16. februar 2014

I mål med flettehals

Oppskrift: "Joda, det er en flettehals" frå Pickles
Til kven
: leiaren i Noregs Mållag (svært forseinka bursdagsgåve)
Garn: Abuelita tjukk merino multi i fargen raudrosa (biletet lyg – fargane er mykje blassare i røyndomen)

Eg bad Marit om å ønskja seg ein hals i bursdagsgåve, og så lova eg at eg skulle strikka den ho valde. Eg blei litt nervøs då ho valde denne flettehalsen ... fordi han såg litt komplisert ut, og fordi eg har dårlege erfaringar med litt finurlege oppskrifter frå Pickles (men det var eg som viste henne Pickles-halsane då, så det er jo mi eiga skuld). Og ja, oppskrifta var litt kryptisk. Og det rare var at halsen blei mykje trongare enn det det ser ut som på biletet i oppskrifta. Sjølv om eg strikka han mykje lenger! Eg såg på Ravelry at det var fleire som hadde opplevd det same. MEN! Det var ganske artig å fletta strikka flettene då eg først kom i gang (sjølv om eg pådrog meg strikkesår i høgre peikefinger).

Her prøvde eg halsen rett etter at alle trådane var festa, og då vart eg ein smule skeptisk som vi kan sjå ... fordi eg streva med å få han over hovudet, og fordi han kjendest supertrong ut då eg først hadde fått han på. Eg skylde han difor i rennande vatn og strekte han så vid eg kunne.


Heldigvis er ikkje Marit så tjukk i hovudet som meg, he-he, såg eg satsa på at det gjekk bra. Og det gjorde det! Men eg har ikkje bilete av hovudpersonen sjølv med han på, då.

Det vart att ein god del restegarn, og garnet er utruleg godt og mjukt, så eg må finna på noko lurt å bruka det opp på. Eg trur ikkje eg strikkar ein identisk hals. Om ikkje nokon ønskjer han seg då!