30. november 2010

Restegarn-inspirasjon!

Denne fine ullkjolen strikka mamma til meg til 17. mai 1980. Eg meiner å hugsa at ho sat oppe natta før for å gjera han ferdig til den store dagen. Var nok mange trådar å festa, ja ... Eg brukte kjolen ved fleire festlege høve seinare og hugsar at eg likte å gå med han.

Mamma har sjølv komponert mønsterbordene, og ho har brukt restegarn. Eit godt døme på korleis ein kan bruka restegarn, med andre ord! Så dette får vera til inspirasjon. For no har eg innsett at eg er nøydd til å kvitta meg med restegarn. Og ikkje berre restegarn, men garn generelt. Det flyt over av garnnyste her i kåken. Så no skal eg byrja strikka fargerike plagg, særleg til veslegut. På planen har eg ribbestrikka bukser og genserar (frå Strikk til nøstebarn, som vanleg). Og eg veit jo ikkje om Tryggve kjem til å interessera seg for dukker, eller om eg greier å skapa interesse for det, he-he ... men i alle fall har eg kjempelyst til å strikka dukkeklede! Og det er jo perfekt bruk av restegarn. I boka Brukt på nytt (same forfattar som av nøstebarnboka) er det oppskrifter på dukkeklede. Så får vi sjå om eg greier å strikka noko anna enn berre striper ...

16. november 2010

Stripeguten

I går kveld sydde eg i knappane, og i dag kunne Tryggve gå ut i verda i denne superfine genseren, som eg fekk lyst til å laga etter å ha sett denne kjekke karen. Eg byrja på genseren for ei god stund sidan, dvs. i vår ein gong, og eg hadde med meg den uferdige genseren på sjukehuset då eg skulle føda i juli, utan at det gjekk så veldig fort framover med strikkinga akkurat då ... Men no innsåg eg at eg måtte bli ferdig slik at guten rakk å gå med genseren medan han framleis passa. Fordi eg gjorde noko feil med raglanfellinga og måtte rekka opp kjempemykje, gav eg frå meg strikketøyet til strikke-maraton-eksperten Arnhild, som bur i naboblokka mi, og vips: På kort tid rekte ho opp og reparerte feilen/a, strikka ferdig genseren og festa til og med alle trådane (og ja, det blei ekstremt mange trådar). Så ho er delaktig i det fine resultatet.


Her ligg Tryggve og fektar i den fine genseren. Eg diggar fargekombinasjonane! Knappane er gjenbruk. Eg fekk eit syltetøyglas med brukte knappar av mamma i haust, og derifrå grov eg fram desse fem knappane som passa perfekt til genseren.

Oppskrifta er frå Drops garnstudio, og garnet er Drops alpaca, som i oppskrifta. 

15. november 2010

Kjekkasgenser til ein kjekkas

Tryggve har nettopp runda 4 månader og brukar klede i storleik 74, som visstnok skal passa for ungar på 9 månader. Så ja, han er stor for alderen. Her om dagen byrja eg på strikkeprosjektet kjekkasgenser frå Pickles. Herleg genser som eg sjølv har maken til ( ... men som er kjøpt på H&M). Eg la opp i storleik 2 år, for å vera på den sikre sida.
Og med dobbelt tråd og rettstrikk går det unna! Etter nokre timar såg arbeidet slik ut:
Eg tykte blå kjekkasgenser såg fin ut, men eg er fan av at Tryggve skal få ha på seg klede i alle regnbogens fargar, så difor vart det dette oransjeliknande garnet denne gongen. Det er altså Pickles-garnet baby merino, og på nettsida kallar dei fargen "røde kinn – kremet korall med hint av blek fersken". Pickles har så utruleg delikate namn på garnfargane sine. Eg får nesten lyst til å kjøpa alt garnet berre på grunn av namna. Uansett, dette garnet er supermjukt og kjennest ikkje ut som ull. Og det er diggbart å strikka med det. Kanskje eg må strikka ein kjekkasgenser til den største mannen i huset også?