Viser innlegg med etiketten Milepælar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Milepælar. Vis alle innlegg

30. september 2011

36 år!

30. september! Datoen gir meg berre trivelege assosiasjonar, sjølv om eg fyller heile 36 år denne gongen. Eg øver meg på å ikkje stressa med at eg nærmar meg 40, men i staden ropa hurra og jubla over at eg har sprada rundt på jorda i endå eitt år.
Her er eg på bursdagen min for fire år sidan. Eg er på fjelltur på heimlege trakter. Og eg innser at både hausten og håret mitt var mykje raudare enn i dag (og håret var eit par meter lengre). Men eg trenar framleis på finaste Krønsj, og dit har eg faktisk tenkt meg i dag når arbeidsdagen er over. Hurra for meg!

7. juli 2011

1 år!

Hurrraaa! I dag klokka 12.30 er det eitt –1!– år sidan denne vesle finingen kom til verda. For eit år! Eg er mållaus.

6. juli 2011

Kontrastar

Rett ved Ullevål sjukehus ligg ein gigantisk gravlund. For eitt år sidan i dag parkerte vi bilen like ved og gjekk (dvs. eg vagga) gjennom gravlunden i skuggen av dei skyhøge trea, medan vi gløtta på gravstøttene for å sjå om vi såg nokre fine gutenamn på vår veg. I bygget bak der ligg fødestova der veslingen blei fødd dagen etter. 

30. september 2009

34 år!

Juhu! Bursdag! Det er like kjekt kvart år. Denne veka har eg haustferie, og difor oppheld eg meg på heimlege trakter på Nordmøre. Dagen har vore fin så langt.

Det er haust, det er vått. Og det låg snø på toppen av Ertvågsfjellet i dag tidleg!

Altså innevêr. I ullsokkane til pappa.

Innevêr = strikkevêr. Så eg brukar dagen på å strikka på kjolen min. Som minner meg om ein bunad (eg trur det går over). Mønsteret og garnet er islandsk. Får kryssa fingrane for at det blir 20 minus til vinteren. Eg sveittar berre strikketøyet ligg i fanget.

Mamma set brøddeig, og eg gler meg til lukta av nysteikt brød fyller huset. Det går rykte om kaker, så det blir nok endå meir å sjå fram til.


Og SÅ, vettu! Når eg er heime, har eg tid til å surfa rundt på nettet og drøyma om alt eg har lyst til å laga. På ein slik surferunde fann eg heilt tilfeldigvis ut kva leikene på biletet over heiter! Desse figurane har eg hatt sidan eg var lita, og eg hugsar at eg hadde ein vask også. Eg har alltid lurt på kva leiker dette er. No har eg funne ut at det er Fisher Price-leiker som var populære på 60- og 70-talet, og at dei går under namnet "Little People". På eBay kan ein finna Little People-skular, møblar, hus, båtar ... Eit mekka! Så no får vi sjå om eg greier å halda nostalgien i sjakk ...

24. februar 2009

Ein milepæl

Etter å ha kjøpt meg splitter nye ski har eg gått på ski for fyrste gong på 13-14 år (eg hugsar ikkje om førre gongen var i -95 eller -96)!

Oppsummering:
  • Det er framleis artigast å renna ned.
  • Og det er framleis artigast å skøyta framfor å gå i skisporet.
  • Ski er framleis bakglatte. Grrr ....
  • Ny oppleving: Det er upraktisk å ha med spegelreflekskamera (difor blir det mobilbilete i staden. Teitteitteit)
  • Det er upraktisk med stavar som sit dønn fast i hendene. Eg kjøpte sånne stavar som ein klistrar fast til hendene. Vanvittig teit når ein skal ta bilete (med spegelrefleks), men veldig bra når ein skal skøyta.
  • Det er ei merkeleg kjensle å gå utan ski etter at ein har teke dei av. Men akk, så godt!
  • Kombinasjonen appelsin og ski har eg aldri forstått. Kliss og atter kliss.
  • Det luktar skismurning av kleda, håret, pusten ... ja, alt! ... medan ein går, sjølv om det ikkje kjennest ut som om det finst smurning under skia.
  • Eg må jo prøva å bruka skia litt no når eg har fått meg nye. Dei kan til dømes vera kjekke å ha når eg skal ein snartur på butikken:

2. januar 2009

Høgdepunkt i 2008 og mål for 2009

I 2008 baka eg veldig mange brød. Og det skal eg halda fram med i 2009.

