25. juni 2006

10 bra ting


Eg hermar etter Eva Marie. Eg er nemleg òg ganske så nøgd for tida, sjølv om eg er forkjøla og linjedelingstasten på pcen min ikkje fungerer. Dette er ti på topp (ikkje i kronologisk rekkjefølgje):

1) Eg har byrja sy med den splitter nye symaskina mi! Takk til alle gode vener som sponsa delar av maskina i 30-årsgåve! Herleg, herleg, herleg. Eg har kasta meg uti eit skjørteprosjekt, og skjønar at eg kanskje treng eit mønster.
2) Er blitt hekta på følgjande: smoothie x 5 per dag laga av alle gule/oransje/eksotiske frukter ein har for handa (appelsin og mango er obligatorisk), isbitar og ein dæsj jus av noko slag. Nam!
3) Ein ekstrem hektisk periode på jobb er nettopp over.
4) Eg har oppdaga ei fantastisk nettside, der eg har tinga Redken-shampo, balsam og noko anna stæsj til særs unorske prisar. Det beste av alt: eg får levert varene rett på døra! (Ein kollega av Knut har prøvd det, så det er ikkje noko muffens)
5) Eg har endeleg tinga meg tennis outfit på tennsivarehuset. Mellom anna denne kjempelekre toppen! Eg kan ikkje venta med å få pakken i hus!
6) Eg og Knut skal til Riga ei langhelg i juli!!! Endeleg ferie utan dårleg samvit pga hovudoppgåve som ligg heime og ventar...
7) To veker ferie i Mjosundet i juli! Det er ekstremt lenge sidan eg har vore der så lenge.
8) I helga låg eg langflat i sofaen og såg tennisfinale i Eastborne, og i morgon byrjar Wimbledon!
9) Verandadøra kan stå opa til langt utpå kvelden utan at vi frys.
10) I går heldt eg på å le meg i hel av skjult kamera på ein av dei veldig mange kanalane vi har. Eg vart faktisk fysisk sliten etter seansen. Ein god latter forlengar livet, det er heilt sikkert.

11. juni 2006

Det bli itj rock uten tennissokk!

For dei som ikkje har fått det med seg: i Tyskland vert det spelt grasalt mykje fotball for tida. Det er ingen grunn til å fortvila viss du ikkje får med deg ein kamp. På alle tv-kanalane, sånn ca, viser dei fleire kampar for dagen. Det vert dessutan rapportert fyldig frå kvart eit speleminutt, og desse rapportane kan ein lesa om i både papiraviser og nettaviser. Ein kan òg høyra om det i alle radiokanalane og alle tv-kanalane. Sportssendingane på tv er blitt omgjorde til fotballsendingar, så det er umogleg å sleppa unna.

(Pustepause. Eg kjenner no korleis blodet brusar og sinnet kokar.)

I går var det damefinale i French Open (som min store favoritt, Justine Henin-Herdenne vann). Eg hadde gledd meg som ein unge i lang tid av di NRK endeleg skulle visa ein tennisfinale. MEN på grunn av streik i NRK sendte dei ikkje finalen. Er det ikkje bra typisk? I raseri ringde eg UPC og tinga ein utvida kanalpakke som gjer at vi kan få inn m.a Euro Sport - den einaste tv-kanalen ein kan stola på når det gjeld å visa tennis. På UPC si nettside kan eg lesa dette om det eg tinga:

Den elektroniske programguiden fungerer som et slags interaktivt ”programblad”. Du får full oversikt over hvilke programmer som vises, du kan sperre kanaler (foreldrekontroll), og du kan legge inn varsling av programmer du ikke vil gå glipp av.

Dette med å sperra kanalar sette meg på ideen om eit interaktivt fotballfilter! Dette er eit filter som silar vekk alle fotballkampar, uansett kva for kanal kampen går på. På den måten vert fotballhysteriet litt mindre synleg. Men vegen er lang å gå...Inntil vidare skal eg sjå alle tenniskampane på Euro Sport, noko som heilt sikkert gjer meg til eit gladare menneske enn kva eg er nett no.