1. august 2012

Osloreklame: Lindøya

Lindøya! For ein idyll! Dersom du bur i Oslo og er lei av fullstappa strender på Gressholmen og Hovedøya: reis til Lindøya! Dersom du får besøk av folk frå innland eller utland og vil visa dei ein flik av hovudstaden: Ikkje reis til Vigelandsparken eller andre openberre turistfeller. Reis til Lindøya!

På Lindøya er det mange små hytter med små hagar rundt. Det er ikkje lov å bu der året rundt, og det er strengt regulert når det gjeld utbygging og slikt. Det er ein søt, liten landhandel der. Og det er offentleg toalett. Det er ikkje hit ein reiser dersom ein vil bada (veldig skarpe, små flintsteinar over alt), men det er fullt mogleg å ta seg ein dukkert. Sjøen er jo der.

Det tek 15–20 minutt med offentleg kommunikasjon (dvs. båt frå Oslo) å koma seg dit. Og vips er ein på ein annan planet. Vi var der i sol og sommarleg vind her om dagen, og det var så utruleg avslappande å vandra rundt mellom dei små hyttene og velja seg ut den hytta ein likte best. Eg peikte på alle.

Batteriet på kameraet var nesten utlada, så eg fekk ikkje teke så mange bilete som eg ville, og eg føler at bileta eg tok, ikkje greier å attgje kor fantastisk det var der. Men her er eit lite utval.