30. september 2011

36 år!

30. september! Datoen gir meg berre trivelege assosiasjonar, sjølv om eg fyller heile 36 år denne gongen. Eg øver meg på å ikkje stressa med at eg nærmar meg 40, men i staden ropa hurra og jubla over at eg har sprada rundt på jorda i endå eitt år.
Her er eg på bursdagen min for fire år sidan. Eg er på fjelltur på heimlege trakter. Og eg innser at både hausten og håret mitt var mykje raudare enn i dag (og håret var eit par meter lengre). Men eg trenar framleis på finaste Krønsj, og dit har eg faktisk tenkt meg i dag når arbeidsdagen er over. Hurra for meg!

26. september 2011

Boktips for alle under 1 meter

Noko av det luraste vi gjorde då Tryggve byrja å dra bøker ut av bokhyllene, var å plassera alle barnebøkene i dei tre nedste hyllene. Så no får han herja fritt! I og med at både eg og Knut har arbeidd i forlag og fått gode rabattar på bøker, har det samla seg opp ein del (barne)bøker, for å seia det mildt, så det er mange hyllemeter å boltra seg i. Vi har lagt lammeskinnet på golvet for å gjera det triveleg å sitja og bla i bøkene. Vi har prøvd å laga ein slags lesekrok, rett og slett. Men Tryggve er ikkje så interessert i at vi skal lesa høgt saman med han (enno). Han vil helst bla sjølv i eige tempo, han vil halda bøkene opp-ned, og han vil sitja på dei. Han har også byrja å "rydda" i hyllene ved å flytta bøker frå den eine hylla til den andre. Her kan han halda på og romstera ganske lenge. (Det går også hardt utover alle cd-ane som er plasserte innanfor rekkjevidde, men det er ei anna sak.)

Og dersom du har lyst på bøker som både er fine å dra ut, fine å sitja på, fine og bla i og til stor glede for både liten og stor, kan du melda barnet inn i verdas finaste bokklubb, Blåmann barnebokklubb.

21. september 2011

Bæ!


Den første gongen Tryggve såg ein hund (på t-banen), byrja han å hyla. Den første gongen han såg ein katt (utanfor blokka vår), byrja han også å hyla. Den første gongen han høyrde ein kalkun som vræla, ev. hosta, det var litt vanskeleg å oppfatta (på Nordre Lindeberg gård, tips nr. 1 til alle som bur i Oslo!), skolv han og hyla verre enn nokon gong. Slik kunne eg ha halde fram ...

Han har aldri reagert slik på folk (heldigvis), så det er tydeleg at han skjønar at dyr er noko anna. Vi tenkte at det berre er lurt at han får møta mange (og ulike) dyr, så no har vi heilt medvite teke han med på dyreutflukter. Han har vore på Kampen økologiske barnebondegård fleire gonger (tips nr. 2 til alle som bur i Oslo!), han har fått snakka med katten utanfor blokka vår, han har fått studert hundar på skeptisk avstand, og i dag var han og paps på Hovedøya og såg på sauene. Og no er det etter kvart tydeleg at dyr er stas. Sauene der ute er jo ganske tamme, men likevel. Han peikte, sprang og studerte sauene på nært hald. Og sa kra kra. Så det går rette vegen!

19. september 2011

Kjoledraumar

Aiaiai! For nokre kjolar! Herleg snitt og mønster og nydelege fargar. Kven skulle tru at det er ein gamal mann som har designa dei? Oscar de la Renta er namnet, og etter ein liten surferunde ser eg at dette ikkje er dei einaste fantastiske kjolane han har laga. Surf og sjå sjølv!
Eg har knabba bileta frå Dagbladet.no i samband med skriveri om NY Fashion Week. 

8. september 2011

Sakana sushi

I Prinsensgate 2 i Oslo sentrum, ikkje langt frå Jernbanetorget, der trikkar og bussar buldrar forbi, midt blant slitne narkomane, studentar, turistar og menn i stresskoffert på veg til Børsen, ligg det ein bitttteliten restaurant som du aldri i livet kjem til å opna døra til utan at du veit kva som gøymer seg der. Anten du bur i Oslo-området eller er her på besøk: Gå inn den døra! Der kan du nemleg eta kjempegod sushi!

Det er eit triveleg vietnamesisk ektepar som driv plassen. Mannen står på kjøkkenet og lagar sushien, medan kona tek imot bestillingar og serverer. Det er to bittesmå etasjar, og i andre etasje (etter å ha gått opp ei bittelita, superbratt trapp) kan du sitja og sjå ut på alle folka som hastar forbi medan du kjenner deg komplett usynleg for resten av verda. Alle utgåvene av Se og Hør ligg der også, så der kan du oppdatera deg på kjendisar i fred og ro utan at nokon bryr seg.

Då eg var gravid, laga dei sushi som vi (eg og Knut) etter kvart tok til å kalla "gravid-sushi" då vi skulle bestilla, altså sushi som er heilt fin å eta for gravide. Eg trur vi fekk spesialpris, til og med. Ja, og så kjøpte dei til og med inn glutenfri soyasaus (vanleg soyasaus inneheld nemleg gluten) etter at eg spurde om dei hadde det. Fantastisk service!

Bakgrunnen for denne vesle reklamen er at eg las dette oppslaget i dag. Eg blei så utruleg glad og nesten rørt då eg las at vesle, fine, fine Sakana sushi var éin av dei fire resturantane som gjorde det aller best. Så no veit du kva du har å gjera om du er sugen på sushi!

1. september 2011

Sko


Skoene mine er så pene.
Jeg har dem nederst på benet.
Helt nede ved roten
på det det de voksne kaller foten.
De er som de skal være.
Og det glinser veldig vakkert i overlæret.
På beina har man sko.
Ja jeg har faktisk to.

(refreng)
Sko (8x)

Sko kan man bruke til mye.
Helt fra de er nye.
Man kan løpe, gå og snike.
Ingen sko er like.
Noen sko er lange,
andre sko er altfor trange.
Derfor er det veldig viktig kan du tro,
å kjøpe seg riktige sko.

(refreng)
Sko (8x)

Noen folk er barbeinte og
det er de som ikke har noen sko på.
Det kan jo være greit for noen.
Men jeg for min del kan ikke unnvære skoen
Og så finnes en gruppe til forresten,
alle de som bare raver rundt i sokkelesten.
Og de har det jo selvfølgelig greit.
Men de mangler no,
de har jo ikke sko

Sko (41x)

Bare Egil Band (og Tryggve)

September

Sidan sist har eg byrja arbeida att, og det har vore superfint og moro! Men det har gått ut over blogginga. Plutseleg innsåg eg at det var september, gitt. Når eg ikkje er på jobb, leikar eg med Tryggve. Han spring rundt og er høgt og lågt. Innimellom prøver eg å fullføra eit par strikkeprosjekt, og eg har to syprosjekt på gang også. Pjuh. Korleis får ein til å halda liv i ein blogg når ein har unge/ungar?

Mykje har skjedd sidan september for eitt år sidan, som vi ser.