16. juli 2006

Folkeopplysning for damer

"Rørslevanane våre lagar seg tidleg. Og har dei fyrst fest seg, krev det både lang tid og mykje arbeid å få forandra dei. Det er difor svært verdfullt at vi får lært gode stillingar så tidleg som råd er."

Legg merke til følgjande: ho med den range stillinga har høghæla sko (vs flate sko), struttande puppar (ho skyt brystet alt for langt fram, nemleg), ho har veske (hm, kva signaliserer det?), morske augebryn (vs eit uttrykkslaust andlet), sløyfe i halsen (jåle), hanskar (jåle), ein merkeleg hatt på hovudet (vs ei keisam frisyre) og veivande armar (vs uprovoserande armrørsler). Eigentleg litt overraskande at ho ikkje har har kortare skjørt.

Kjelde: Husmorboka. Utgjeven av Landslaget for husstell-lærerinner. J.W. Cappelens Forlag 1958 (4. opplaget) (Boka er skriven på nynorsk!)

2. juli 2006

Dette er livet!

Eg elskar sumaren! Sol, grøne oliven under open himmel, lange, ljose kveldar, grillings til langt på natt, Don't stop the dance (Bryan Ferry & Roxy Music) på repeat, kvitvin i lange banar, kjekke folk å dela alt med, froknå på nasinj (men lite brunfarge elles, diverre) og tur HEIM til Mjosundet å gle seg til. Eg har dokumentert noko av det søte livet. Sjå bileta mine.