23. august 2008

Ein perfekt laurdag

... hadde eg i dag. Det som var herlegast, var at eg rakk å gjera så mykje, sjølv om eg ikkje stod opp så tidleg. Slik såg dagen ut: 
  • sov lenge (til ca 11.00), og vakna heilt utkvilt
  • laga havregrynsgraut til frukost 
  • brukte sykkelen som framkomstmiddel heile dagen
  • kjøpte meg endeleg nye joggesko (med 20% rabatt) på Sportslageret - som sat som eit skot! Er glad trass i at dei såg skikkeleg 80-tals ut, sånn fargemessig. Dei var til og med rosa her og der! - og eg som ikkje akkurat elskar rosa ... det seier litt om kor gode dei var.
  • åt ein gigastor og god salat på Lorry
  • var innom på Tekstallianse 2008 på Litteraturhuset og møtte fine folk
  • stakk spontant innom Kaffistova (fordi Kaffebrenneriet var stengt), der eg ikkje har vore på hundre år, og kjøpte ein ikkje så aller verst kaffi og ein utruleg god, glutenfri nøttedings, som visstnok heiter nøttekyss
  • stakk spontant innom på Melafestivalen på Rådhusplassen, ein årleg, internasjonal kulturfestival, der eg og Knut var to av få bleikandlet mellom kvinner i sari og menn i dress.
  • var på Kiwi og kjøpte det som eg trur er billegaste og beste parmesan-osten i Oslo, pluss litt fleire ting. Veldig nøgd med at eg hugsa å ta med Baggu-bagen, slik at vi slapp å forsøpla med plastposar.
  • sykla heilt heim frå byen utan fysiske plager - veldig nøgd!
  • laga risengrynsgraut rett frå sånn der Toro-pose - alt for søtt, eigentleg, men fortent etter ein lang dag på sykkelen 
  • det var strålande sol heile dagen og utruleg fin solnedgang i det vi runda Oppsaltoppen.
Og no sit eg og sniffar inn den herlege lukta av sitron og kokos frå eit fantastisk stinkljos (duftlys), med splitter nye joggesko på føtene, mett av graut og med kjøleskåpet fullt av mat. Fullstendig tv-fri kveld er prikken over i-en, og tanken på at det er søndag i morgon er det aller, aller beste. 

16. august 2008

Saum som går som ein draum

Eg har fått tak i desse herlege kjolemønstra frå 60-talet! Dei to øvste mønsterpakkane kjøpte eg for ein billeg penge på eBay, den nedste pakken kjøpte eg på Sømmelig. Sidan eg ikkje er ei profesjonell sydame, er språket i symønster utruleg vanskeleg å forstå mange gonger. Det er mykje som vert teke for gjeve at ein kan, det er få teikningar og ikkje forklaringar til omgrep som er ukjende for meg. Men dette merket, Simplicity, er faktisk veldig forståeleg! Kanskje det er nettopp difor mønstra har fått dette namnet. Eg har byrja sy ein dummy av kjolemønsteret til den rutete kjolen nedst på biletet, og det går som ein leik! Det er mange forståelege bilete og gode instruksjonar. På svensk. Dei to øvste mønstra har engelsk tekst, så eg er spent på korleis det vil gå. Eg har tenkt å sy den gule kjolen og den oransje kjolen (i midten) frå desse mønstra.

Eg sa det gjekk som ein draum å sy den rutete kjolen, men altså, dummyen blir for liten over ræva, så eg må utvida mønsterpapiret og deretter kjolen, før eg syr han saman. Slik går det når ein må rekna om tommar til centimeter, og drit litt i å rekna ut rett storleik ... Nedtur! Kjolen har lege utfalda på golvet i systova mi i tre veker no, så det er på tide å ta grep. Og ikkje berre drauma.

11. august 2008

Lukkeleg i Luster


I want this house!, originally uploaded by ragnhildaas.

"Lykkelig i Luster" er den fantastiske overskrifta i Dagens Næringsliv i dag. I følgje ei levekårsundersøkjing som Statistisk Sentralbyrå har gjort, viser det seg at det er i Luster kommune det er best å bu. Dei intervjuar bringebærbonden som bur på den garden eg fall pladask for då vi reiste rundt på Vestlandet i sommar, og eg blir heilt rørt av å lesa det.

