Så kom eg i mål med denne. Det er ikkje så lett å sjå på biletet, men dette er den minste jakka eg har strikka nokon gong (storleik nyfødd):
Oppskrifta er frå "Hansemanns hentesett" i Brukt på nytt. Har tenkt at han i magen skal få jakka når han skal ut på sin første tur i juli. Er litt spent på om ho blir for varm ... Men heldigvis er jakka veldig tøyeleg, sidan det er to rett og to vrang, så eg trur det er mogleg å bruka henne ei stund utover hausten.
Eg streva litt med raglanfellinga til å byrja med. Eg har ikkje strikka raglan på to rett og to vrang-prosjekt før, men etter kvart forstod eg opplegget. Elles var det vanvittig mange trådar å festa til slutt, så då passa det godt at det var påskekrimtider.
Og så er eg nøgd med at eg fekk brukt nokre av dei fine sukkertøy-knappane mine!
8 kommentarer:
Søtt plagg! Og så spennende med baby! Jammen vanskelig å vite hvor mye klær disse små skal ha på, i dag var min lille gutt våt av svette da vi kom hjem fra tur i vogna...
For en flott jakke med utrolig fine farger! Jeg strikket det hentesettet til min januargutt, og hele settet passer fint ennå, bortsett fra lua. Kjempefornøyd med både jakka og buksa, lette og fine plagg. Kos deg videre i svangerskapet :)
Takk og takk! Ja, blir det ein like varm sommar i år som i fjor, trur eg ikkje eg får mykje bruk for denne ...
Eg vurderer å strikka buksa også:-)
Kjempeflott!! Denne vert kjekk å bruke!
så søt liten jakke!!:) Du er flink!
Takk, Torunn og Stine Marie!:-)
Ragnhild! Brått var eg innom her att, og brått skjøna eg kva som er i ferd med å skje - til lukke! Så gama ;-) Dét tenkjer eg vert eit velkledd lite nøstebarn!
Takk, Fivrel! Ja, det er tid for å få brukt opp garn, no;-)
Legg inn en kommentar