30. august 2015

August

København 2014. I år var vi ikkje der. Men eg har lyst tilbake! Kanskje vi reiser i haustferien.

Det har vore dårleg med blogging det siste halvåret. Når eg har hatt tid, har eg prioritert å sova, strikka, rydda, vaska, laga mat ... No byrjar eg å sjå framover. Mot haustferien, når vi kanskje skal til København att. Og til januar, når eg skal byrja arbeida.

11. februar 2015

Teppe i bruk!

Ja, no er ullteppet som eg skreiv om for fire månader sidan, i bruk. Og det var då eg blogga sist òg ... 16. desember kom denne fine guten til verda, og han ser ut til å lika seg her ute.

Ullteppet nuppar ein del, og det er litt upraktisk. Det festar seg ulldottar på kleda til guten, og av og til får han dottar i munnen òg. Men eg har kjøpt ein nuppefjernar frå Sandnesgarn, og eg er spent på korleis han funkar.

Eg har strikka vanvittig mange ting og tang sidan sist, men eg er litt usikker på når eg får tid til å visa fram alt. Og no har eg så mange strikkeprosjekt på gang at eg har liggjande eitt i kvart rom – eitt på kjøkkenbordet, eitt på stova, eitt på kontoret ...

13. oktober 2014

Teppe i bikubemønster

Kva: teppe i bikubemønster frå Sandnesgarn
Til kven: han i magen
Garn: Easy (pinnestorleik 9!), i dei same fargane som i oppskrifta
Ullpledd får ein aldri nok av når ein har baby i hus. Eg har skrive ein hyllest til ullpleddet i eit blogginnlegg ein gong tidlegare, faktisk. Vi hadde fire ullpledd vi bytte mellom då Tryggve var liten krabat, men no er det berre att tre av dei etter at det eine forsvann.

I sommar kom eg over oppskrifta på dette superfine pleddet. Eg fall pladask for fargekombinasjonane og mønsteret, kjøpte garn og mønster ganske impulsivt og gjekk i gang med å strikka same dag, trass i tropevarmen. Veldig artig mønster å strikka, og fargane var jo berre superfine saman.

Det blei liggjande då eg hadde att å festa alle trådane, som det var ca. ein million av. Men i kveld blei eg ferdig, juhu! Dette er det første eg strikkar til han i magen. Det blir mykje arv på han, nemleg.

Garnet er supertjukt, og på pinne 9 går det unna. Babyen skal i alle fall bli varm når han blir tulla inn i dette!

Det som er nytt samanlikna med andre pledd eg har vore borti, er at det får ei rettside og vrangside. Ja, det vi ser her er rettsida.

Som regel er det alltid noko å utsetja på ei strikkeoppskrift, men Sandnesgarn har eg lite å utsetja på, gitt. Eg tykkjer dei lagar så utruleg fine strikkehefte for tida (heilt sidan dei la om profilen sin, usikker på når det var). I det heftet der eg fann denne oppskrifta (sjå lenkje øvst), har eg lyst til å strikka ca. alle plagga. Dei er supergode til å setja saman fargar på spanande måtar, dei er gode til å både konstruera og skriva (viktig!) oppskrifter, og så tek dei utruleg tiltalande bilete av plagga, slik at eg fell pladask for alt ihop. Tommel opp!






5. oktober 2014

Gravidversjon av Frøken seglargenser

Kva: Frøken seilergenser frå Pickles
Til kven: meg sjølv
Garn: Pickles merino tweed, fargen fjell i det fjerne og Pickles angora, fargen petrol
Storleik: small i bolen, medium i ermene

Dette er det drygaste strikkeprosjektet eg har vore borti. Eg hugsar ikkje når eg byrja på genseren, men det var i vinter ein gong. Tynt garn, tynne pinnar. Og garnet (merino tweed) var ikkje godt å strikka med. Det var hardt, og det hadde ein tendens til å slita seg. Då eg strikka angorastripene, var det andre bollar. Det var mjukt og dig å strikka med. Samtidig likar eg jo at tweedgarnet er spettete og liksom-nuppete. Det vil truleg ikkje bli så godt synleg når/dersom genseren byrjar å nuppa, til dømes. Praktisk!

