16. oktober 2011

Ekorngenser i bruk!

For nokre år sidan strikka eg denne fine genseren, og eg hadde eigentleg tenkt å gje han vekk, men så blei han liggjande. Etter å ha lege gøymt langt bak i eit klesskåp, dukka han no fram, og vips:


Tryggve er no 1 år og 3 md, og genseren er storleik 1.5 år. Men heldigvis strikkar eg ganske så laust, pluss at Tryggve ikkje er nokon lettvektar, så denne kjem til å passa fint utover vinteren.

Og sanneleg er eg ikkje i gang med endå ein ekorngenser, nemleg denne:
Foto: Drops garnstudio
Men det blir ikkje ein einaste beige tråd her i garden, nei. Ein kan no berre gissa kva fargar eg har gått for ... Elles er det utruleg diggbart å strikka rundfelling, sjølv om eg alltid er super-utolmodig etter å strikka bryststykket, der som regel det fine mønsteret er. Det er jo det som er artig å strikka!

Det er fint at ullsesongen er i gang!

6. oktober 2011

Dagens middagsbord ...

På menyen i dag stod tomatsuppe med egg + grønsaker og div. resterusk ved sidan av. Grønsakene landa med fine plask i suppa og i alle vassglas, og suppa var ikkje lett å fanga, sjølv om det blei brukt både skei, kniv og gaffel. Sukk, er det fleire som kjenner seg att?

5. oktober 2011

The The

Eg har ikkje skrive så mykje om musikk her inne. Men i dag tenkte eg det var på tide å skriva om favorittbandet mitt, nemleg The The. Eg har elska The The vilt og hemningslaust og lojalt sidan den første gongen eg høyrde dei i 1993. Det er kanskje litt rart å kalla dei eit band, for eg tenkjer først og fremst på Matt Johnson når eg tenkjer på The The. Han har vore den einaste konstante bandmedlemen sidan 1979, og sidan 2002 den einaste. Han er eit utruleg musikalsk talent som både syng og spelar haugevis av instrument (gitar, keyboard, bass, munnspel ... og sikkert fleire).

Slow emotion replay og Dogs of lust frå plata Dusk var dei første låtane eg høyrde. Eg hugsar at Dogs of lust blei spelt ein del i radioen, og at eg tok opp musikkvideoen frå eit musikkvideoprogram som gjekk på den tida (lukke!). Dette er Slow emotion replay, som eg spelte omatt og omatt i lange tider:



Opp gjennom tida har eg skaffa meg ganske så mange plater, men det dukkar stadig opp nye versjonar av gamle låtar, så eg trur nok ikkje samlinga mi er komplett. Musikken er veldig ulik frå plate til plate, men eg føler likevel at det er noko The The-isk over alle. Det som er så snodig med The The, er at musikken treffer meg midt i hjartet. Eg føler så innmari sterkt at dette er min musikk. Og tekstane er både vakre, triste, sinte, glade og såre. Vanskeleg å forklara, men eg har aldri opplevd det med nokon andre artistar før. Det er så mykje musikk eg blir lei av etter ei tid, men dette blir eg aldri lei av.

Det er typisk The The at songane utviklar seg veldig frå første til siste tone. Dei byggjer seg opp med stadig fleire instrument og nye variasjonar og krumspring. Og det er noko av det eg diggar aller mest. Eg oppdagar stadig nye ting i ein song eg har høyrt ein million gonger. I tillegg har Matt Johnson ei heilt fantastisk røyst som eg aldri blir lei av å høyra på.

Den eine favorittplata mi er Soul mining frå 1983. (Sjølv om alle platene eigentleg er det.) Her er nokre godtbitar derifrå ... umogleg å høyra at dette er 80-talet, i alle fall. (Eg skulle gjerne ha fjerna rammene slik at det berre var ein spelar som synte seg, men korleis får eg til det da?)

Giant:


Uncertain smile:


Og så ein fin ein frå Mind bomb, nemleg Beyond love:


Her er litt meir info frå Wikipedia. Artig å sjå kor mange som faktisk har vore med i bandet opp gjennom tidene!

1. oktober 2011

Maiskolbesesong


Tryggve driv alltid og stel av middagsmaten min, sjølv om han har ca. den same middagen på asjetten sin. Her ser vi at han får låna masikolben min, i og med at vi ikkje hadde varma maiskolbe til han. Ganske imponerande korleis han greip tak i masikolben akkurat som meg og jafsa i seg akkurat som meg. 

Med to maiskolbar blei grepet litt annleis ...