30. mars 2010

Frå mørkeloftet #7

Det er lenge sidan eg har blogga om mørkeloftet-funn, men no har eg vore på mørkeloftet og grave skikkeleg. Funna blir publiserte litt om litt.

Her kjem det første funnet, i kategorien dokker. Lat meg presentera Mostedokka:

Mostedokka fekk eg av tanta mi då eg var 1 år, trur eg. (Tante = moster, så difor fekk ho namnet Mostedokka.) Det er nok den mest velbrukte leika frå barndommen min. Eg gjekk på trilleturar med henne og tok henne med på både båtturar og bilturar – det var det som var av turar på den tida, så ho var med på alt.  Eg vaska kleda hennar regelmessig i vasken på badet, og kleda hengde eg opp på Mostedokka si eiga klessnor ute i hagen. Ho brukte sjølvsagt tøybleier, som eg skifta eit par gongar for veka. Eg smurde stumpen hennar med salve av noko slag (trur det var vaselin og/eller transalve) – ein dårleg kombinasjon med stoffet ho var laga av, så spora etter salva er framleis godt synlege.


Mostedokka fekk permanent sminke i form av sprittusj-strekar her og der. Eg hugsar eg ønskte at ho hadde hatt lengre hår, for då kunne eg ha klipt av henne endå større hårtustar.


Etter kvart som Mostedokka blei eldre, måtte ho lappast saman her og der. Det gjorde eg sjølvsagt sjølv, som vi ser her. Den same lappeteknikken har eg brukt til å sy fast hovudet med. Den eine arma byrjar å losna no, så det spørs om eg burde ha lappa henne endå meir.

Eg leikte med Mostedokka til eg var om lag 9 år, trur eg. Då skjedde nemleg det store at eg vann ei dokke på basar, og ho hadde ein fullt utstyrt garderobe og var i litt betre stand enn Mostedokka. Ho skal eg visa fram ein annan dag.

26. mars 2010

Reirbygging

Eg driv og byggjer reir for tida, så i påskeferien skal eg heim til mor og far og grava på mørkeloftet etter løynde skattar i form av barneklede frå 70-talet. Det var jo mykje syntetisk stoff på den tida, så eg er spent på å sjå om eg finn klede som ikkje er laga av slikt stoff. Biletet av meg og bror i 1978 gir ein liten peikepinn på kva eg kan venta å finna.


24. mars 2010

Årets påskestrikk


Dette skal bli ei fin lita jakke. Det grøne nøstet er eit merinoull-nøste eg kjøpte i København. Det var veldig dyrt, så eg kjøpte berre eitt og tenkte eg skulle miksa det med Askeladen-garn frå Nøstebarn. Og det har eg gjort her. Den einaste ulempa med å strikka med fleire fargar er dette:

Eg er ikkje særleg glad i trådflokar. Same kor mykje eg prøver å unngå det, blir det flokar. Men, men. Eg reknar med det skal gå greitt å få ferdig jakka i løpet av påska, så eg har planlagt å gå i gang med eit prosjekt til i løpet av ferien. Eg har blitt vill og gal og kjøpt raudt garn og gler meg til å sjå kva fargar eg kan få til å miksa det med.

23. mars 2010

Om motivasjon

Dei siste åtte vekene har eg trena to gonger i veka på SATS, som altså blei det nye treningssenteret mitt etter jul. Senteret har lokka med "en fin overraskelse", og etter kvart som vekene har gått, har eg samla stadig fleire stempel i eit lite kort. Eg har tvinga meg på trening dei gongene eg har vore sånn passe motivert, berre fordi eg har sikla etter å få stempel i kortet mitt. Sånn såg kortet mitt ut før den siste og avgjerande treningsøkta sist søndag:


