29. mai 2010

Sparkebrok

Denne sparkebuksa byrja eg på i påska, så no var eg rimeleg lei. Overkroppen var moro å strikka, men rompa og føtene var litt dryge. Eg er fan av å strikka med fleire fargar.

Oppskrifta er frå Strikk til nøstebarn, som vanleg.

Buksa skal liksom vera storleik 6 md., men eg strikkar veldig laust, så eg trur buksa kjem til å passa til større babyar enn det. Men ikkje for det, med tøybleier treng ein jo litt større plass, så det er mogleg at ræva treng den plassen ho kan få her.
Eg hekla ei rad med fastmasker rundt overkroppen. Kunne sikkert ha hekla to rader (det sto 1–2 rader i oppskrifta), men eg orka rett og slett ikkje meir.

No er eg i gang med bleiebukse, og så siklar eg etter å koma i gang med denne genseren. MEN eg skal strikka genseren i litt friskare fargar, nemleg i desse fargane.

Men aller først må eg sy ferdig mammakjolen ... Skal trass alt bruka han 12. juni, og eg bør koma i gang med syinga. Driv og klipper ut stoffbitane no.

16. mai 2010

Nytt frå hus og "hage"

Når det gjeld interiør (oppussing og alt i den dur) og fargerike vokstrar som vi skal prøva å få til å leva på verandaen, skårar vi ikkje særleg høgt, mannen og eg. Den siste tida har vi skjerpa oss veldig. Kanskje fordi vi skal bli tre her i huset. Plutseleg byrja vi å gjera noko av det vi hadde snakka om i tre år, dvs. sidan vi flytta inn. Det fortener å bli blogga om.

Først kjøpte vi ein tomatplante og sådde diverse krydderplantar. Krydderplantane veks som berre det. Og i dag såg eg den første tomaten! Juhu! Planten har altså ikkje daua!

Vi kjøpte også inn fleire blomar enn normalt til å ha på verandaen. Til og med eit lite bord til å ha dei på. Den lysegrøne blomen er lavendel, som eg kjøpte fordi det stod på lappen at "research has shown that it has a soothing effect on people." Det må vi jo testa ut.
Blomster-Finn sa på radioen her om dagen at den nye trenden i år er å ha knæsje fargar i hagen, så vi føler vi er på den sikre sida når vi går for gult.

Når det gjeld verandakassene, planta eg i dag ut pelargoniar. Sist sommar fann vi ut at pelargoniar aldri døyr, så det er ein plante som passar oss perfekt.

Og så er vi framme med det mest revolusjonerande som har skjedd i heimen.
Vi har olja verandagolvet! Det skjedde sjølvsagt ikkje utan assistanse frå svigers. (Eg gjorde ikkje noko.) Det blei støvsuga, skura, vaska og olja to lag. Gurimalla, så dig! Skulle hatt eit før- og etter-bilete, men det har eg ikkje.

Det andre revolusjonerande som har skjedd (og det gjorde vi heilt på eiga hand), var å måla gangen. Det har vi snakka om sidan oktober 2007. Den einaste grunnen til at vi bestemte oss for å måla, var pga. handverkarane som gjorde ein liten måle-fadese då dei dei pussa opp badet. I tre år har vi difor levd med mystiske målingsflekkar på veggene. Men no er flekkane borte!
Fargen var lyselyselimesjøgrøn og er litt vanskeleg å fanga på bilete, men her ser vi korleis han passa perfekt til det fine turkise kunstverket vi har på den eine veggen. (Kunstnaren er Maria, og eg vil tilrå alle å kjøpa kunst frå henne!) Etter dei første målingsstroka fekk vi heilt sjokk fordi fargen såg så vanvittig 80-tals ut, men etter to strok tykte vi det blei bra.

Eg har lese på divserse interiørbloggar om dei som heller målar vegger og tak kvar vår i staden for å vaska, og eg kan berre ikkje fatta at dei får det til! Vi kjem i alle fall ikkje til å måla noko meir, sjølv om det var litt moro.
Fargen på veggen i front er slik alle veggene såg ut før vi måla. Denne veggen har vi no byrja fantasera om å tapetsera. Vi tenkte eigentleg berre å ha han slik som på biletet, men oppussing gav meirsmak (høhø), så vi kan ikkje stoppa når vi først er i gang. 

Av målinga som blei til overs, forvandla eg verdas eklaste oransje krakk til å bli grøn og fin. Dvs. han er ein mykje brukt og høgt elska krakk her i huset, men han var måla utruleg stygt og sarvete. Eg har drassa han med meg frå hybel til hybel som student, heilt sidan våren 2000, og eg anar ikkje kvar han han kjem frå.

Men dette får vera nok interiørprat for ei stund. Det blir garantert lenge til neste gong!

Bleiebukse

Då var eg i mål med den første bleiebuksa til han i magen. Utruleg søt fasong:
Eg strikka av 3-tråds lanolingarn som eg kjøpte i gardsbutikken til fantastiske Sogn jord- og hagebruksskule for nokre år sidan. