31. januar 2009

Moro mote #2

Wow! Strikkekjole signert Jean Paul Gaultier for å feira at Sonia Rykiel hadde vore 40 år i bransjen i haust. Festleg! Litt bakgrunnsinfo: Rykiel blei kåra til Queen of Knits på 60-talet, og på Wikipedia kan vi lesa at ho (...) proved that knitwear can follow any trend. Det kan vi lika!

Og når eg ser bilete av Rykiel, skjønar eg kvifor modellen over ser ut som ho gjer. Herleg hårfarge!

Ivar Aasen

... var på laget til Knut Nærum i går. Eg også vil ha Ivar på bringa!

28. januar 2009

Moro mote #1

(AP Photo)
Single Red Sashimi looking for a Single White Rice

Eg kom over ein festleg nettstad der folk kan senda inn bilettekstar til foto som fortener merksemd på ulike måtar. We post the photos; you do the rest, er meldinga. Hahaha, biletet med denne teksten tok kaka. Enkle gleder er det beste!

19. januar 2009

Statusrapport

Eg håpar det ikkje skjuler seg ein bil under denne snøhaugen. Det er heldigvis ikkje bilen vår. Han står under ein snøhaug eit par snøhaugar frå denne. Ja, vinteren er her! (Og han blir her sikkert i ca. tre dagar til.)

16. januar 2009

Økodraum

Medan snøen dalar ned utanfor, drøymer eg om våren. Her har eg sett saman ein liten vårleg draumegarderobe (sjølv om kolleksjonen består av haustlauv ...) som er 100 prosent økologisk:
  • Øyredobbar i sølv frå Annette Ferdinandsen
  • Godt brukt bukse frå 7 for all Mankind
  • Solbriller frå iWood ecodesign
  • Skjerf (eg har eit så å seia identisk eitt frå økoserien til H&M) frå Organic
  • Kvit topp frå New Look
  • Gråmelert topp frå økoserien til H&M for våren 2009. Denne må eg nok ha!
  • Veske frå H&M som var så kvit og keisam at eg splætta på nokre fine, gule lauv.
  • I veska har eg økopærejuice, økosnacks og eple!

13. januar 2009

Prosjekt finlandshette

Eg har strikka ei finlandshette i eit garn som er fantastisk på mange måtar. (Det stod finlandshette i oppskrifta, men det er eigentleg ikkje det, vel?)
  • For det første: det er utruleg mjukt og godt å ta på og varmt å pakka rundt seg.
  • For det andre: tre kroner av det kvart garnnøste kostar, går til å finansiere internatskule for ungar i Andesfjella, der alpakkaen og garnet kjem frå. Garnet heiter Mirasol og er kjøpt på Du store alpakka.
  • For det tredje: det ser sikkert ut som om eg har strikka striper med ulike garnfargar, men det har eg ikkje. Det er eitt og same garnnøste som har laga dei fine stripene. Garnet er nemleg handmåla med ulike fargar i eit bestemt mønster, som gjer at det blir slik.
Eg gjorde noko genialt (trur eg): hekla på to små hemper slik at det skal vera enkelt å hengja opp lua når ho ikkje er i bruk.

Og eg trur ho som fekk lua, vart glad òg. Ho sa i alle fall "Oj!" då ho pakka opp gåva.

9. januar 2009

Hurra!

Til jul vart eg omsider ein lukkeleg eigar av ein fantastisk skannar, og no er eg i gang med å dokumentera alt av foto og lysbilete som er verdt å digitalisera. Eg kjenner meg på ein måte gammal nok til å mimra attende til gamledagar no. Det som er fantastisk, er at eg kan skanna fire lysbilete om gongen utan å ta av lysbileterammene, og at eg kan skanna negativ film (og bilete som er framkalla på fotopapir, naturleg nok). Og resultatet blir fantastisk same kva det er eg skannar. Dersom eit foto har blitt litt falma, er det berre å redigera det i iPhoto, og vips! - biletet er berga. Eg elskar denne teknologien!

7. januar 2009

Korleis snu det negative til noko positivt

Det verste eg veit når gradestokken syner under 0, er å måtte kle på seg alt dette på ein gong:

- tjukkaste stillongsen
- så tjukk at eg slit med å dra på meg buksa utanpå
- tjukke Ulvang-sokkar
- andeføter (gir stiv, ande-aktig gange, pluss gnagsår ved bruk av tjukke sokkar)
- ull-t-trøye
- langerma pologenser
- den tjukkaste ullgenseren med den tjukkaste halsen
- den tjukkaste vinterjakka med ei hette så gigantisk at eg blir baktung når eg har henne på (eg trur jakka veg 5 kg, eg må sjekka)
- ullfora skinnhanskar
- alpelue

Då eg vralta ned til t-banen i dag, stiv som ein stokk og sikkert 20 kg tyngre (kjendest slik ut), prøvde eg å tenkja ut EIN positiv ting med å gå slik. Og eg fann ein! Ved å dra glidelåsen på jakka heilt opp, kan nesten heile andletet forsvinna ned i hettekanten, slik at berre augo stikk opp, og slik at den gigantiske hetta omkrinsar hovudet (litt vanskeleg å forklara utan å ha sett den merkelege hetta). Då eg gjorde dette, kjendest det ut som om eg vart usynleg. Lag på lag med klede skilde meg frå omverda. Og eg tenkte at slik kjennest det sikkert ut å vera spion (draumeyrket).