Eg opparbeidde meg ei bra tøystoffsamling. Og eg sydde min fyrste kjole! I 2009 skal eg ikkje kjøpa meir stoff, men sy av det eg har.

Eg var i Jostedalen for fyrste gong og kjende meg som turist i eige land. (Gubben òg, som de kan sjå, sjølv om han er sogning) Eg innsåg at eg må kjøpa meg ski og oppsøkja norsk natur om vinteren òg. Mål for 2009: gå på ski!

Eg møtte Olav Stedje! Og åt barten hans! Hahaha. Mål for 2009: læra meg alle tekstane hans utanåt.

Eg planta blomar i verandakassene for første gong. På grunn av steiksol døydde dei midt på sommaren. Mål for 2009: ha fleire blomar i hus, både inne og ute, og læra meg å stella dei. (Mamma er læremeister.)

På grunn av steiksola sumde eg i Mjosundet for første gong på hundre år. Mål for 2009: symja meir (hovudsakleg innandørs).

Eg var på heimlege trakter både i juli og oktober, og observerte eit uvanleg rikt dyreliv på nært hald. Både fire ekornungar og fleire revar (dårleg kombinasjon ...) oppheldt seg i hagen. I 2009 har eg tenkt å reisa heimover både to og tre gonger for å trekkja frisk luft og lufta tærne.

Vi var på bilferie i indre Sogn og fekk oppleva den økologiske himmelen på gardsbutikken til Sogn Jord- og Hagebruksskule. Mål for 2009: leva økologisk frå topp til tå og frå inst til ytst.

Årets mest fantastiske ute i det fri-oppleving var to-dagars fjelltur i Jotunheimen i steikande julisol. Fjellturar skal det bli meir av i 2009!!!

Vi var pusepassarar opptil fleire gonger, og det kjem vi vonleg til å halda fram med i 2009.

Oslo har mykje å by på, i alle fall når ein kjem seg ut i skog og mark. Det blei fleire fine turar rundt Nøklevann, og fleire skal det bli i 2009. Eg har òg som mål å oppdaga fleire plassar i Oslo, med sykkelen som transportmiddel. Kort og godt har eg tenkt å røyva meg meir i lokalmiljøet i 2009, anten det er snakk om Østmarka, Sogn, Mjosundet eller Jotunheimen. Utlandet får venta litt (sjølv om eg stadig drøymer om å reisa attende til San Francisco).

30. september 2008

33!

I dag vart eg 33 år! Eg konstaterer at eg stadig blir yngre. Eg har nemleg ein tiårskalender som eg skriv tre linjer i kvar dag, noko eg har eg gjort sidan 1999 (2008 er altså det tiande året eg gjer dette.) 30. september 1999 fylte eg 24 år, og då oppheldt eg meg i Santo Domingo, Den Dominikanske Republikk. Denne dagen skreiv eg i tiårskalenderen min:

24 år. I Den Dom. Rep. Feira hos Lorenzo med rundstk, pannekaker og vin ... Kjenner meg gamal.

2001 er ikkje noko å referera om, men i 2002 fylte eg 27 år, og då skreiv eg m.a: No kjenner eg meg verkeleg GAMAL!

Men sidan den gongen har det berre gått oppover, eg uttrykkjer stadig større glede ved å ha bursdag for kvart år som går. Og bursdagsfeiringane blir liksom barnslegare og barnslegare, tykkjer eg (men eg likar det). Det er til og med beibiar med på feiringane. Eg fattar ikkje korleis eg kunne kjenna meg GAMAL som 24-åring! Eg tykkjer jo ikkje at 24-åringane i dag er så gamle, akkurat. Men samstundes kjenner eg meg ikkje gamal som 33-åring. Konklusjonen må vera at eg VAR eldre, og at eg stadig blir yngre. Hurra!
Her har eg pynta meg til dameselskapet i kveld. Klesstilen avlører jo at eg nærmar meg 50, men eg ser no elles ganske ungdommeleg ut, vil eg påstå.