Eg visste jo eigentleg at det ikkje kom til å vera ei stor premieutdeling med dunder og brak, men eg må innrømma at eg var litt spent då eg opna den avlange boksen med SATS-logo på.
– Det er noko som kan koma godt med på trening, sa ho i resepsjonen. Aha! Kanskje det er ei pulsklokke, tenkte eg. Den avlange, smale fasongen på boksen styrkte meg i trua. Men det var nok inga pulsklokke. Premien var ein søt, liten handduk – ein litt avlang vaskeklut, trur eg vi kallar det – og eit sveitteband. Med SATS-logo på, sjølvsagt. Eg må innrømma at eg blei litt overraska. Stod dette i stil til hardslitet eg hadde vore gjennom dei siste åtte vekene? Eg blei pittelitt skuffa med det same, men det gjekk fort over, altså. Eg tok med handduken/vaskekluten på aerobic-timen, og han kom godt med, faktisk. Så lurt, det var jo ein liten sveittehandduk! Praktisk! – lett å ta med i den fine SATS-bagen (som eg fekk då eg meldte meg inn).

SATS er gode på merkevarebygging, men dei er også gode på å motivera til meir trening. Den største motivasjonen min for å trena, var eigentleg ikkje den vesle overraskinga, men å fylla kortet med stempel. Det ville vore eit stort nederlag dersom eg ikkje greidde å fylla det. Eg skulle gjerne hatt eit kort til å fylla, sjølv om eg ikkje får noka pulsklokke i premie. Det er noko med å sjå alle stempla nedover på kortet. Det visuelt tilfredsstillande. Så no prøver eg å halda oppe treningsfrekvensen ved å tenkja meg at belønninga er større enn det alle handdukar og pulsklokker kan gje meg.

15. mars 2010

Kjoletips

Til alle lesarar med kul på magen som strevar med å finna finklede/kjolar: Butikken Svangerskapet her i Oslo har mykje fint! Dersom du ikkje bur i Oslo, treng du ikkje fortvila, for dei har nettbutikk òg (sjølv om utvalet i den fysiske butikken nok er litt større).

Eg blei heilt i ekstase då eg fann denne kjolen og boleroen då eg var innom:
Særs godt nøgd! Kjolen er laga i eit silke-look-alike-aktig stoff, og det er mogleg å veksa i han frå alle vinklar og kantar. Eg har jo streva veldig med å finna fine kjolar, noko som resulterte i dette syprosjektet, så no håpar eg berre at eg greier å halda symotivasjonen oppe, trass i at eg har funne ein butikk som kan dekkja kjolebehovet mitt ...

8. mars 2010

I høve kvinnedagen

... presenterer eg ein liten biletserie frå Bogerud tekstil, der eg var innom i førre veke på jakt etter alt anna enn lyseblått og lyserosa. Ord blir overflødige:


Dei har mykje anna fint der, altså, så eg skal vera litt grei og leggja ut eit anna bilete frå butikken:
Garn og garn og atter garn! Og syutstyr. Jippi!

7. mars 2010

Optimistisk prosjekt?

Det er vååår i lufta og eg gler meg til å kasta vintersko og vinterklede og ta på meg sommarlege klede! Eg er nøydd til å utvida garderoben min til sommaren, og difor har eg kjøpt dette kjolemønsteret på nettet:

Eg planlegg å sy den rosa varianten, men ikkje i rosa stoff, då. Eg planlegg å bruka eit gammalt, grønblomstrete dynetrekk. Mønsteret ser veldig enkelt og greitt ut, og det er veldig gode forklaringar, trass i at det står på engelsk. Likevel: Dette kjem til å ta tid! Eg har klipt opp halvparten av mønsterdelane eg treng, og det tok laaang tid! Eg er jo slett ingen proff.

Problemet er at eg er ein blanding av storleikane small, medium og large, og eg er ikkje flink til å tilpassa mønster til kroppen min, så eg må nok sy ein prøvekjole av eit jallastoff for å sjå korleis eg må tilpassa. Eg tør ikkje å klippa opp det fine dynetrekkstoffet før eg er sikker på at mønsterdelane er i riktig storleik. Så får vi sjå om eg rekk å bli ferdig før eg kan gå i dei vanlege sommarkjolane mine igjen ...