eg veit ikkje kven desse engelske forskarane er, og eg tvilar på at dette var vanlege helseråd ein gav i 1993. Eg måtte sjølvsagt googla forfattaren Olav Norheim, og kva fann eg ut? Jau: Han (og illustratøren) fekk Kulturdepartementets fagbokpris for denne boka (eg skal ikkje hetsa dei for det, boka er jo fin). Dessutan har han vore med og skrive manus til Smørbukk. Her er Smørbukk: 
Og då er det nærliggjande å spørja: Kva har Smørbukk, eit barn i vekst, mest godt av å eta? Eple eller potetgull? Eller kanskje smør? Ja, ikkje veit eg. Det er lett å bli forvirra, anten ein les kosthaldsråd i 1993 eller i dag.

20. november 2011

Fiksetips

Nøstebloggen er ein utruleg fin blogg! Det er altså bloggen til Nøstebarn, og her er det mykje inspirasjon å finna! Eg likar særleg innlegga med praktiske tips om korleis ein kan reparera og gjenbruka ullplagg. Det er jo ikkje så kjekt å ha ein bunke med øydlagde ullplagg liggjande. Det er faktisk skikkeleg umotiverande å vita at ein må fiksa eit plagg. Ofte er det fordi ein ikkje heilt veit korleis ein skal fiksa det på ein bra måte.

Tryggve fekk for ikkje lenge sidan ei kjempefin ull/silke-trusetrøye (= body), men etter kort tid oppdaga eg eit stygt hòl rett ved det eine ermet. Eg anar ikkje korleis det har blitt til, det er mogleg det er guten sjølv som har klipt, faktisk. Uansett, på Nøstebloggen fann eg mange fine tips. Det endte opp med at eg hekla ein blome (sjølv om det ser ut som eit speilegg), skylte han i rennande, heitt vatn for å tova han litt og deretter sydde eg han fast over hòlet. Eg sydde ikkje fast dei kvite blomeblada, så får vi sjå om dei held seg fine. Eg har ingen før-bilete, men her er etter-bilete, i alle fall:



Lenkje til ullvøl-tipsa. 

19. november 2011

Om brettebleier og formsydde bleier

Eg er stor fan av tøybleier. Men det er ikkje slik at alle tøybleietypane passar for alle. Ein må prøva og feila. Og det er nettopp det som er så fint: Ein finn alltid noko som passar fordi valmoglegheitene er så mange. Det er også slik at tøybleiebehova endrar seg etter kvart som ungen veks. Den tøybleietypen som passa då ungen var mini og berre fekk morsmjølk, passar kanskje ikkje når ungen har fylt 1 år.

Som nattbleier treng ein bleier som syg godt, og som er god mot huda. Det er særleg to tøybleietypar som eignar seg godt som nattbleier: brettebleier og formsydde bleier.

Brettebleier er dei bleiene dei fleste av oss hadde på oss på 70-talet. Det er rett og slett eit firkanta tøystykke som ein kan bretta på ulike måtar, og ein kan leggja inn ekstra innlegg dersom det er behov for det. Her skriv Bleieboden om brettebleier. Utanpå brettebleia må ein ha eit såkalla sperrelag som gjer at det ikkje blir lekkasjar. Det beste sperrelaget er bleiebukser i ull som er innsette med lanolin. Grunnen til at det er så bra, er at ull pustar og regulerer temperaturen godt.

Fordi Tryggve hadde god appetitt og mykje skulle ut, hadde vi behov for brettebleier med ekstra innlegg, og dimed fekk han altså ein solid stump. Og han blei ikkje mindre av at han hadde bollelår og bollemage som også skulle ha plass. Og det funka altså ikkje optimalt. Han hadde vanskar med å røyva seg, rett og slett.

Ein variant som er i slekt med brettebleier, er formsydde bleier, og dei brukte vi lenge som nattbleier. Brettebleier har same form som eingangsbleier, men dei er laga i bomull, hamp eller bambus og treng difor eit sperrelag, slik som brettebleiene. Her er det Bleieboden skriv om formsydde bleier. (Vi brukte både Mother Ease Sandy´s, Muksut og BabyBeeHinds.) Formsydde bleier gir ein nettare fasong enn brettebleiene, så dei passa fint til Tryggve.

Når det gjeld nattbleier, må eg berre innrømma at der har vi brukt eingangsbleier dei siste månadene. Fysj og føy ... Vi opplevde nemleg lekkasjar med dei formsydde bleiene, sjølv om eg hadde kura ullbuksene med lanolin. Og då byrja vi med eingangsbleier som ei naudløysing, noko vi har halde fram med ... Kanskje det er på tide å testa ut bleier igjen. Eg tek imot tips til gode nattbleier, dersom nokon har det!

