31. oktober 2008

Det beste Halloween-knepet

I dag var eg og sumde rett etter jobb. Vanlegvis brukar det å vera bra med folk i Bølerbadet ein fredag ettermiddag, men i dag var det nesten heilt tomt. 3/4 av badet var reservert for oss som som vil symja att og fram, og det var stort sett mellom 4 og 7 personar der samstundes. I leikedelen av bassenget var det nesten ingen. Heilt fantastisk! Aldri har eg vore meir nøgd i badet enn i kveld.

Då eg rusla heimover etterpå, med verdas beste samvit (fordi eg hadde sumt trass i at eg var doven og lat og eigentleg berre ville lata meg), kom eg på eg kvifor bassenget var så tomt. Det er jo Halloween i dag! Mellom blokkene på Oppsal myldra det av utkledde ungar med digre godteposar i hendene, og eg høyrde det obligatoriske knask eller knep-direktivet frå alle kantar. Det var heilt vilt med ungar (men det er mange ungar her på Oppsal, då). Eg sneik meg usynleg forbi dei (eg hadde berre purrelauk og liknande i handleposen, altså inkje å by på). Vel i hus kjende eg meg utruleg lur! Og visste med ein gong kva eg skal gjera neste gong det er Halloween.

22. oktober 2008

Jag trivs best i öpna landskap ...


Eg veit ikkje om dei tilsette i DNB Nor Markets ville ha sagt det, men. Biletet i Aftenposten i dag gav meg assosiasjonar til The Gathering i Vikingskipet på Hamar, datamessa der fjortisar sit og spelar dataspel og drikk cola døgeret rundt i fleire dagar. Greitt nok å sitja slik i nokre dagar, men å arbeida slik??? Uansett, slik ser det ut på The Gathering, til samanlikning:

20. oktober 2008

Biopeis

Når vinden ruskar i trea og regnet piskar i andletet, hadde det vore fantastisk å koma heim til såkalla peiskos. Og tadaaa! Her er løysinga for alle oss som bur i lågblokk utan høve til å montera pipeløp: biopeis!
Denne peisen frå Biopeis kostar heile 22.500 kr, men det finst mange andre modellar, som er flyttbare, og som kostar berre 8000 kr (rett nok mykje for oss det òg, men). Tenk då, peis utan pipe! Og biopeisen fører til langt meir miljøvennleg peiskos enn det den vanlege peisen gjer. Ein fyrer nemleg med bioetanol, som er laga av m.a. mais og potet, og som for det meste gjev frå seg vassdamp. I siste OBOS-bladet reklamerer dei med at ein får 20 liter biobrensel gratis dersom ein kjøper ein peis i løpet av oktober. Sikle, sikle, eg har SÅ lyst på! Er det nokon som har erfaringar med biopeis, eller har sett ein i bruk?

18. oktober 2008

Ekorngenser!



Dette er det nye strikkeprosjektet mitt. Ein ekorngenser! Eg fall pladask då eg såg det fine mønsteret. Eg tenkte med ein gong på dei søte ekornungane i hagen til mamma og pappa, på hausten, haustfargar, på leik og gaman i skog og mark i barndommen ... i det heile teke gav mønsteret og fargane meg gode assosiasjonar. Det er litt kjipt at eg må strikka med babyull frå Dalegarn. Garnet kjennest så utruleg glatt og behandla ut. Og ein skal strikka med pinnar i storleikane 2 og 2,5. (2 er dei tynnaste pinnane som finst ...) Altså går det veldig saaakte å strikka (heldigvis er det storleik 6 md). Men eg har byrja! Og eg gler meg til eg skal strikka ekorna og til eg skal festa dei fine, oransje nøttene.

14. oktober 2008

Uff og uff



Dette biletet fann eg i eit Se og Hør som eg tilfeldigvis gløtta i då eg var på stam-sushiplassen min (der dei har bra sushi, men dårleg lesestoff). Eit nesten identisk bilete stod ved sidan av, og overskrifta var "Finn fem feil." Eg veit ikkje heilt kva eg skal konkludera med, bortsett frå det heilt openberre med at dei passa godt inn i blekka.

12. oktober 2008

Pus i hus



Dette er Brötzmann. Han er oppattkalla etter denne mannen (han med saksofonen). Her ligg han i vindaugskarmen på soverommet vårt og følgjer med på fuglar som flyg forbi.

Med ujamne mellomrom, når husmor og husfar er vekkreiste, kjem den fine katten på overnattingsvitjing. Denne gongen har han sjekka inn for fire netter, og som kvar gong når han er på vitjing, blir kåken vår forandra. Noko skjer med kåken! Og med oss. Eg går med ei konstant kjensle av at vi ikkje er åleine. Eg høyrer at eit levande vesen tassar rundt i gangen på tørre potar medan eg sit på kjøkkenet. Eg sit på kontoret medan eg høyrer ein ball som trillar over stovegolvet. Kva skjer no? tenkjer eg forventingsfullt. Tørre potar og kvasse klør går plutseleg til åtak på tærne mine, medan eg anar fred og inga fare. Dette levande vesenet tenkjer, det har ein plan, utanfor vår kontroll! Kva som helst kan skje. Dersom det blir heilt stille, blir vi urolege. Kva tenkjer han no? Kva er planen?

