25. februar 2012

Kvardagen

Influensa, øyrebetenning, biholebetenning, lite svevn ... Ja, det er nokre av grunnane til at det har vore dårleg med blogging for tida. (Det er ikkje eg som har vore råka av alt dette, vi har alle tre vore sjuke, både samtidig og etter kvarandre ...) Eg har vore konstant trøytt og uopplagd. Medan veslingen har pila rundt mellom føtene mine. Og byrja seia nei. Neineineinei. Heile tida.
Det er først etter at eg sjølv blei mor at eg såvidt anar korleis det måtte ha vore den gongen eg var på alder med veslingen min. Her er eg ca. 1.5 og mamma er 44 (!) og høggravid. Eg tykkjer det kan vera utfordrande nok å ha éin aktiv krabat i huset. Men å ha to? Så tett? I følgje mamma var det ikkje noko problem. Korleis er det mogleg? Stiller vi større krav til kvardagen i våre dagar? Eller fortrengjer vi etter nokre år alle dei sjuke, slitsame dagane, der ein har snubla i leiker og matrestar, har ete middagsrestar til middag fleire dagar på rad, har lagt seg kl. 22.00 og stått opp kl. 05.30? Eg held ein knapp på at ein gløymer. For i dag var det nokon som hadde skrudd på sola! Vinter og sjuke dagar kjendest plutseleg langt unna der eg rusla med vårsko på bortover tørre fortau. Og eg gledde meg til å kjøpa vårsko til minstemann. Sjølv om det kom mange nei frå vogna. 

12. februar 2012

Kjekkasgenser og smetteskjerf

Den vesle kjekkasen min har gått med kjekkasgenser i vinter.
Oppskrifta på kjekkasgenser er frå fine Pickles, og ligg her. Dette var eit langvarig strikkeprosjekt. Ikkje fordi det var så vanskeleg oppskrift, men fordi eg heile tida utsette det eg ikkje såg så lyst på, nemleg å montera ermene. Eg har alltid strikka gensrar med rundfelling eller raglanfelling, og det er mykje meir praktisk enn å sy fast ermene. Eg fann ei oppskrift på nettet på korleis ein kunne sy i ermer på ein fin måte, men eg tykte ikkje det var så lett å få til. Eg måtte prøva fleire gonger før eg til slutt berre sa meg nøgd. Men kjekkasen klagar ikkje, og det er jo det viktigaste. 


Eg digga å strikka med dette garnet! Det er supermjuk baby merino-ull, og i oppskrifta var det med dobbel tråd. Den melerte fargen er superfin, og kan bestillast frå Pickles her



I juleferien strikka eg dette smetteskjerfet, og det var eit veldig enkelt og fint prosjekt som det gjekk raskt å strikka. Eg likte godt den fine heklekanten rundt. Oppskrifta er frå Drops garnstudio, og ligg her. Eg brukte Pickles-garn her også, nemleg Pickles pure alpaca i fargen Nordsjøen. Supermjukt garn!

No har eg lyst til å strikka ein genser/topp til meg sjølv snart. Men det blir garantert ei oppskrift utan påsying av ermer!

8. februar 2012

Ei påminning i kvardagen

Personligalmanakk.com kan ein laga seg personlege almanakkar. Eg har laga meg meg ein. Dette er framsida: 

Eg tok biletet av mora og dottera på landsbygda i Den dominikanske republikk hausten 1999, då eg var solidaritetseittåring i Changemaker/Kirkens Nødhjelp. Dei levde i stor materiell fattigdom. Det var før eg hadde digitalkamera, så ein visste jo aldri heilt korleis bileta kom til å bli før ein hadde framkalla dei. Dette var lysbiletefilm, og eg hugsar kor sett ut eg blei då eg møtte blikka deira på det store lerretet. 

Dette er originalbiletet:
Av og til treng ein bli minna på om at ein har det så alt for godt her i rike Noreg. Ei slik påminning passar fint å ha på framsida av ein almanakk. Eg treng slike påminningar, i alle fall. Påminningar som gjer at eg hugsar å støtta organisasjonar som gjer ein stor innsats for å hjelpa andre. Og påminningar som gjer at eg tenkjer meg om ein ekstra gong neste gong eg har lyst på eit klesplagg eller noko anna som eg eigentleg ikkje har bruk for.