30. juni 2011

Gode Ullevål universitetssykehus

For akkurat eitt år sidan hadde eg lite uhell på den eine doen på svangerskapspoliklinikken ved sjukehuset dykkar. Nærare sagt på doen der lyset i taket aldri blei skifta, men berre stod og blinka (eg sa ifrå om lyset mange gonger, men inkje skjedde). Det var sjølvsagt ikkje med vilje, men eg burde kanskje ha sagt ifrå om uhellet. Eg skjønar ikkje heilt kvifor eg ikkje sa noko. Kanskje fordi eg ikkje hadde store voner om at noko ville skje (sidan lyspæra aldri blei skifta). Eller kanskje fordi eg fekk ein smule sjokk av å sjå og kjenna kva den store kroppen min var i stand til å utføra. Eg skvatt i alle fall noko inni granskauen då det vanvittig høge smellet kom, der eg sat under det blinkande lyset og ante fred og inga fare (eg prøver ikkje å skulda på lyspæra, altså). Eg var superhøggravid og vog nærare 90 kg på dette tidspunktet, men eg vel å tru at det ikkje berre var vekta av meg som kunne til at det skjedde. Men eg var vel den utløysande faktoren.

Det er kanskje litt seint å seia ifrå om dette, men eg vil tilrå at de investerer i doringar i eit litt kraftigare materiale. I alle fall på akkurat denne poliklinkikken. Og så håpar eg at lyspæra i taket har blitt skifta.

Beste helsing
ein tidlegare flittig brukar av toaletta ved Svangerskapspoliklinikken


29. juni 2011

Sommardokumentar

Eg har vore i barndommens paradisiske omgjevnader i litt over ei veke no. Vi har ete ute på verandaen berre éin gong. Og vore på berre éin båttur. Og vore på Bugasætra berre éin gong. Jepp, få uteaktivitetar. Det har nemleg regna og regna. Og regna. Då er det fint å ha kamera. For motiv er det over alt, same korleis vêret er. Så eg klagar ikkje.

























Og soundtrack for late sommardagar er sjølvsagt sommarspelelista til Glamourbibliotekaren.

26. juni 2011

Om å bera barnet sitt

– Det er praktisk, koselig, og barna roer seg uten gråt. Ikke rart at stadig flere oppdager fordelene ved å bære barna sine tett inntil kroppen.  

 

Det og meir til om å bera barnet sitt kan ein lesa i denne superfine artikkelen som stod i Dagsavisen her om dagen. Der står eigentleg alle dei gode argumenta for å bera ungen sin.


Eg/vi har berre gode erfaringar med å berre poden i beretøy. Då han var sånn ca. 3 månader, kjøpte vi eit vevd beresjal. Om kveldane, då han kunne vera uroleg og sutrete, knytte eg han fast på magen i sjalet. Då roa han seg fullstendig, la hovudet sitt inntil brystet mitt. Og sovna. Det var heilt magisk medisin! Eg brukte alltid knytinga som vi ser på biletet under (frå oktober 2010). Då eg møtte folk ute, sa dei alltid at dei tykte det såg så komplisert ut å knyta. Men det er det faktisk ikkje. Det er veldig enkelt å læra seg. Eg fekk gode instruksjonar av dei som arbeider på butikken Bæreglede, og eg lærte mykje av å sjå snuttar på Youtube.


Då vi reiste til Spania i november, tok vi ikkje med oss vogn. Det var heilt fantastisk å sleppa å drassa på vogna. Vi hadde berre med oss beresjalet + meitai, som vi også hadde kjøpt på det tidspunktet. Det blei litt tungt å bera guten på magen då vi gjekk på lengre turar, så då var meitai veldig fin til å bera  han på ryggen med. Meitaien blei stødigare, på ein måte. 

Dette er i Malaga, og poden sit godt plassert og søv på ryggen til pappan. Det var smale fortau, fullt av folk og brusteinar over alt. Dersom eg var baby, er eg ikkje i tvil om kva eg ville ha valt som framkomstmiddel. 

Det gjekk også fint å ha guten sovande i meitai på magen. Når som helst, faktisk!