Eg strikka genseren MYKJE lenger enn i oppskrifta, så eg måtte kjøpa to nyste ekstra (brukte berre litt av det siste, irriterande nok). Eg kan ikkje fatta at dette er storleik small, for det er altså plass til ein mage i sjuande månad der inne. Og det blir garantert plass til større mage. Når eg ser på bileta på nettsidene til Pickles, ser ikkje genseren så vid ut. Dei må ha strikka han i extra small.

Eg strikka storleik medium i ermene fordi eg las på nettet at fleire hadde erfaring med tronge ermer i oppskrifta. Eg kunne nok ha strikka small, men samtidig er det greitt å ha plass til ein genser under seinare i vinter, så det er ikkje så farleg.

Då eg først var ferdig og hadde festa alle trådane, blei eg riktig så nøgd, som vi alle ser. Tippar genseren blir storleik telt når magen er vekke, men eg må jo ha vinterplagg som passar til magen, så slik er det berre.

23. august 2014

Vimpel-tee, eller vimpeltrøye, om du vil

Kva: vimpel-tee/vimpeltrøye frå Pickles
Til kven: meg sjølv
Garn: Pickles summer wool, fargar: vanilje (eller var det iskrem?) og vassmelon
Storleik: small

For godt og vel eitt år sidan byrja eg å strikka på vimpeltrøya frå Pickles, og i sommar vart eg ferdig. Det tok lang tid, for dette vart verkeleg eit tolmodsprosjekt, som lenge låg i ro i strikkekorga og berre irriterte meg. Men i sommar bestemte eg meg for at NO skulle eg fullføra alle uferdige strikkeprosjekt.
Det er ganske lang avstand mellom fargane, så det eg tykte tok tid, var å binda opp garn på baksida medan eg strikka. Det har eg aldri gjort før, og det finst sikkert raskare måtar å gjera det på enn det eg gjorde. Uansett: Det blir mykje finare og tettare mønster når ein bind opp garnet undervegs, så det var på ein måte verdt slitet.

Noko eg tykte var merkeleg med oppskrifta, var at bolen skulle vera så kort! Men det var jo ikkje noko problem å strikka lenger. Eg strikka sikkert 20 cm lenger enn det som stod i oppskrifta. Det andre litt rare var måten ein skulle fella av halskanten på. Det var ein måte eg ikkje har prøvd før, og som skulle sørgja for at kanten ikkje krølla seg, stod det. Vel, kanten krølla seg, som det er mogleg å sjå. Det er mogleg eg bør vaska og dampa trøya for å få kanten fin.

Eg strikka storleik small, men det er framleis plass til ein gravidmage i veke 23/24. Trur kanskje han blir litt vid når magen er vekke ...

Sommarulla til Pickles er ei blanding av ull og bomull, og eg likte å strikka med garnet. Likevel: Eg trur ikkje eg hadde greidd å gå med trøya då det var på det heitaste i sommar. Og til vinteren blir det jo litt rart å gå med korte ermar (sjølv om eg kan ha ein tynn, langerma genser under). Så når på året er det mogleg å gå med denne, eigentleg? Eg får testa om det er ei eigna hausttrøye. Så lenge magen ikkje er større enn dette, i alle fall.

4. august 2014

Ei oppsummering: livet som joggar

1. juli 2013 var dagen eg byrja å jogga. Dvs. dagen eg byrja å læra meg å jogga. Eg blogga om denne milepælen dagen etter. No har det gått litt over eitt år, og korleis har det gått? Planen var jo at eg i løpet av ni veker skulle greia jogga i 30 minutt samanhengande ved hjelp av den fantastiske appen Get running. Og ikkje minst: at eg skulle halda fram med jogginga etter dei ni vekene òg.

