Viser innlegg med etiketten Heldige biverknader av å skriva nynorsk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Heldige biverknader av å skriva nynorsk. Vis alle innlegg

29. januar 2012

Heldige biverknader av å skriva nynorsk #2

For nokre år sidan starta eg ei spalte her på bloggen som eg kalla Heldige biverknader av å skriva nynorsk. Eg byrja spalta med å skriva om at nynorsk er det beste sjekketrikset. Tida er mogen for å skriva det andre blogginnlegget i serien.

Eg blir så utruleg lei av sutring og klaging når det gjeld nynorsk. Den siste veka har det vore ein del sutring, og sjølv om det har ført noko godt med seg, nemleg fleire medlemer til Noregs Mållag, er det viktig at alle vi som har levd i fleire tiår med å skriva nynorsk, får fram alle dei heldigve biverknadene av å skriva nynorsk! Tru meg, det å skriva nynorsk er berre bra! Ein er aldri usynleg. På den positive måten!

Til saka: Eg har stort sett hatt jobbar der det å kunna både bokmål og nynorsk har vore avgjerande for om ein fekk jobben eller ikkje. Og det er jo veldig kjekt, i og med at eg kan skriva både bokmål og nynorsk. Men det er ikkje slike jobbar det skal handla om. Det skal handla om jobbar ein søkjer på der det ikkje blir stilt like strenge krav om språkkunnskapar.

For mange år sidan, medan eg var student, søkte eg på sommarjobbar i helsevesenet. Og eg skreiv sjølvsagt jobbsøknadene på nynorsk (dette var i bokmålsland). Det var særs mange som søkte, så konkurransen var stor, og mange av dei som søkte, hadde dei same jobberfaringane som meg. På den eine plassen eg var på intervju, forstod eg eg hadde ein konkurransefordel som eg ikkje hadde tenkt på før. Eg oppdaga den heldige biverknaden av å skriva nynorsk i jobbsøknader. På denne arbeidsplassen sa sjefen under intervjuet at dei hadde fått inn mange søknader, men at dei la merke til søknaden min fordi eg skreiv på nynorsk! Ho la mykje betre merke til kva eg skreiv, sa ho. Eg hugsar at eg sat på intervjuet og fekk inntrykk av at ho knytte så mange positive assosiasjonar til det å skriva nynorsk at ho blei positivt innstilt til meg. Og det er jo eit godt utgangspunkt for eit intervju! Ein har meir å gå på då. Og eg fekk ein fantastisk sommarjobb.

Eg kan ikkje garantera at det er 100 prosent sikkert at ein får jobbtilbod fordi ein skriv nynorsk, men eg kan garantera at det aldri trekkjer ned. Skriv du bokmål, minskar du i alle fall sjansen for å bli lagt merke til. Med andre ord:

5. mai 2009

Heldige biverknader av å skriva nynorsk #1

Vi lever i eit bokmålsvelde. Ingen tvil om det. Som nynorskbrukar i dette bokmålsveldet blir ein lagd merke til. Ein er aldri usynleg. Og dette har mange positive biverknader! Når ein er 14 år, er det ikkje så lett å tenkja seg til kva ei framtid som synleg nynorskbrukar kan føra med seg av heldige biverknader. Og sjølv om det er språkpolitiske grunnar til at eg skriv nynorsk, så er det viktig å få fram alle dei positive biverknadene ved å skriva nynorsk som ein ikkje ser føre seg som 14-åring, men som ein oppdagar når ein reiser ut i verda og møter nye folk. Det er snakk om biverknader som ein får med på kjøpet, heilt uventa og heilt gratis! Så difor, lat meg presentera ein ny serie her på bloggen: dei heldige biverknadene av å skriva nynorsk.

Her kjem biverknad #1 i denne serien:

For fleire år sidan tok eg eit sosialantropologisk studium på fritida. Det gjekk ut på å sjekka opp menn gjennom eit nettsjekkesamfunn (som ikkje finst lenger). I dette nettsjekkesamfunnet hadde alle brukarane ein profil (som på Facebook), og det var valfritt kor mykje informasjon ein ville leggja ut om seg sjølv når det galdt interesser, jobb, kor mange kjønn ein likte, bakgrunn og slikt. Eg brukte godt tid på å tenkja ut kva som var glupast å skriva for å få den rette mannen på kroken. Eg valde orda mine med omhu. Eg hugsar eg skreiv at eg var glad i eple (= sunn livsstil, ergo: eg vil ha deg, sunne mann).

Men eg kunne eigentleg ha skrive kva som helst. Eg blei nemleg overøst av meldingar frå gifteklare menn som blei sjarmerte i senk av ... at eg skreiv på nynorsk! Dei skreiv det rett ut at dei blei fullstendig sjarmerte, at eg skilde meg ut, osv. Eg gjekk på kafé med nokre av desse mannfolka (feltarbeid), og då blei dei sjølvsagt sjarmerte av dialekten min. Veldig mange fall for ordet brok, hugsar eg. Ja, eg kunne faktisk både seia og skriva kva som helst. Dei fall pladask, alle som ein. Dette var ei stor overrasking for meg. Eg hadde aldri trudd at språket og dialekten min skulle ha ein slik magisk effekt! Til slutt blei studiet så omfattande at eg gradvis måtte snevra inn feltarbeidet. Og det enda opp med at eg faktisk sletta profilen min (og så møtte eg jo Knut, då, som sjarmerte meg ved å skriva nynorsk, haha).

Kva konklusjon kan vi dra av dette? Eg seier ikkje at det å skriva nynorsk automatisk fører til hell i kjærleik, men studiet mitt viser i alle fall at det er optimale sjansar for å få menn (eg har ikkje utført studiet på kvinner) på kroken dersom ein skriv nynorsk (og sjansane aukar endå meir dersom ein har ein dialekt som er mest mogleg uforståeleg for austlendingar). Og eg trefte fleire smarte karar, sjølv om eg måtte sletta profilen min til slutt. For å oppsummera blir konklusjonen på studiet altså at nynorsk + dialekt = garantert mann på kroken. Eller rettare sagt: