9. august 2013

Kva du kan få for 20 kr

Denne koppen fann eg på ein bruktbutikk i København i sommar. Han er frå IKEA, og det står "84" under han. Tyder det 1984? Eg tippar det. Eg googla nemleg, og det ser ut som om dette var hotte IKEA-fargar det året. 20 kr betalte eg. Særs nøgd! 

Elles har eg måtta levera inn macen på reperasjon, så det blir truleg sporadisk med blogging framover. Og måndag byrjar eg i ny jobb, Tryggve byrjar i storbarnsavdeling i barnehagen, og far i huset skal på jobbreise. Kvardag ... Merkar det hjelper å drikka kaffi av ein slik kopp då.
 

3. august 2013

I mål med julegåvestrikk

Kva: kragejakke frå Nøstebarn, oppskrifta står i Strikk til nøstebarn
Til kven: mamma
Garn: dobbel tråd med 2-tråds merino lammeull frå Nøstebarn. Fargar: 885 rust (mørk oransje) og ein lys oransje farge frå Nøstebarn som er utgått.
Storleik: small

Endeleg blei eg ferdig med julegåva til mamma! Julegåva for 2012, altså ... Eg skulle strikka ferdig jakka i dagane før jul i fjor, men så blei eg sjuk og gjorde ikkje så mykje anna enn å liggja til sengs i heile jula, og då blei jakka liggjande på vent. Lenge. Men i går blei eg ferdig!

Eg blei ganske godt nøgd med fargevalet. Dei to oransje fargane gir eit fint spel. Den lysoransje fargen som er utgått, hadde eg eigentleg byrja strikka ei Nøstebarn-undertrøye med for fleire år sidan, men dette prosjektet blei ikkje så bra, så eg rekte oppatt alt. Den andre oransjefargen er mørkare oransje, og er altså den oransjefargen Nøstebarn sel i dag.

Mottakaren blei ganske så nøgd òg, trur eg!

2. august 2013

Sjå min kjole

... han er gul som sola!
Eg er så nøgd! I København kan ein finna fullt av små butikkar som sel ganske så unike kjolar. No i juli var eg innom ein 50-talskjolebutikk (heilt fantastisk, men eg kjøpte ikkje noko), mange bruktbutikkar og små butikkar som sel eigenproduserte kjolar.

Denne gule kjolen fann eg på den fantastiske butikken Divaen og Krudtuglen i bydelen Nørrebro (bydel som er eit must å vitja). Her sel dei både kjempefine og særs solide leiker (lite plast, mykje tre – Tryggve kjøpte seg eit verktøysett), kjempefine klede til barn (blant anna har dei det økologiske merket Ej sikke lej), og så har dei ei lita avdeling med kjolar og bukser dfor vaksne. Merket heiter Millou og blei skapt av to danske damer i 2006. Divaen og Krudtuglen er den einaste butikken som sel merket, så det er ganske så unikt. 

Ein ser at kjolen er vakkert sydd, her er det ingen saumar på skeive, feil eller manglar. Det er ein omslagsskjole, så ein kan knyta så laust eller stramt ein vil. Han var litt vid i overdelen, tykte eg, så eg må kanskje sy han litt inn i sidene.

Kjolen er sydd av det velrennomerte stoffet Liberty of London. Det er tynt og silkeaktig bomullsstoff, og det er mogleg å kjøpa metervare og sy eigne klede av det, men det er ganske så dyrt (kjolen var ikkje heilt billeg, heller). Stoffet er veldig behageleg å ha på. Kjolen var litt gjennomsiktig, så eg var særs nøgd då eg fann ein supermjuk underkjole på Gudrun Sjöden, som passa heilt perfekt til kjolen.

Så om du skal til København på kjolejakt, styr unna H&M på Strøget, og peil deg inn mot Elmegade 22, der denne butikken ligg. I denne gata ligg det dessutan mange andre kule butikkar og fine kaféar. (50-talskjolebutikken låg like ved.) Vi åt på The laundromat café i Elmegade 15, og det var kjempegod mat både for store og små.

1. august 2013

Vimpeltrøye frå Pickles

Etter mange gloheite dagar på heimlege trakter kom omsider regnet. Og lyn og torden.

Passa perfekt at garnpakken eg bestilte frå Pickles, dumpa ned i postkassa då det byrja hølja ned. Må forresten skryta av leveringstida til Pickles. Eg bestilte garnpakken på ein laurdag, og på tysdag hadde eg garnet i hus (på bygda). 

Eg er i gang med vimpeltrøye til meg sjølv, eller vimpel-tee som Pickles kallar det. Det var mange fine farge-kits, og etter litt att og fram enda eg opp med fargane over. Den raudlege fargen er ein slags korallfarge, og Pickles kallar han vassmelon. Stemmer ganske bra. På biletet ser fargen litt mørkare ut enn han er i verkelegheita. Eg veit ikkje om eg kler denne fargen så godt, eg trudde fargen skulle vera endå raudare. Men i og med at eg har eit mål om å kle meg i litt fleire fargar enn grøn, turkis og gul, tek eg sjansen.  

Det blir ganske lange trådar på vranga, og Pickles har lagt ut eit videotriks for korleis festa trådane medan ein strikkar slik at det ikkje blir så lange trådar. Eit lurt tips, men det tek lenger tid å strikka. Eg er elles supernøgd med å strikka med sommarulla til Pickles, garnet er mjukt og godt. 

To be continued ...