Og ja: Eg har greidd det! Sjølv om eg brukte meir enn ni veker. Appen hadde lagt opp at eg skulle jogga tre gonger i veka, og i byrjinga gjekk det svært bra. Det var sommar og perfekt joggevêr. Med hausten og ny jobb blei det litt meir travelt, men etter jul tok det seg opp att. Vinteren var jo så mild, og det var mogleg å jogga heile året. Og det som er så genialt med jogging, er at ein kan gjera det kvar som helst. Ein treng berre dei rette kleda ut frå årstida og eit par gode joggesko. Og mobilen. Så eg har jogga både heime og på ferie, både i fjor og i år.

Etter at eg hadde nådd målet om å jogga samanhengande i 30 minutt (20. januar), auka eg på. Då var eg ferdig med Get Running, så eg gjekk over til treningskompisen min RunKeeper for å måla kor langt og fort eg sprang. Eg heldt fram med å jogga i 35 minutt, før eg auka til 40 minutt. Og sidan mars i år har eg jogga i 40 minutt kvar gong. Rekorden min var 6.2 km før eg blei gravid, så etter det har eg sjølvsagt ikkje greidd å jogga så langt. No er eg nede i 5.3 km på 40 minutt, men det er eg svært godt nøgd med. Eg er halvvegs i svangerskapet, og eg ville aldri ha greidd å jogga så langt dersom eg ikkje hadde jogga på førehand.

Eg er så heldig at eg bur rett ved ein skogsveg som er perfekt til jogging. Dette er frå ein av
dei aller første joggeturane mine i juli i fjor – så då var det mest gåing og lite jogging.
I byrjinga var eg svært oppteken av å finna riktig joggemusikk, men etter å ha jogga i eit halvår, slutta eg med det. Det blei berre irriterande kvar gong det dukka opp ein song eg var lei av, eller som ikkje passa, og dessutan slukte Spotify straum frå mobilen. Og eg må jo ha straum til RunKeeper! Det å ha Run Keeper har ført til at eg konkurrerer med med meg sjølv og mi eiga tid kvar gong eg joggar. Det er ein heilt nødvendig motivasjon for meg for at eg skal greia å halda oppe tempoet, faktisk. 
Eg byrja med å kjøpa meg gode joggesko og joggeklede. Det var nemleg også ein viktig motivasjon! Eitt år etter er faktisk skoa utslitne, og eg kjøpte meg nettopp eit nytt par. 




Å jogga langs bringebæråkrar når sola går ned <3

Sommaren 2013 baud på veldig mange fine joggeturar – vêret var rett og slett fantastisk stort sett kvar dag.

Sti rett ved der eg bur. Alltid digg å gå opp her når joggeøkta er over.


Fine naturopplevingar har vore ein veldig bra bifeffekt av jogginga.


Denne elva har forandra seg mykje gjennom joggeåret, gitt – frå stor og brusande til lita og
puslete. Dette biletet tok eg i juli i fjor.

Joggetur under fullmånen i København sommaren 2013.

































Joggetur langs barndommens vegar var ei ny og uvant oppleving!

Hausten var fantastisk å jogga i! Det var godt at det ikkje var så varmt òg.

Dette er i Årdal, og det er er faktisk teke på (ein svært tung) joggetur 2. juledag 2013!
Ikkje eit einaste snøkorn ...




Då det blei vinter, investerte eg i ein isolerande joggetights. Eit bra kjøp!

Gjørmete og vått, men biletet er trass alt teke 4. januar, så eg skal ikkje klaga. 


Frå ein joggetur 25. januar, og det var framleis tørre vegar. Heilt merkeleg vinter! Men bra med tanke på jogging!

I februar kom det litt snø, og dette er frå den mest snørike joggeturen. Det gjekk faktisk heilt fint å jogga.

Dette biletet tok eg 3. mars – her var elva lita og puslete. Og vegen var tørr!


For litt over eitt år sidan var det utenkjeleg at eg skulle greia å jogga i 40 minutt utan å stoppa. Og eg var ikkje utrent, det var berre det at kroppen min ikkje hadde lært seg å halda ut på den måten. I byrjinga hadde eg veldig mykje sting, men det gjekk gradvis over.

Det er også utenkjeleg at eg skulle finna på å LIKA det å jogga, men eg trur rett og slett at eg har sett på det som keisamt fordi eg aldri har lært det og aldri har opplevd at eg meistrar det. No diggar eg å jogga!