3. januar 2009

Frå mørkeloftet #1

No skal eg starta ei ny spalte: Frå mørkeloftet. Mørkeloftet heime hjå mamma og pappa er nemleg fullt av skattar! Det er både skattar frå barndommen min og frå då mamma og pappa var unge. Sidan eg og gubben endeleg har fått oss bil (gammal skatt frå 1992 frå foreldra hans) og skal køyra attende til Oslo, fann eg ut at det var lurt å sjå om eg kunne grava fram nokre større gjenstandar til å ta med attende i morgon.

Og det fann eg! Då eg var lita, vann eg ofte på basar, og no fann eg ein gevinst som har stått inst på mørkeloftet sidan 5. oktober 1980, då eg var fem år og tydelegvis i stand til å merke gevinsten med namnet mitt:


Oppe i øskja låg det eit sett med seks asjettar og kaffikoppar, alt ubrukt!

Eg likte koppane. Dei er både styggfine og trauste. Den firkanta fasongen gjer at dei garantert er stødige (noko mamma er oppteken av når det gjeld kaffikoppar). Det står Made in China på settet, så det er ikkje akkurat Figgjo, men likevel ...

Rosa og lyseblått er ikkje heilt meg, liksom, men eg likar mønsteret likevel. Eg trur dei kan bli fine å bruka til sommaren, ute på verandaen. Dessutan er dei meir lilla enn rosa. Og nostalgien veg tyngst her!

Eg må vel kunne kalla dette eit kupp?

2. januar 2009

Høgdepunkt i 2008 og mål for 2009

I 2008 baka eg veldig mange brød. Og det skal eg halda fram med i 2009.

Eg opparbeidde meg ei bra tøystoffsamling. Og eg sydde min fyrste kjole! I 2009 skal eg ikkje kjøpa meir stoff, men sy av det eg har.

Eg var i Jostedalen for fyrste gong og kjende meg som turist i eige land. (Gubben òg, som de kan sjå, sjølv om han er sogning) Eg innsåg at eg må kjøpa meg ski og oppsøkja norsk natur om vinteren òg. Mål for 2009: gå på ski!

Eg møtte Olav Stedje! Og åt barten hans! Hahaha. Mål for 2009: læra meg alle tekstane hans utanåt.

Eg planta blomar i verandakassene for første gong. På grunn av steiksol døydde dei midt på sommaren. Mål for 2009: ha fleire blomar i hus, både inne og ute, og læra meg å stella dei. (Mamma er læremeister.)

På grunn av steiksola sumde eg i Mjosundet for første gong på hundre år. Mål for 2009: symja meir (hovudsakleg innandørs).

Eg var på heimlege trakter både i juli og oktober, og observerte eit uvanleg rikt dyreliv på nært hald. Både fire ekornungar og fleire revar (dårleg kombinasjon ...) oppheldt seg i hagen. I 2009 har eg tenkt å reisa heimover både to og tre gonger for å trekkja frisk luft og lufta tærne.

Vi var på bilferie i indre Sogn og fekk oppleva den økologiske himmelen på gardsbutikken til Sogn Jord- og Hagebruksskule. Mål for 2009: leva økologisk frå topp til tå og frå inst til ytst.

Årets mest fantastiske ute i det fri-oppleving var to-dagars fjelltur i Jotunheimen i steikande julisol. Fjellturar skal det bli meir av i 2009!!!

Vi var pusepassarar opptil fleire gonger, og det kjem vi vonleg til å halda fram med i 2009.

Oslo har mykje å by på, i alle fall når ein kjem seg ut i skog og mark. Det blei fleire fine turar rundt Nøklevann, og fleire skal det bli i 2009. Eg har òg som mål å oppdaga fleire plassar i Oslo, med sykkelen som transportmiddel. Kort og godt har eg tenkt å røyva meg meir i lokalmiljøet i 2009, anten det er snakk om Østmarka, Sogn, Mjosundet eller Jotunheimen. Utlandet får venta litt (sjølv om eg stadig drøymer om å reisa attende til San Francisco).