30. september 2010

35!

I dag har eg bursdag! Juhu! Det er eit sikkert haustteikn. Nett no sit eg med ein liten sovande gut på magen i nyinnkjøpt meitai og drikk særs god kaffi, så då kan det vel eigentleg ikkje bli betre. Sola skin frå blå himmel, og litt seinare i dag skal eg til den beste frisøren eg veit om og fornya meg. Det blir dig! Mannen i huset laga kjempegod frukost med rista kaksjiver, eggerøre, bacon (eller beiken?), mango-smoothie og kjempegod kaffi, noko som er ganske så luksus, i og med at frukosten min som regel er tre knekkebrød i ein fei for tida. Det er ikkje noko som slår dei enkle gleder!

Dagens bilete er frå gamledagar (1981 – trur eg), på den tida då bursdagar var like stor stas som den dag i dag. Og på den tida då bukseselar og strømpebukser tydelegvis var ein heilt vanleg kombinasjon.


25. september 2010

Mitt forhold til sko

Eg er ganske så enkel når det kjem til sko. I vår-, sommar- og hausthalvåret går eg berre i joggesko (bortsett frå sandalar av og til om sommaren). Eg elskar den lette kjensla som joggesko gjev. Dei siste to åra har eg gått i det som har vore favorittsjoggeskoa mine så langt, eit Adidas-par.  Men her om dagen fann eg ut at eg måtte kjøpa meg nye. Skoa var blitt hôlete, og ikkje minst var dempinga blitt ganske så dårleg etter å ha bore på 91 kg på det meste på slutten av svangerskapet.

Eg har aldri vore fan av å kle meg i rosa. Men den gongen eg kjøpte favorittjoggeskoa mine, var eg ikkje i tvil. Eg måtte ha dei. Sjølv om dei var rosa. Og er det ikkje bra typisk? Denne gongen også var det dei rosa joggeskoa som sat perfekt på foten. Eg prøvde veldig på å få føtene mine til å lika eit lekkert par i turkis, men måtte gje opp. Likevel punga eg gladeleg ut. Og det seier jo litt om kor gode dei er.
 Frå venstre: gamle joggesko og nye joggesko. Og dei glade føtene mine.

14. september 2010

Om å byggja reir

Det kjem til å blir litt babysnakk her på bloggen framover, er eg redd. Men eg håpar og trur at andre også kan ha glede og nytte av å lesa om alle dei små og store røynslene eg gjer meg innafor dette nye universet.

Det eg har lyst til å dela denne gongen, er noko vi lærte då Tryggve var innlagd på nyføddintensiven på sjukehuset. Vi lærte å byggja reir alle plassar der han låg. Dei kalla det faktisk reir på sjukehuset, det er ikkje noko vi har funne opp. Alle spedbarna på nyføddintensiven blei pakka inn i reir. Her ser vi reiret i vogna til Tryggve:
(Legg også merke til at han held rundt natursutten som eg skreiv om i det førre innlegget. Her har han den minste varianten.)

For å laga eit reir, treng ein berre noko som er mjukt og godt å ha inntil hovudet. Vi har halde oss til helsepledd, sidan det var det dei brukte på sjukehuset. Det er berre å rulla saman pleddet og leggja det i ein passe stor sirkel rundt hovudet, slik at ungen får god støtte. Då Tryggve var nyfødd, la vi eit samanrulla helsepledd rundt føtene også. No er han vorten så stor at det ikkje er plass til det i vogna. Men i senga har han pledd både rundt hovudet og føtene. (Så vi har altså fire helsepledd i alt. He-he.)

Logikken bak å byggja reir, er ganske enkel. I ni månader har den vesle lege samankrølla i eit tett og trygt miljø, og på slutten har det vore ganske så trongt. Når den vesle kjem ut i den nye verda, er det trygt for den vesle å kjenna seg tett omslutta, anten det gjeld å bli halden rundt av mor og far, bli pakka godt inn i pledd, eller liggja i reir når han skal sova.

Vi ser at Tryggve likar å liggja i reir. Han søkjer inntil pleddet med hovudet og legg seg godt til rette når han skal sova. Dersom han er uroleg og ikkje får til å sova, pakkar vi ullpleddet tett rundt han og lagar fotbukt med det. Og då er det skikkeleg reir! Dette er noko av det mest geniale vi har lært så langt, trur eg.