Eg er spent på kor lenge eg greier å jogga no når eg er gravid, men eg held fram så lenge kroppen ikkje seier stopp. Og eg held fram med å jogga i 40 minutt så lenge eg kan.

Det neste målet mitt (etter fødselen, sjølvsagt) er at eg skal greia å jogga 10 km og ikkje bruka mykje meir enn ein time. Eg gler meg!

31. juli 2014

Strikk for livet

Her er eg! Det har vore ein travel vår og ein sommar nesten utan internett (godt!), men no skal eg prøva å blogga litt att (kanskje). Eg har litt på hjartet (trur eg).

På strikkefronten har det skjedd ganske mykje òg. Mange strikkarar har jo heilt sikkert høyrt om Strikk for livet allereie. Eg har hatt som mål i år at eg skal få brukt opp mykje restegarn eg har liggjande, og då då blei Strikk for livet ei genial løysing. NB: Dei har lagt ut veldig enkle strikkeoppskrifter på pledd, genser, lue og sokkar på nettsida si, så det er mogleg å strikka for dei som ikkje har strikka mykje før òg.

Eg byrja med eit pledd, men eg brukte oppskrifta på På veg helseteppe frå Pickles. Eit fantastisk artig mønster å strikka, som gjekk superfort på tjukke pinnar. Og eg fekk brukt opp haugevis med garn i Extra fine merino (også frå Pickles), som er eit utruleg mjukt og godt ullgarn. Eg strikka til eg var tom for garn i kvar farge. Den lyseblå fargen er eit heilt nøste, faktisk.

Pleddet blei ganske stort. Som det er mogleg å sjå, fekk 4-åringen god plass under det. Og så strikka eg nyføddgenser og nyfødd-lue, som poden også viser fram (men ikkje fekk på seg ...). Då brukte eg oppskriftene til Strikk for livet, og eg brukte babyull frå Dalegarn.
 




























Rart (og godt!) å tenkja på at garnet mitt kan koma til nytte for nokon som verkeleg treng det!

2. mars 2014

Enkel lue i stripestrikk

Eg gløymer ofte å blogga om småplagg eg har strikka, men denne gongen hugsa eg det. Eg har strikka ei enkel, kjapp og fin lue av garn eg har hatt liggjande ei stund. Garnmerket er Misti – eit garn i 100 % alpakka, og som eg strikka mange skjerf, halsar og luer av for nokre år sidan. Garnet er svært tjukt, mjukt og sterkt (eg slit alltid av tråden i staden for å klippa, men denne var vond å slita av!). Eg trur lua kjem til å varma ganske bra. Eg har meir garn att, og eg trur det er nok til ei lue til.

Luefakta:

16. februar 2014

I mål med flettehals

Oppskrift: "Joda, det er en flettehals" frå Pickles
Til kven
: leiaren i Noregs Mållag (svært forseinka bursdagsgåve)
Garn: Abuelita tjukk merino multi i fargen raudrosa (biletet lyg – fargane er mykje blassare i røyndomen)

Eg bad Marit om å ønskja seg ein hals i bursdagsgåve, og så lova eg at eg skulle strikka den ho valde. Eg blei litt nervøs då ho valde denne flettehalsen ... fordi han såg litt komplisert ut, og fordi eg har dårlege erfaringar med litt finurlege oppskrifter frå Pickles (men det var eg som viste henne Pickles-halsane då, så det er jo mi eiga skuld). Og ja, oppskrifta var litt kryptisk. Og det rare var at halsen blei mykje trongare enn det det ser ut som på biletet i oppskrifta. Sjølv om eg strikka han mykje lenger! Eg såg på Ravelry at det var fleire som hadde opplevd det same. MEN! Det var ganske artig å fletta strikka flettene då eg først kom i gang (sjølv om eg pådrog meg strikkesår i høgre peikefinger).

Her prøvde eg halsen rett etter at alle trådane var festa, og då vart eg ein smule skeptisk som vi kan sjå ... fordi eg streva med å få han over hovudet, og fordi han kjendest supertrong ut då eg først hadde fått han på. Eg skylde han difor i rennande vatn og strekte han så vid eg kunne.


