29. august 2006

Draumeveker i haustregnet


ENDELEG har eg Eurosport under ein Grand Slam! Frå 28. august-10. september er det US Open. Eurosport syner fleire kampar for dagen, men eg er jo på arbeid på dagtid, så det er kampane som går om ettermiddagane og kveldane eg får med meg. Det er norske kommentatorar, og dei veit utruleg mykje om både tennissporten og spelarane, så det er utruleg interessant å både sjå og høyra på.

Den store favoritten min for tida er Ana Ivanovic (på biletet). Ho er 18 år, frå Serbia Montenegro og ranka som nummer 17 i verda. Slik har ho vore ranka dei siste åra:

2005: 16
2004: 97
2003: 705

Eg trur ho kjem til å verta ei stor tennisstjerne. Eg såg henne i ei turnering i Canada for nokre veker sidan (takka vera Eurosport), og det er noko av det beste eg har sett. Ho vann over Martina Hingis i finalen, og det var jo frydefullt i seg sjølv. (Eg tykkjer ikkje at Hingis verkar så sympatisk, i motsetnad til Ivanovic).

Eg vil tilrå alle med tilgang på Eurosport til å svitsja innom kanalen, i det minste på finaledagane 9. og 10. september, og sjå STOR tennis.

15. august 2006

Kva du kan kan få for 35 kr:


Desse perfekte dessert-bringebæra (1 kg) , sjølvplukka, på ein enorm bringebæråker i Årdal i Sogn. Dagen før: 10 min unna ein parkeringsplass kunne vi hamstra 8,7 kg enormt store, søte blåbær, utan konkurranse frå eit einaste menneske. Oslo har inkje å stilla opp med når det gjeld prisar eller utval (verken på bær eller hus).

Konklusjon: Vestlandet gjev størst gevinst. Vi har no både full frysar og full pængbok.

1. august 2006

Færra te Krestjansunnj

Det er ein grytidleg morgon på Gardermoen. Eg og Knut skal til Riga. Vi står i kjempelang kø fram mot tryggleikskontrollen. Vi har for ein gongs skuld god tid før flyavgang. Faktisk godt over ein time. Like før vi skal til å slenga bagasjen på rullebandet, merkar vi ei viss uro i køa bak oss. Ei stressa dame spør pent alle i køa om ho kan gå føre dei. Ho har nemleg forferdeleg dårleg tid. Eg høyrer godt at ho er nordmøring og vert sjølvsagt nyfiken. Eg snur meg og ser rett på eit fargerikt vesen av ei dame. Ho har lag på lag med flagrande gevantar på seg. Enorme smykke skranglar over bringa. Håret er svart og bølgjer seg nedover ryggen. På hovudet har ho ein diger hatt. Ho har store mengder med handbagasje med seg og ho er stressa. Eg seier at vi har god tid, og at ho berre kan gå føre oss. Ho seier eit inderleg tusen takk og skranglar forbi oss. Då går det opp for meg...denne dama verkar kjend! Eg mimar til Knut bak meg: "LYNNI TREEKREM???" Han nikkar. Hjartet mitt dunkar. Eg er framleis ikkje heilt sikker. ER det verkeleg henne? Det er vanskeleg å sjå andletet inne i alle kleda, men alt seier meg eigentleg at dette må vera henne. Eg lurar litt på om eg skal spørja om ho skal færra til Mexico, for å sjå om ho forstår. Viss ho gjer det, er det henne. Medan eg står som i transe og lurar på om det er henne, har ho skravla i veg med meg, medan eg har replisert høfleg. Eg hugsar inkje av kva vi snakka om. Frå det tidspunktet ho byrjar å leggja pargasset sitt på bandet til vi har kome oss gjennom, står eg berre mållaus og beundrar Lynni Treekrem si flagrande ferd gjennom kontrollen. Kort fortalt så tek det si TID. Det verkar nesten som om det er løynd kamera, så utradisjonelt går det føre seg. Ho tek av seg lag på lag med glitter og stas og pludrar lettare stressa med alle vaktene til det går opp for henne og alle oss andre at ingen av dei snakkar norsk. Dei ser veldig skeptiske ut og kroppsvisiterer henne både før og etter at ho har gått gjennom passasjen. Ho går att og fram, det skranglar framleis. Eg høyrer ikkje kva ho seier, men eg skjønar at det er noko originalt. Eg snik meg gjennom i mellomtida, for eg skjønar at dette kan ta tid. Knut vert halden attende, til liks med resten av køa. Folk lenger bak vert urolege og lurar på kva som skjer. Dei skulle berre visst kven som stod der! Ein mann snik seg fram og mumlar snurt: "kanskje du skal ha med deg fleire neste gong?"... Lynni vender seg lynraskt mot mannen: "Vart du sint på mæ no? Hæ?" Eg får ikkje med meg resten, registrerer berre at Lynni er den tøffaste dama i verda og at mannen er ein stor tosk. Ho står att saman med nokre av kontrollørane i det resten av køa slepper gjennom. Berre fordi vi er så grå, keisame og korrekte.

Eg sjekkar på tavla kva som er neste avgang på innland. Heilt øvst står det "Kristiansund" og "gate closed". Stakkars Lynni! Eg angrar bittert på at eg ikkje stod fram som den store beundraren eg er. Ingen er så direkte og uredd som Lynni. Ho ville ikkje reagert i det heile teke viss eg hadde teke bilete og spurt om ho ville synga i mitt eventuelle bryllaup. Eg kunne ha sunge utanåt heile "Færra te Mexico" til henne, og ho ville berre ha sunge med. Eg kom stadig på elleville ting eg kunne ha gjort, men som eg ikkje gjorde.

Så gode Lynni Treekrem, viss du les dette: ingen konsertar er planlagde, stod det på heimesida di. Eg planlegg gjerne ein konsert. Du kan koma så seint du berre vil. Og du kan få laga så mykje kaos, glitra så sterkt og laga så utradisjonelle lydar du berre vil. Dei som kjem sist i køa då er dei grå, keisame og korrekte.