24. juli 2007

Milepæl

I dag meldte eg og gubben oss inn i Smart Club! Dette er definitivt den nye yndlingsen. Smart Club ser ut som eit forstørra Domus (den gongen det eksisterte), berre at det gode merke der (som er billige!). Aldri har vi vel vore på ein og same plass og fylt handlevogna med så mange ulike varer:

1 stk lett og perfekt allværsjakke (Columbia)
1 stk fotoalbum
1 flaske glutenfritt øl (Smart Club = den glutenfrie himmelen)
2 pakkar glutenfri havregryn
2 flasker Palmolive flytande handsåpe (umogleg å kjøpa berre ei flaske)
1 flaske Redken shampo (kostar ca ein million hjå frisøren)
1 flaske Redken balsam (kostar òg ein million hjå frisøren)
2 stk Stormberg fleece-jakker (vi kjøpte IKKJE i same farge, altså)
1 stk ullundertøy-trøye med høg hals
1 bok: Østmarka
1 stk king size-tannkremtube
1 boks tomatbønner
1 gigapakke spekeskinke
1 stk turkopp
1 flaske Lerum-saft med eple&pæresmak
8 dorullar (i ein pakke, altså)
1 pose salte krispy-snacks

Vi var på nippet til å kjøpa vaskemaskin òg, men heldt oss i skinnet.

21. februar 2007

Sigmund 30 år i dag!


Hipp hurra, Sigmund-bror er 30 år i dag! Det er jo ikkje så lenge sidan MIN 30-årsdag, så eg innser at vi vart fødde med ganske kort tidsmellomrom. Eg har fått referert at det første eg sa då vi parkerte bilen på sjukehuset for å sjå den nyfødde guten, var "myttjy bila!". Det er akkurat som eg hugsar det, men det er mogleg det er innbilling av di det har blitt repetert årleg i 30 år. Elles hugsar eg svært lite av korleis det var å få ein bror. Eg var jo nesten nyfødd sjølv, så minnet var nok ganske dårleg enno.

Eg trur ikkje eg var særleg sjalu, sjølv om eg drakk opp all morsmjølka som eigentleg var til bror. (Orsak, Sigmund!) Og når vi er inne på søskensjalusi, vil eg tilrå å lesa boka Ikkje gløym å klappe katten, som på ein fantastisk grotesk og humoristisk måte skildrar korleis det kan vera å få ein liten bror. Eg har 1 eks av boka liggjande her på kontoret mitt, og vil gjerne gje henne vekk til den første som melder seg, i høve denne store dagen.

Sigmund: ikkje lat dagen bli overskugga av at Kong Harald er 70 år. Ta på partyhåret og feir! Hehe...

4. februar 2007

Ikkje gløym knappenålene

I går døydde onkelen min. Det er rart korleis livet berre går vidare, som om inkje hadde skjedd. Når eg ser ut, ser eg folk og bilar som passerer nede på vegen. To gamle damer med kvar sin rullator står og snakkar med kvarandre. Trikken går som vanleg. På tven går alle programma som planlagd. Heilt utruleg!

Eg hugsar då Kong Olav døydde i 1991. "Kongen er død!" var det første pappa sa då han kom og vekte meg om morgonen. Vi kunne ikkje gå på skulen, og på radio og tv handla det berre om kongen. Livet stod verkeleg stille. Det var utruleg rart. Og eg trur at sjokket vart ekstra stort nettopp fordi alt stoppa opp. Det påverka kvardagen vår i så stor grad, utan at vi sjølve kunne gjera noko frå eller til. Skulen var stengd, uansett.

Når nokon døyr, er det godt å sjå at alt ikkje stoppar opp, midt oppe i det triste. Å sjå at livet går vidare gjer at ein set større pris på dei kvardagslege gjeremåla, som ein ikkje reflekterer så mykje over til vanleg, nettopp fordi dei er så vanlege. Små hendingar overraskar meg meir. Som i dag, då eg baka overraskande gode rosinbollar. Eller då eg full av forventning las kva eg måtte ta med til første sykurs-kveld i morgon: målband, vevd band, knappenåler, notisblokk og penn. Det er fantastisk at eg skal få høve til å læra korleis eg kan skapa noko fint med symaskina mi! Eg vonar at eg aldri blir lei av å stikka meg på knappenåler.

11. januar 2007

K J Æ R L E I K














Yep, Sigmund is making the world a safer place. We're getting married in San Francisco, and you are invited.