8. november 2011

Glimt frå livet med tøybleier

Vi bestemte oss lenge før Tryggve blei fødd at vi ville han skulle bruka tøybleier. Valet var eigentleg ganske enkelt, og eg skal ikkje bruka tid på å skriva om alle dei gode grunnane til å byrja med tøybleier. Det kan du f.eks. lesa om på denne fine tøybleiebloggen. Uansett: Etter over eitt år med tøybleier er konklusjonen ganske enkel: Tøybleier er så bra! I tillegg til at dei er bra for både stumpen og miljøet, er dei fine å sjå på. Og det er slett ikkje vanskeleg å verken bruka dei eller vaska dei. 

Det finst mange ulike typar tøybleier, og ein må berre prøva seg fram for å finna ut kva som passar best på ungen. (Vi kjøpte brukte tøybleier på Finn.no Tettinntil.no og Tøybleier.no for å testa ut + nye bleier på Bleieboden.no då vi visste kva vi ville ha.) Vi har stort sett brukt lommebleier og alt-i-eitt-bleier. Desse bleietypane har begge eit vasstett sperrelag ytst, men innmaten er litt ulik. Lommebleier er, som namnet seier, bleier med ein lomme som ein puttar innlegg inni, eitt eller fleire, alt etter kor mykje ungen tissar. Sjekk ut lommebleier på Bleieboden her. Vi har brukt BumGenius og Charlie Banana.

Her demonstrerer Tryggve kor enkelt det er å klatra i ei Charlie Banana lommebleie når ein er 1 år og 2 månader.

Og her viser han at det er null problem å vera 10 månader og rydda når ein går i ei Bum Genius lommebleie.

Alt-i-eitt-bleier (AIO) er bleier som har innlegg sydd fast eller festa med knappar, så ein kan berre ta bleia av og på som ei eingangsbleie. Les meir om alt-i-eitt-bleier på Bleieboden her. Vi har brukt Bum Genius i AIO også, for dei har ein lomme med plass til endå fleire innlegg! Og så har vi kjøpt nokre AIO-bleier frå utlandet.

Her viser Tryggve (10 månader) kor fin det går an å bli bli i ei alt-i-eitt-bleie frå PNP Baby.

Eg kan godt skriva meir om erfaringane våre med tøybleier dersom det er interesse for det. Eg er ikkje vanskeleg å be, i alle fall.

6. november 2011

Fortet naturbarnehage

Sukk, altså. Dersom vi hadde budd i Nittedal, og dersom Tryggve hadde vore stor nok (dvs. over 3 år), ville vi definitivt ha likt at han gjekk i denne barnehagen:
Hæ? Ja, dette er barnehagen! Skogen! Vi var på utflukt der i dag fordi vi var på besøk hos venner som bur like ved, og som har hatt ungane sine der. Dette er ein heilt unik barnehage på alle måtar. Det er rett og slett ein heilt annan måte å tenkja barnehage på enn det vi er vande med. 
Det som er heilt fantastisk, er at ungane er ute heile tida!!! Året rundt! Det er ikkje innlagt vatn eller straum der (men dei har eit aggragat som gir lys om vinteren), og det er utedo. Dei to eldsjelene som driv barnehagen, har bygt alt sjølv! Ungane et ute også. Om vinteren et dei innandørs i varmestova til høgre på biletet, eller i denne gammen:
Dei har også ein utandørs grill dei kan sitja rundt og eta (vi skimtar benkene til høgre).

Det er ingen gjerde rundt barnehagen, men ungane lærer seg kvar grensene går: ved steinen der borte, busken der borte og treet der borte ... Tryggve forstod ikkje heilt kvar grensene gjekk, men.

Her ser vi små leikehus/rom dei har bygt. Med himmelen som tak! Tryggve var på hogget, som vanleg.

Ungane er med og mekkar dei også. Dei hadde f.eks. vore med og bygd ei superfin bru (som eg ikkje tok bilete av, diverre). Eg likar at aktivitetane utfordrar førestillingane til oss vaksne om kva som er farleg og passande å gjera for små ungar. (Dei eldste ungane spikkar sin eigen tollekniv, til og med!)

Her er ein fin artikkel om barnehagen som gir eit lite innblikk i korleis dei tenkjer. Dette er oppvekstvilkår eg har stor sans for. Eg veit at dersom eg hadde vore i riktig aldersgruppe, ville eg ha elska og gått i denne barnehagen. (Eller barneskogen, for å vera meir presis.) Og det er eit kvalitetsteikn, for å seia det mildt.