Vi har eigentleg slutta å bruka både sjal og meitai. Veslingen er ikkje så liten lenger. Han er 13 kg og snart 1 år. Og då fann vi ut at det som var stødigast å bera han i, var beresele. Vi kjøpte nettopp ein Manduca beresele som er supergod å bera i. Det er som å bera guten i ein god, anatomisk tursekk der vekta ligg på hoftene. Og guten diggar framleis å vera tett inntil oss. Dersom han er hyper eller uroleg, roar han seg tvert når han blir boren.

Her er vi på tur i marka i går. 

Ein treng sjølvsagt ikkje å kjøpa så mange beretøy dersom ein vil bera babyen sin, men dei ulike beretøya har ulike fordelar. Det eg likte best med sjalet, var at poden blei så tett omslutta meg. Det var nesten som å vera gravid att. Meitaien var stabil, men eg tykte selane gnog noko innmari på skuldrene etter kort tids bering då poden blei større. Bereselen gir ingen gnagsår og er enkel å ha på. Dessutan blir vekta veldig godt fordelt. Det finst også spedbarnsinnlegg i han, så han kan brukast frå ungen er ganske så liten. Eg ville nok ha valt vekk meitaien dersom eg skulle ha kjøpt meg beretøy på nytt.

Ei oppsummering av beretøya våre, som vi alle kjøpte på Bæreglede:
Vevd sjal: Zara
Meitai: Tettitett

25. juni 2011

Hugs å handla heime!

Dette er Konrad:




Det var Konrad som starta butikken i bygda der eg voks opp. Her står han bak kjøpmannsdisken sin og poserer sånn halvvegs for fotografen, dvs. pappa, ein gong på 60-talet. Han stod bak disken sin då eg var lita også. Eg hugsar han godt.

I dag er det ikkje butikk i bygda lenger. Han blei lagt ned for eit par år sidan. (Først blei posten lagt ned, så skulen, så butikken. Som i så mange bygder.) Etter at butikken forsvann, tykkjer eg det er heilt annleis å koma heim på ferie. Ikkje berre er det kjipt å køyra 10 km i staden for å gå i fem minutt for å handla dasspapir & co. Men det har blitt så stille her. Sjølv om det var fem minutt til butikken, måtte eg av og til rekna med å bruka tre kvarter. Ein trefte nemleg så mange folk ein måtte slå av ein prat med! – Både på butikken og på vegen. Dessutan måtte eg stoppa og ta bilete av blomane i vegkanten, eg måtte lesa oppslaga på butikken, eg måtte telja kor mange båtar som låg i hamna, og eg måtte snusa inn sjølufta. På butikken kjøpte eg alltid litt meir enn det som stod på handlelista, som eg tok med tilbake til Oslo. Fordi eg visste at det var viktig å få opp omsetninga. Eg kjøpte symaskinnåler, stoppenåler, hårstrikk, te, postkort og sokkar.

No når eg møter folk på vegen, seier alle kor trist det er at butikken er vekke. Og ja, det er trist. Ein butikk er ikkje berre ein butikk. Det er eit sosialt møtepunkt, det bind folka på staden saman. Utan butikk kjem det heller ikkje båtturistar hit lenger, heller, og det blir mindre liv og røre. Og det er i alle fall ikkje attraktivt å busetja seg på ein plass der butikken er vekke.

Eg ser kor utruleg viktig det er å stø opp om den lokale butikken sin. Ikkje berre i bygder, men i byar også. Der vi bur i Oslo, er det ein Rimi-butikk 2 minutt unna. Det er ikkje ein kjempestor butikk, men han har det aller meste vi treng. Og det er ikkje akkurat sjeldan vi har spurta bort 1 minutt før stengetid for å kjøpa noko vi har gløymt. Det er ein stor Meny 10 minutt unna. Alltid når eg er der, passar eg på å kjøpa det dei ikkje har på Rimi. Og så handlar eg resten på Rimi. Fordi eg elskar nærbutikken min. Og vil at han skal leva.

2. juli er den nasjonale "Hugs å handla heime-dagen". Eg vil oppmoda alle om å bli meir medvitne om å handla heime i staden for å kjøpa alt ein treng på ein større butikk som uansett vil overleva. Les meir om kampanjen her! Der kan du også skriva under på at du lovar å handla heime.