30. september 2006

31 år i dag!


Her er eg og pappa 30. september 1976, for akkurat 30 år sidan. Mamma fotograferer (utan blitz - difor mykje skugge som gjer at hovuda våre ser forvrengde ut).

1-årsdagen og 30-årsdagen er truleg dei største bursdagsfeiringane så langt i livet. Hugsar ikkje så mykje av den første, men den fantastisk flotte og store feiringa i fjor har eg mange gode minne frå. Det å verta 31 er liksom ikkje like stort og vert ikkje markert på nokon spesiell måte. Det er ein heilt vanleg dag. Regnet høljar ned, eg har vondt i halsen og hovudet, er forkjøla...Ikkje har eg planlagd noko selskap og ikkje har eg planlagd kakebaking. Det einaste som gjer at bursdagskjensla kjem snikande er alle gratulasjonstekstmeldingane eg har fått.

Konklusjon: Eg skal ikkje venta til eg er 40 med å halda stor bursdagsfest!

5. september 2006

Seint, men godt!

Eg trur eg og bror min har det etter mamma og pappa, som vart foreldre for første gong då dei var 43 og 48 år: vi er litt treige ...

I vår leverte eg hovudoppgåva mi etter to år på overtid. Og i dag, etter eitt år på overtid, kom den store dagen då Sigmund disputerte! Mamma (74) og pappa (79) tok Kystekspressen til Trondheim med finstasen i kofferten og sjekka inn på hotell for å få med seg seansen. Mamma måtte i hui og hast kjøpa ny dameveske før disputasen, for lommeboka var plutseleg blitt så stor at det ikkje var plass til henne i den medbrakte dameveska (må fylla opp når ein skal på bytur, vettu). Det knytta seg òg stor spenning til korvidt kjoleutringinga på den medbrakte kjolen var for stor eller ikkje. Så det var hakket før det vart kjøpt inn ny kjole òg. Pappa vurderte om det burde vera kvit eller blå kjorte, og det vart blå. Som vi altså skjønar: dette var ein stor dag.

Det er kjekt med store dagar, kanskje særleg når dei kjem seint. (Men eg har ingen planar om å få unge nr. 1 i ein alder av 43)

3. mai 2006

Punktum!

Kvitre, kvitre! I dag sendte eg Oppgåva til trykking!!! Mange netter med skriving er over. Ingen fleire kjipe helger! Aldri meir dårleg samvit fordi eg ikkje skriv. No startar livet! Dette står på planen i mitt nye liv:

1. Kjøpa symaskin
2. Gå på sykurs på Folkeuniversitetet (beste studiet eg kan førestilla meg!)
3. Kjøpa lekkert ty på Åhlens til å sy lekre kjolar med
4. Byrja å sy lekre kjolar i 50-talssnitt
5. Kjøpa meg tøffe, sporty vårsko
6. Kjøpa Electrolux kjøkkenassistent til å baka lekre glutenfrie brød med
7. Kjøpa spisebord, eller kva det no heiter på nynorsk
8. Kjøpa møblement til verandaen (bord, stolar)
9. Byrja opphalda meg på verandaen, helst når det er sol
10. Fylla opp verandakasse nr. 2 med fine blomar
11. BYRJA PÅ AEROBIC ATT!!!
12. Ta kontakt med gamle vener som eg ikkje har sett på lenge
13. Planlegga sumarferien
14. Byrja å konsumera alkohol att
15. Byrja ute-tennissesongen, kanskje i ny tennisklubb
16. Kjøpa tennis outfit
17. Skriva eit (litt) forseinka julebrev

Meir kjem!:-)
......................................

Nokre timar seinare, etter at eg har byrja fylla livet mitt med tanketomme, men artige ting:

Det er tid for gissetevling! Sjangeren er historie.














Kva årstal er dette fotografiet frå?
Kven av dei er pappa?
I kva høve vart fotografiet teke?

Det vert premie til den som gissar nærast. Kva premien er, er avhengig av kven du er.

30. september 2005

30!

I dag er eg 30! Det var meininga å ha eit bilete av den flotte kaka eg fekk på jobb, men det fekk eg ikkje til. Det var fruktmousse-kake med nøttebotn. Kjempegod! Eg reknar med at det berre kjem til å gå oppover i løpet av dagen. Hurra!