21. februar 2007

Sigmund 30 år i dag!


Hipp hurra, Sigmund-bror er 30 år i dag! Det er jo ikkje så lenge sidan MIN 30-årsdag, så eg innser at vi vart fødde med ganske kort tidsmellomrom. Eg har fått referert at det første eg sa då vi parkerte bilen på sjukehuset for å sjå den nyfødde guten, var "myttjy bila!". Det er akkurat som eg hugsar det, men det er mogleg det er innbilling av di det har blitt repetert årleg i 30 år. Elles hugsar eg svært lite av korleis det var å få ein bror. Eg var jo nesten nyfødd sjølv, så minnet var nok ganske dårleg enno.

Eg trur ikkje eg var særleg sjalu, sjølv om eg drakk opp all morsmjølka som eigentleg var til bror. (Orsak, Sigmund!) Og når vi er inne på søskensjalusi, vil eg tilrå å lesa boka Ikkje gløym å klappe katten, som på ein fantastisk grotesk og humoristisk måte skildrar korleis det kan vera å få ein liten bror. Eg har 1 eks av boka liggjande her på kontoret mitt, og vil gjerne gje henne vekk til den første som melder seg, i høve denne store dagen.

Sigmund: ikkje lat dagen bli overskugga av at Kong Harald er 70 år. Ta på partyhåret og feir! Hehe...

15. februar 2007

Eg er hekta



Sjekk desse superlekre stoffa, da! Eg har i lengre tid surfa rundt og sikla på diverse nettstader der ein kan kjøpa tøystoff. No har eg endeleg kjøpt mine første stoff over nettet. Det er mykje billegare enn å kjøpa her til lands, og utvalet i fargar og mønster er SÅ mykje betre. Desse stoffa skal bli til skjørt (når eg har fullført sykurset i vår).

Eg elskar å bestilla saker og ting over nettet og få dei rett i posten. Eg kjem til å kjøpa MYKJE tøystoff heretter! Når vi no først er inne på netthandel, vil eg tilrå å kjøpa kule t-trøyer frå Threadless, sjampo og balsam frå lookfantastic.com, tennis outfit eller anna sportsleg outfit frå tennisvarehuset, og sist, men ikkje minst, tøystoff frå Reprodepot eller Cia´s Palette.

13. februar 2007

Når Gud grip inn

I påska skal eg til San Francisco, og der skal eg, mamma, pappa og Knut leiga eit fantastisk hus, som ser skikkeleg amerikansk ut. Huset har mange rom og alt vi treng (til og med oppvaskmaskin!), og det ligg perfekt plassert i eit bustadsstrok like ved Golden Gate Park. Eg har epostveksla tett med den alltid høflege og galante huseigaren, og her om dagen fekk eg kontrakta tilsendt over faks (amerikanarar er seint ute når det gjeld teknologi). Kontrakta handlar rett og slett om kva vi har lov til å gjera og ikkje i kåken og ikkje minst: kva huseigaren IKKJE har ansvar for. Dette var underhaldande lesnad, og fortel mykje om kva land vi skal til. Dette var høgdepunktet for meg:

Property owner shall have no liability to Tentant(s) for loss, injury, or damage to property or person of Tenant(s) or guests caused directly or indirectly by Tenant(s) or guests, by acts of God, fire, theft, malicious acts, elements, defects in building, utilities or equipment, stairways, walks, landscaping or due to negligence or violation of the terms of this Agreement by any Tenant or guest.

Altså: viss eg ramlar in the stairways fordi troppa er roten, så kan huseigaren rett og slett skulda på at det er Gud som står bak.

4. februar 2007

Ikkje gløym knappenålene

I går døydde onkelen min. Det er rart korleis livet berre går vidare, som om inkje hadde skjedd. Når eg ser ut, ser eg folk og bilar som passerer nede på vegen. To gamle damer med kvar sin rullator står og snakkar med kvarandre. Trikken går som vanleg. På tven går alle programma som planlagd. Heilt utruleg!

Eg hugsar då Kong Olav døydde i 1991. "Kongen er død!" var det første pappa sa då han kom og vekte meg om morgonen. Vi kunne ikkje gå på skulen, og på radio og tv handla det berre om kongen. Livet stod verkeleg stille. Det var utruleg rart. Og eg trur at sjokket vart ekstra stort nettopp fordi alt stoppa opp. Det påverka kvardagen vår i så stor grad, utan at vi sjølve kunne gjera noko frå eller til. Skulen var stengd, uansett.

Når nokon døyr, er det godt å sjå at alt ikkje stoppar opp, midt oppe i det triste. Å sjå at livet går vidare gjer at ein set større pris på dei kvardagslege gjeremåla, som ein ikkje reflekterer så mykje over til vanleg, nettopp fordi dei er så vanlege. Små hendingar overraskar meg meir. Som i dag, då eg baka overraskande gode rosinbollar. Eller då eg full av forventning las kva eg måtte ta med til første sykurs-kveld i morgon: målband, vevd band, knappenåler, notisblokk og penn. Det er fantastisk at eg skal få høve til å læra korleis eg kan skapa noko fint med symaskina mi! Eg vonar at eg aldri blir lei av å stikka meg på knappenåler.