Heldigvis er ikkje Marit så tjukk i hovudet som meg, he-he, såg eg satsa på at det gjekk bra. Og det gjorde det! Men eg har ikkje bilete av hovudpersonen sjølv med han på, då.

Det vart att ein god del restegarn, og garnet er utruleg godt og mjukt, så eg må finna på noko lurt å bruka det opp på. Eg trur ikkje eg strikkar ein identisk hals. Om ikkje nokon ønskjer han seg då!

31. januar 2014

Reprise: melding av eit bladomslag

Eg sat og surfa litt på bloggen min og kom over dette innlegget som eg skreiv for tre år sidan. Det fortener å koma fram i lyset att, så her kjem ein reprise. Eg trur eg må finna meg eit nytt blad å melda att snart!
---
Eg har lenge hatt lyst til å skriva meldingar av bladomslag. Det er nemleg så mange festlege omslag der ute! Dei festlegaste favorittane så langt har vore nokre av omslaga til blekka I skolen, som er medlemsbladet til Skolenes landsforbund (som mannen i huset får) og Cøliakibladet, medlemsbladet til Norsk cøliakiforening (som eg får). For å kvalifisera som festleg favoritt er biletvalet alfa og omega, gjerne i kombinasjon med tekst. 

Her om dagen dukka det opp ein soleklar omslagsfavoritt så langt, og eg tenkte at dette omslaget fortener merksemd! Så her kjem den første omslagsmeldinga på bloggen min.

Eg er veldig glad i reker og trudde først det var reke-reklame frå ICA som hadde dumpa ned i postkassa vår:
No har jo eg berre teke bilete av omslaget, som igjen er ei attgjeving av det opphavlege biletet, så eg må berre aller først skunda meg og presisera at det truleg er fleire ledd her som gjer at attgjevinga mi aldri kan yta rettferd til rekene. Men uansett: Omslagsbiletet viser reker i autentisk rekestorleik, og sidan det ikkje har blitt spart på blitzen, er det mogleg å sjå alle detaljane til rekekroppane klårt og tydeleg. Den kraftige blitzen gjer at det ikkje er tvil om kva det er bilete av – veldig bra!

Etter å ha stira ei stund på rekene las eg tittelen på blekka og forstod sjølvsagt at dette ikkje hadde noko med ICA å gjera. Det første spørsmålet som melde seg, var kvifor nærbilete av reker i sterkt blitzlys hadde fått ein så dominerande plass på omslaget til Oppsal menighetsblad. Blikket glei ned mot dei tre sakene som hadde fått plass på framsida – toppsakene. Og toppsakene denne månaden var altså "Reker på medarbeiderfesten", "Konfirmanter på tur" og "Ny diakon på plass".

Eg merka at eg ikkje var så veldig interessert i å lesa om desse konfirmantane og den nye diakonen. Eg bladde ivrig opp på jakt etter reportasjen frå rekefesten. Heilt til siste side måtte eg bla. Endeleg! Her blir eg møtt med det same rekebiletet som på framsida, berre i litt mindre format. Reportasjen har fått overskrifta "Medarbeiderfesten. Med reker og sang". Her er også bilete av eit fruktfat fruktbord, bilete av folk som et reker og bilete av ei som signerer cdar. I reportasjen kan vi lesa at staben hadde gjort i stand pynta bord "hvor det ble servert flere titalls kilo reker, loff og majones." Men fruktbordet blir også omtalt: "Til sist må en også nevne det imponerende fruktbordet, som selvfølgelig inneholdt en langt ifra liten skål med godteri." Fruktbiletet har fått biletteksten "Stabens velorganiserte fruktbord".

