11. desember 2005

Sumaren er nær



















Eg saknar sumaren! Fordi sumar inneber:

  • varme (= det er nok å ha på seg skjørt, sandalar og singlet når ein skal ut. Eg hatar å bruka tid på å ta på meg strømpebrok og lag på lag med klede, og dinest: å sveitta fordi eg har teke på meg for mykje klede)
  • varme svaberg og sjøluft i håret
  • ljose dagar og netter (= det er lettare å stå opp)
  • båtturar (= å eta nyfiska fisk på dekk, pluss smelta is til dessert)

Sukk! Det var biletet av pappa og Ørn som fekk meg inn på sumarlege tankar. Fordelen med at det er vinter er i det minste at det er sumaren som står for tur!

30. september 2005

30!

I dag er eg 30! Det var meininga å ha eit bilete av den flotte kaka eg fekk på jobb, men det fekk eg ikkje til. Det var fruktmousse-kake med nøttebotn. Kjempegod! Eg reknar med at det berre kjem til å gå oppover i løpet av dagen. Hurra!