22. juni 2011

På syplanen

Eg hadde liksom tenkt å sy litt sjølv om eg ikkje er heime ved mi eiga symaskin for tida. Vi får sjå korleis det går. Her kan vi skimta stoffa eg plukka med meg på reisa. Eg pakka sysakene i den fine pungen med Småfolk-mønster som eg har kjøpt av Gunn som driv Maganda. Får i alle fall sylyst når eg ser på dette!

21. juni 2011

Graslauk!

Å, eg skulle ønskja eg hadde ein hageflekk der det voks graslauk tett i tett! Kvar dag går mamma ut med ein skarp kniv i handa, ut i det grøne havet, og skjer av ein diger bunt med graslauk. Bunten blir klipt opp i små lengder, akkurat passe lange nok til å strø over ei brødskive med f.eks. leverpostei på. Eller kvitost. Eller kva som helst, eigentleg. Det er utruleg godt! Eg har enno ikkje smakt den lilla blomen som veks på toppen av graslauken. Det verkar så barbarisk å eta han. Men han skal visst smaka godt han òg.


19. juni 2011

Traktoren er parkert

... og barndomsheimen har blitt erobra. Kven treng leiker når ein har eit heilt hus å utforska?

16. juni 2011

Nytt til veggen

Epla er det så utruleg mange fine seljarar! For kort tid sidan kom eg over illustratøren going Danish, og no har eg kjøpt desse fine trykka som eg tenkte å få opp på eine stoveveggen (sjølv om veggen er laga av mur, og det er skikkeleg, skikkeleg demotiverande å tenkja på at eg skal få noko til å hengja fast der).
Fargane og stilen er akkurat etter min (retro) smak, og bileta skal få hengja ved sidan av kvarandre, tenkte eg. Sjå dei andre fine trykka her.

13. juni 2011

Biletkavalkade: Jostedalen

Først blei eg sjuk, og så var vi på Vestlandet. Difor har det vore lite blogging her den siste tida. Trass i regn og regn og atter regn (og litt sol): Vestlandet var og blir ein favoritt. Nærare sagt Jostedalen og Øvre Årdal. Her kjem ein liten biletkavalkade frå Jostedalen. Øvre Årdal kjem. Og elles: Eg har skrive om Jostedalen før, både her og der, og som forklarer godt kvifor dette er ein favorittdal. 










4. juni 2011

Solbukse i bruk

I fjor sydde eg denne søte babybuksa. Eg sydde i storleik 1 år og var ganske spent på om ho ville passa til Tryggve. I dag var det fantastisk fint vêr, så det var dagen for å sjekka det.  

Og hurra! Buksa passa! Endeleg eit plagg eg har laga til han som ikkje er for lite!
Den fine t-skjorta (med stilige seglbåtar) fekk han då han blei fødd og har berre lege i klesskapet og venta på sommaren. Ho passa jo ganske så bra til buksa. Eg har lyst til å sy fleire bukser, men eg har så mange andre syprosjekt på planen, så det blir nok ikkje tid til det. 
Det var dagen for å investera i solhatt! Og hatten var jo prikken over i-en.

2. juni 2011

Mine nye vener

– Det er nok husmoreksem! sa ho på apoteket då eg viste henne utslettet på hendene mine. Med baby i hus er hendene mine mykje meir i kontakt med vatn og såpe enn nokon gong før. Så kva er løysinga på det, bortsett frå handsåpe utan parfyme og anna drit + handkrem? Jau, desse:


Apoteket selde dei for usle 34 kr, og dei er visstnok svært godt eigna for dei som har sarte hender, allergiar o.l Dei er supermjuke inni. Så no kan eg vaska kjøkkenbenken, komfyren, plukka opp matbitar frå golvet, setja inn i oppvaskmaskina, vaska golv i kokheitt vatn ... utan at hendene mine er i kontakt med vatn ein million gonger. Eg burde sikkert ha skjønt for lenge sidan at dette var lurt. Så i går då eg svinsa rundt med desse på hendene, og blei så begeistra at eg like godt vaska badet med det same (sjølv om det var midnatt), kjende eg meg som ei skikkeleg husmor.