Fleire diggbare overskrifter i artikkelen: "Det er best å bo på bygda" og "Bygda er best". Til samanlikning hamnar Oslo på 417. plass av i alt 431 kommunar. Treng eg seia meir?

Eg gler meg til å bli vestlending. Ein gong.

4. august 2008

Turtips: to (eller tre) dagar i Jotunheimen

I ferien var eg, Knut og Alexander på ein todagars fjelltur i Jotunheimen. Det var heilt fantastisk fint vêr heile vegen, så forholda låg verkeleg til rette for å gå tur. Her kjem ein slags turrapport for dei som kan vera interesserte i å gå to/tre dagar i Jotunheimen.

Kort konklusjon først:
Etter dei to dagane til fjells var eg skikkeleg stiv og støl, og hadde store vanskar med å gå utan å halda meg fast i noko. Hadde vondt i føtene, anklane, ræva, ryggen ... Knut hadde dei same fysiske vanskane, medan Alex på 19 hadde null problem, så vi skjønar at det er ein fordel å vera ung og sprek når ein går denne turen. Terrenget er veldig kupert, og det er både bratt stigning opp og ned, så det var ein utfordrande tur. Eg ser at DNT skriv at det er ei krevjande løype, og det er heilt sant. Hadde eg visst kor hardt det var, ville eg ha overnatta på Fannaråkshytta den første dagen og heller gått vidare til Skogadalsbøen neste dag, og overnatta der på dag 2, før ein hadde gått vidare til Hjelle på dag 3. Altså brukt tre dagar i staden for to. Dersom du har vond rygg eller vonde kne, eller er over 30: bruk tre dagar. Og stavar er heilt sikkert lurt.

Eg fann eit kart på nettet som syner løypa markert med gul strek. Den einaste forskjellen er at vi gjekk frå Turtagrø og opp til Fannaråken, og så ned att derifrå til Keisaren. Vi gjekk altså ikkje på nersida av Fannaråken, slik som den gule streken her syner. Det blir det mykje tyngre av, det er sikkert og visst! Fannaråken ligg 2068 m.o.h og det er veldig bratt frå foten av fjellet og opp. Elles syner den gule streken eksakt den løypa vi gjekk.
http://www.fjelluft.com/kart/turtagro_hjelle_270706.jpg

Dag 1: Turtagrø-Fannaråken-Skogadalsbøen (overnatta på Skogadalsbøen)
Vi starta på Turtagrø (det går buss heilt fram dersom ein ikkje har bil). Frå Turtagrø til Fannaråken brukte vi 4 timar. Eg tykte eigentleg at det gjekk ganske fort, sjølv om det var veldig tungt frå foten av fjellet og opp. Då går ein nemleg på stein, og det er veldig tungt for ankane, fann eg ut.
Langt der nede i dalen ser vi vegen som vi følgde i starten. Legg merke til alle folka som er på veg opp!
Ein vart ikkje særleg oppløfta når ein såg oppover. Det var så bratt! Og det kjendest ikkje ut som om det skulle ta slutt nokon gong. Heilt ufatteleg å tenkja på at det har blitt skipa til motbakkeløp her. Vi greidde knapt å gå utan å ta hyppige pausar, så eg fattar ikkje korleis nokon greier å springa opp. Heldigvis var det mild bris, så trass i steiksol, var det ikkje uuthaldeleg heitt. Det er viktig å fylla vassflaskene før ein går opp denne fjellsida, for det finst ikkje vassutak før ein er på toppen. Og vatn gjekk med!
Det å koma opp til toppen, Fannaråkshytta, kjendest utruleg godt! Hytta er den høgstliggjande hytta til DNT, og for det meste ligg ho innhylla i skodde. Det å få oppleva utsynet herifrå i klårt vêr var heilt utruleg!
Eg testa ut det høgstliggjande utedoet til DNT, og det var ei luftig oppleving. Når ein sette seg ned på skåla, blas det kald luft oppover, og det det same skjedde når ein prøvde å kasta dasspapiret ned - det blas opp. Må opplevast!

