14. februar 2011

Oppdatering: den søtaste sauen

Buksa eg sydde til Tryggve i går, sat veldig fint på!
Ho var høg nok i livet, og no har eg justert strikkane i livet og rundt anklane slik at ho vonleg passar til sommaren. Han har litt å å gå på når det gjeld beinlengda, men det var strikkane, då ... Det er ikkje enkelt å sy noko som skal passa fleire månader fram i tid!
 Men uansett skal eg sy ei tilsvarande bukse i lin. Trur det kan bli fint!

13. februar 2011

Baggy brok til guten

Ute er det 12 minusgrader, sol og alt for mykje snø. Medan gutane har vore ute og trilla,  har eg vore heilt åleine med det første syprosjektet mitt sidan fødselen. Endeleg! Og eg rekk til og med og blogga om det. Juhu! Eg har sydd ei baggy brok i storleik 1 år:
Stoffet kjøpte eg på nettet for eit par år sidan. Det er frå Robert Kaufmann, og dei har berre sååå mange fine, fargerike og glade stoff!
Mø! Mønsteret til buksa kjøpte eg på Panduro for ei tid sidan. Det er frå Minikrea.dk og er mønster nr. 20300 på denne sida. Det finst vel ikkje noko enklare ein kan sy enn dette. Eg klipte ut dei to (!) mønsterdelane og stoff i går kveld og brukte to timar på å sy i dag. Er ikkje heilt ferdig med strikka, for eg må tilpassa dei til guten, og han har ikkje kome heim enno.

No skal eg avsløra ein dårleg eigenskap eg har: Eg rotar vanvittig medan eg syr. Eg er så utolmodig etter å bli ferdig at eg ikkje orkar å rydda etter kvart som eg blir ferdig med ting og tang. Eg orkar ikkje ein gong å rydda vekk rotet som ligg på syplassen før eg går i gang! Slik ser det ut på stovebordet nett no:


Og det er nok sannsynleg at bordet blir sjåande slik ut ei stund til. Håpar det er fleire som har det slik ... Uansett, viss denne buksa sit fint, har eg tenkt å sy ei slags fest-posebukse også i same mønster, i einsfarga lin. På bordet er det mogleg å skimta eit anna syprosjekt eg har tenkt å gå i gang med. Og som eg håpar kan passa til den eventuelle linbuksa.

Eg oppdaterer vonleg med eit bilete av guten i den nye buksa. Ein veit jo aldri. Kanskje eg ikkje får buksa over stumpen ein gong ...

7. februar 2011

7 månader!

Hui, kor det går! Søtnosen har blitt så stor! No har han fått si første tann. Han kan sitja utan støtte og romstera med leikene i leikekassa si. Han et graut og diverse anna mosete mat (men er ikkje superivrig – pupp er framleis best), og seier LALALALA og MAMMAMMAMM (eller NAMNAMNAM?) når maten kjem inn i munnen. Han ler mykje oftare enn før. Han likar å dra meg i håret og klora meg i andletet (eg tolkar det som ei kjærleikserklæring).

I helga var vi på IKEA og kjøpte eit fantastisk artig leiketeppe. På teppet er det sydd fast ein frosk og ei marihøne som lagar lydar, ein edderkopp ligg gøymd bak eit blad, her er ei sol som eigentleg er ein spegel og ei åme som er fin å bita på. Og fargane er kjempefine. Her ser vi eit glimt av teppet. Og Tryggve som optimistisk prøver å få tak i tøyfotballen.

5. februar 2011

Stoff og stiiiil til OSLO!

I går opna endeleg Stoff og stil avdeling i Oslo!!! Juhu! Så i dag køyrde vi bortom. Det tok 7–8 minutt, så eg skal ikkje klaga. Eit lite glimt:
Sikle, sikle! Det var ganske så folketomt der. Ho eine i kassa sa at mange trudde butikken opna 10. februar, for det er det som står i katalogen. Men på nettet står det altså 4. februar. Parallelt med ny butikk har det no kome nye katalogar. Dobbeltlukke! Eg har eigentleg påført meg sjølv innkjøpsstopp når det gjeld stoff, men det spørs om det går så bra no ... Det har kome inn SÅ mykje fint stoff, og eg har tenkt å prøva meg på jerseystoff for første gong. MEN i dag kjøpte eg berre nokre fine merke til å lima på klede eg skal sy til søtnosen, og så kjøpte eg mønster til smokkesnor og katt. Det har blitt mykje strikking det siste året, men no klør eg etter å syyy!

4. februar 2011

Kokebokfavoritt!

Denne boka har blitt stor favoritt i heimen:

Når ein ser omslaget, skulle ein kanskje ikkje tru at boka inneheld noko av den mest spenstige, enkle, sunne, gode maten eg har vore borti på lenge, og at boka inneheld fargerike og artige foto. Men det det gjer ho altså. Eg og mannen i huset kallar berre boka "Blitzkokeboka", og det er fordi det er Blitz som har gjeve henne ut. Rettane i boka kan ein få servert på Blitzhuset, så dersom du bur i Oslo, kan du jo stikka innom der og prøvesmaka. Alle rettane i boka er veganrettar, dvs. at dei ikkje inneheld kjøt, fisk eller meieriprodukt. Eg er ikkje veganar, men boka passar for alle som er glade i mat, rett og slett. Lat oss sjå på den artige innhaldslista:
 
Vi har laga mange av suppene i boka, og dei er så utruleg enkle, med få råvarer og enkel framgangsmåte. Eg veit ikkje kor mange gonger tidlegare eg har prøvd å få til gulrotsuppe som smakar noko som helst. I denne boka er det oppskrift på gulrotsuppe som smakar heilt fantastisk. Eg trur løyndomen ligg i soltørka tomat og kvitlauk. Elles er det mange fine oppskrifter med bønner, linser og grønsaker, og det er jo noko som alle har godt av å eta meir av, anten ein er veganar eller ikkje. Det ligg kjærleik bak kvar ei oppskrift, og det er nok difor maten smakar så godt også. Terningkast seks!

Dette er ei fin bok å gje til seg sjølv eller som gåve til andre. Kjøp boka her.