Det kan skje noko i kvar ein krik og krok. Heile kåken er levande. Brått ser vi at ein serviett på golvet kan vera utruleg interessant å studera nærare. Eller at plantane smakar godt. Garnnøsta mine er fine å leika med. (Og dei smakar godt.) Brått må vi hugsa å ta att døra til soverommet før vi går på arbeid om morgonen (senga er det einaste forbode området). Og verandadøra er det krise å gløyma å ta att, for enn om han hoppar over kanten? (Skrekkscenarioet til ein kvar kattepassar) Vi må sjå at pus har nok mat, og at dokassen hans er tom for drit. Det er eit levande vesen som vandrar rundt i huset vårt! Kvar er katten? seier vi i kor når vi har vore oppslukte av noko på tven og gløymt at vi har ein katt på vitjing. Og så leitar vi til vi finn han. Ofte har han berre lege og sove på stovebordet rett framfor oss, medan vi har leita huset rundt.

Når eg står opp om morgonen, er det første eg tenkjer: pus! Korleis har natta hans vore? Eg er like spent kvar gong på å sjå om han verkeleg ER i huset. Som regel ligg han uskuldig og søv på det varme badegolvet, medan ballen, leikemusa og diverse andre leikbare effektar ligg på heilt andre plassar enn kvelden før. Det ligg hårtustar på kjøkkenbordet, og pus stryk seg inntil leggen min.

Det raraste er at når pus er tilbake i heimen sin, kjennest det ut som om han framleis er her. Vi tek att dører som før og skal til å sjå om han sit i vindaugskarmen, før vi hugsar at han er borte. Så då er det berre å gle seg til neste gong kåken blir levande att. I mellomtida må det støvsugast.

11. oktober 2008

Snadder

I kjøleskåpet står det fem syltetyglas med heimelaga eplemos frå Mjosundet. Mamma har garantert at innhaldet er økologisk og har skrive utanpå kvart glas kor mykje (dvs. lite) sukker ho har tilsett. Dagens kveldsmat: knekkebrød med eit tjukt lag med cottage cheese (eller hytteost, som det truleg burde heita) nedst og eit minst like tjukt lag med eplemos på toppen. Det spørs kor lenge glasa får stå der fulle.

Ein herleg dag i hovudstaden

Stikkord er strålande haustsol og haustluft og ein tur til Sømmelig, der eg kjøpte retrotøystoff, kaffi og bladde i gamle handarbeidsblad. Og snart: film frå Haiti på Film frå Sør. Nett no går eg nedover Torggata i sola og diggar at det er mogleg å blogga same kvar eg er.

5. oktober 2008

Dagens søndag

Den første søndagen i oktober blir Mjosundmila skipa til. Dette har vore ein årviss tradisjon sidan 1986, og eg var med dei ni første åra (dvs. så lenge eg budde heime). Det er mogleg å springa på tid òg, men eg har aldri gjort det. Ja, det heiter Mjosundmila fordi distansen er EI MIL, men eg greier ikkje å springa så langt, diverre. Den siste gongen eg gjekk, var altså i 1994, og i år fekk eg gullmerke for å gå for tiande gong. Juhu! Deltakartalet har gått gradvis nedover, og i år var det 16 som deltok, mot om lag 60 deltakarar i glansdagane. No skal det seiast at i år både regna og SLUDDA det konstant, så det er mogleg at det ikkje verka så forlokkande. Eg tykte det var herleg å gå ute i striregnet, og endå betre var det å koma heim og ta ein glovarm dusj i vatn frå Gulmåssåbekkjen og med ekte einer-dusjsåpe, eta lapskaus til middag og eplekake til dessert. Og så skal eg berre strikka resten av kvelden og ikkje tenkja på at vi må reisa attende til Oslo i morgon.

Eg og pappa. Pappa gjekk for 21. gong!
Knut gjekk for første gong.

4. oktober 2008

Tøystoff på rekkje og rad

Dette er nokre av tøystoffa eg har liggjande no. Eg innser at eg har ein tendens til å kjøpa tøystoff som eg tykkjer har utruleg fine fargar og mønster, men som kanskje ikkje eignar seg så godt til å bli klesplagg til meg sjølv. Dessutan er stoffa så fine at eg knapt tør å tenkja tanken på at eg må klippa i dei. Sukk, korleis skal dette gå? Eg trur eg må finna ut kva kvart einskild plagg skal bli til. Eg må laga ein syplan!