Konklusjon: Dette omslaget er definitivt ein festleg favoritt! Rekebiletet var eit blikkfang som fekk meg til å tråla gjennom heile blekka på jakt etter rekereportasjen. Eg veit ikkje kor klokt det var å plassera reportasjen heilt til slutt. Det kjem litt an på kva dei som har laga bladet, ønskte å fokusera på. Plasseringa av reportasjon heilt til slutt fekk meg jo til å bla gjennom alle sidene og smålesa dei mindre viktige sakene om konfirmantane og diakonen. På den andre sida er trass alt rekene på medarbeidarfesten hovudoppslaget, og då bør kanskje ikkje saka koma heilt til slutt? Då kan det vera fort gjort å gløyma kva som eigentleg var viktig i dette nummeret. Uansett gjorde rekebiletet at eg opna bladet. Og det er jo eit pluss.

Kort oppsummert er altså valet av omslagsbilete (og tekst) eit blinkskot. Biletet av fruktbordet kunne ikkje ha spelt den same rolla, så her har dei gjort ein veldig god jobb med biletutvalet. Det er heilt greitt å nemna fruktbordet, sjølvsagt, slik at vi skjønar at det ikkje berre var reker som blei fortært på den årlege medarbeidarfesten. Blekka får eit stort pluss for at det står i reportasjen at det blei servert fleire titals kilo med reker – det rettferdiggjer på ein måte alt.

25. januar 2014

Eg forstår kor mykje det betyr å vera frisk

For fleire år sidan kjende eg ein som fekk ein alvorleg sjukdom. Det var ein sjeldan og heilt forferdeleg sjukdom. Eg sende eit brev til han fordi eg ønskte å gje han nokre oppmuntrande ord. Tilbake fekk eg eit kort (ja, dette var leeenge før Facebook, sms og co.). Det var ikkje så mykje som stod der, og skrifta synte at han hadde streva med å forma bokstavane, men det eg hugsar aller best, var desse orda: Eg forstår kor mykje det betyr å vera frisk. Han døydde kort tid etter det.

Eg kom til å tenkja på denne guten, som døydde så alt for ung, då Anbjørg Sætre Håtun døydde av kreft denne veka. Sjølv om eg ikkje kjende henne, kjendest det nesten slik ut likevel. Det siste året har eg nemleg følgt henne på Instagram der ho har delt bilete og kloke, positive, hjarteskjerande, morosame, triste og ikkje minst kjærleiksfylte ord. Sjølv om ho visste at ho hadde ein alvorleg kreftsjukdom, og sjølv om ho gjekk gjennom tøffe behandlingar, greidde ho å skapa gode opplevingar for seg sjølv og andre heilt til det siste. Som ho sjølv uttrykte det: For god helse handler ikke nødvendigvis om et liv uten sykdom. God helse handler først og fremst om hvordan man mestrer livet når man møter motgang.

Det er vanskeleg å forstå kor mykje det betyr å vera frisk så lenge ein er frisk.
Og det er vanskeleg å sjå føre seg korleis ein skal kunne meistra livet dersom ein møter motgang i form av ein alvorleg diagnose. Likevel er det fint og viktig at det finst folk som kan rykkja ein ut av kvardagen og få ein til å tenkja slike tankar.



19. januar 2014

Nytt kamera

Eg er veldig glad i å ta bilete. Etter at kameraet mitt (frå 2007) byrja å oppføra seg dårleg mot meg, i tillegg til at det blei knust på den eine sida då det datt i golvet i jula, var det openbert at eg måtte eg ha nytt. Etter mange og lange surferundar enda eg opp med eit systemkamera frå Olympus. Eg gjekk over frå spegelrefleks til systemkamera for å sleppa drassa rundt på tungt kamera. Overgangen var større enn eg trudde. Eg blei litt skuffa med det same, men eg trur det går seg til. Det er jo alltid uvant med nytt kamera, og i tillegg er det uvant at det er litt annleis å ta bilete. Men det er sjeldan kameraet sin feil dersom bilete blir dårlege, så her er det berre å øva seg. I dag har eg gått rundt og knipsa utan å tenkja så nøye gjennom kva eg tek bilete av – for å testa ulike objektiv og funksjonar, og no har eg lasta inn bileta. Og då fann eg ut at sjølv om motiva var litt føremålslause, så var dei litt fine òg. Her kjem eit biletras frå kvardagen i vest ein litt lat søndag i januar.