30. september 2009

34 år!

Juhu! Bursdag! Det er like kjekt kvart år. Denne veka har eg haustferie, og difor oppheld eg meg på heimlege trakter på Nordmøre. Dagen har vore fin så langt.

Det er haust, det er vått. Og det låg snø på toppen av Ertvågsfjellet i dag tidleg!

Altså innevêr. I ullsokkane til pappa.

Innevêr = strikkevêr. Så eg brukar dagen på å strikka på kjolen min. Som minner meg om ein bunad (eg trur det går over). Mønsteret og garnet er islandsk. Får kryssa fingrane for at det blir 20 minus til vinteren. Eg sveittar berre strikketøyet ligg i fanget.

Mamma set brøddeig, og eg gler meg til lukta av nysteikt brød fyller huset. Det går rykte om kaker, så det blir nok endå meir å sjå fram til.


Og SÅ, vettu! Når eg er heime, har eg tid til å surfa rundt på nettet og drøyma om alt eg har lyst til å laga. På ein slik surferunde fann eg heilt tilfeldigvis ut kva leikene på biletet over heiter! Desse figurane har eg hatt sidan eg var lita, og eg hugsar at eg hadde ein vask også. Eg har alltid lurt på kva leiker dette er. No har eg funne ut at det er Fisher Price-leiker som var populære på 60- og 70-talet, og at dei går under namnet "Little People". På eBay kan ein finna Little People-skular, møblar, hus, båtar ... Eit mekka! Så no får vi sjå om eg greier å halda nostalgien i sjakk ...

20. september 2009

Ei slags bokmelding

Mannen i huset kom heim med ei bok til meg som han hadde kjøpt på sal. Han rekna med at temaet var interessant for meg, og det hadde han jo rett i. Boka heitte Klær – fra kast til bruk, gjeve ut av Boksenteret Erik Pettersen & Co. AS i 2008. Boka handlar om korleis ein kan gjera om gamle plagg til nye, noko eg jo har stor sans for. Eg har ikkje lese så mykje i boka enno, for det var bileta som fanga meg. Og kleda. Eg har aldri sett på makan til merkeleg gjenbruk av klede som er fotograferte på ein meir uproff måte.

Lat oss byrja med framsida av boka:

Eg greier ikkje heilt å setja fingeren på kva som er feil her, men det er noko rart. Det første eg tenkjer, er fint golv! Blikket glir frå golvet mot dei knallraude stiletthælane (stiletthælar går att gjennom heile boka). Og til noko som ser ut som ei tatovering på den venstre ankelen til modellen. Blikket vandrar vidare oppover dei veldig lange føtene og til det vesle som er av klesplagg. Ein minikjole laga av ... ullgenser? Og deretter ser eg blikket til dama, men ho møter ikkje mitt. Det er akkurat som om ho ikkje veit om ho skal lena seg framover eller retta opp ryggen, og resultatet blir ein slags mellomting. Litt sånn Mette-Marit-kroppshaldning. Jaja, eg tippar formgjevaren blei ganske så nøgd med den raude tråden (ha-ha) som går att, i alle fall. Og: Dette er nok det beste biletet i boka. Eit pluss: modellen smiler, noko slett ikkje alle modellane i boka gjer. Forfattaren stiller opp som modell over fleire sider, og ho ser rett og slett sur ut.

(Jepp, forfattaren av boka til venstre på biletet.) Og med dette biletet er vi over på vinnaren i kåringa av det minst brukarvenlege plagget i boka, nemleg ... tadadataaa: strikkakragen!

Kommentarar er vel overflødige, anna enn at ho skal ha kred for å ha brukt kvar ein tråd i det som opphavleg var ein genser. Kragen og toppen til høgre er nemleg frå den same genseren. Kragen og toppen kan sjølvsagt setjast saman til eit nytt plagg igjen:


Kremt. Eg forstår ikkje heilt kvifor plagga er sette saman til EITT plagg når det står ei slags åtvaring om dette i boka: En voldsomt mønstrete genser blir to morsomme plagg, men bør kanskje brukes separat. Kvifor er då dette biletet med? Til skrekk og åtvaring? (Hovudproblemet er vel kanskje at plagga ikkje tek seg bra ut verken saman eller separat ...)


På ein god 2. plass i kåringa av det minste brukarvenlege plagget har vi slipskjolen! Det er sikkert mange overflødige slips der ute som fortener eit nytt liv, men eg er redd for at slipskjolen også kan koma til å bli overflødig ... Så kanskje ein rett og slett berre bør levera alle slipsa til Fretex i staden?

Døme på slipskjolesnitt og dårleg mekking av svart bakgrunn (dårleg Photoshop-arbeid). Det slår meg at det nok er ein fordel å bruka lange slips når ein lagar slipskjole.

På ein veldig god 3. plass i kåringa kjem strømpebuksekjolen! Hm, kjem han til å vara like lenge som ei strømpebukse også? I så fall blir det vel berre bruk og kast på nytt? Og korleis i alle dagar kan nylonstoff makta å halda på plass puppane? Her trur eg vi burde ha fått sett kva som skjer når modellen røyver på seg. Dessutan: Når ein skal sy i stretch-materiale (gjeld også strikkaplagg), må ein ha overlockmaskin, og det er noko dei aller færraste har. Så dette plagget er altså for dei proffe syarane? Vil dei sy ein slik kjole? Eg har mine sterke tvil.

Det var topp 3, men det finst veldig mange andre plagg som burde ha vore med. Eg høyrest kanskje negativ ut. Det er jo fine plagg i boka også! Problemet er ofte at plagga ikkje kjem til sin rett fordi modellen har ein uheldig positur, og/eller fordi bakgrunnen er forstyrrande. Det er veldig ofte nedtagga veggar med på bileta. Altså hærverk. Eg ser at bileta er tekne på Sofienberg/Grünerløkka, og eg har gått i desse gatene mange gonger. I området er det SÅ mange fine plassar ein kan ta bilete på, så kvifor velja taggeveggar som bakgrunn? Nokre av bileta er rett nok tekne ved Akersleva, men i alt for sterkt sollys.

Her ser vi døme på ein ikkje så aller verst kjole som ikkje kjem godt nok fram på grunn av stygg bakgrunn og uheldig positur (er det føtene eller kjolen som er det viktigaste å få fram?):


På vaskeseddelen til boka kan vi lesa dette: Innen redesign er alt lov, og alt er mulig! Ja, det er sikkert og visst. Men er det slik at alt som er lov og mogleg, bør ut i bokform? Bør ikkje redesign gje inspirasjon til å gå i gang med kreative prosjekt? Eg blir faktisk ganske irritert av denne boka (sjølv om eg må le òg), for ho seier at gjenbruk er unødvendig. Kven vil vel gå i gang med å laga seg strikkakrage, slipskjole eller strømpebuksekjole når ein kan skaffa seg det ein treng på H&M for ein billeg penge? Eg berre spør. Og boka gjev ikkje svar.

11. september 2009

Glimt frå hausttur i Oslobygda

Ok, eg skal hylla hovudstaden litt òg. Førre helg oppdaga vi eit veldig fint område like ved Ekebergsletta. Vi fann til og med epletre fulle av eple!