Den neste etappen var frå Fannaråkshytta til Skogadalsbøen, ned Keisaren - ein etappe vi trudde skulle ta kortare tid enn som så, men som vi altså brukte seks timar på. Eg tykte denne etappen var tyngre enn opp til Fannaråken, sjølv om det ikkje var så bratt som då. Det eg tykte var tungt, var å gå på stein i nedoverbakke. Oppover var det enklare, for då gjekk vi så sakte. Når ein går nedover, er det lettare å setja opp tempoet, men det er ikkje lett å gå fort på stein. Innimellom gjekk vi på nokre snøparti, og sørpete snø er det heller ikkje godt å gå på. Ein får ikkje feste, berre sklir og vonar på det beste.
Dette var ein kjip del av turen. Stein og stein og stein. Og snø i sikte.

Etterkvart flata terrenget ut, og vi hamna på det eg vil kalla ein normal tursti, nedover Jervassdalen.
Her er det langt på kveld, og vi skimtar endeleg Skogadalsbøen - den kvite prikken nede i søkket der.

Det å koma til Skogadalsbøen var ei blanda oppleving. Vi var heilt utslitne etter ti timar gåing, så det var godt å koma fram. Men pga nokre bagatellmessige misforståingar knytt til rombestillinga vår, vart vi møtt av det eg i milde ordelag vil kalla ein dritsur bestyrar. Men vi fekk både rommet og middag, så det gjekk bra til slutt. Det merkelege var at det var umogleg å sova. Sjølv om kroppen var sliten, var han på ein måte så gira at han ikkje greidde å slappa av. Eg konkluderte med at 10 timar gåing var for mykje for ein så utrent skrott.

Dag 2: Skogadalsbøen-Vetti-Hjelle
Denne dagen gjekk vi i åtte timar, i langt betre terreng enn dagen før. Vi gjekk stort sett på mjuk sti, og det var utruleg godt etter å ha gått på stein dagen før. Det var òg godt å sjå at vi skulle gå ned og ikkje opp.
Her står vi ved foten av fjellet med det merkelege namnet Friken (sjå på kartet), og ser nedover heile Utladalen til høgre. Endemålet Hjelle er i Utladalen, eit godt stykke frammi der. Grønt og frodig, ingen ekle steinar i sikte! Det første flate partiet i sikte er ein del av Fleskedalen (kvifor dette namnet?), og det neste flate partiet er Vettismorki. Vi tykte Morki såg veldig nære ut, men det viste seg at det tok si tid å gå ned dit, faktisk. Men terrenget var lett og fint å gå i, så ingen klager frå meg!

Frå Vettismorki gjekk vi ned til Vettisfossen, og frå fossen og ned til Vetti gard var det utruleg bratt! Her er det ikkje bra å gå viss ein har dårlege kne, noko Knut merka godt.
Knut går fremst og bestemmer tempoet. Det var sett opp vaierar til å halda seg i på vegen ned, og det var bra, for stien var veldig grusete og ustødig å gå på. Elva Utla langt der nede. Dit skal vi!
Etter å ha gått ned den bratte lia, var det godt å koma ned til Vetti gard. Her sel dei vaflar, kaffi, brus og andre godsaker. Nett denne dagen kom vi akkurat presis til ein akustisk utekonsert, som dei tilsette på garden hadde stelt i stand. Vi høyrde to innslag, men pga at elgsteika venta heime hjå Teigens, måtte vi berre skunda på. Frå Vetti gard var det ein time å gå ned til Hjelle, som var endestasjonen, der far Teigen stod med bil og venta på oss, for å køyra tilbake til Øvre Årdal. Ned til Hjelle går ein på grusveg, så det er lett å gå. Denne dagen kjendest det langt ut, så det var heilt fantastisk å koma fram. Det blir lenge til neste gong eg går ein liknande tur, men det skal ikkje bli lenge til eg går i fjellet igjen!

Fleire foto frå turen har eg lagt ut her.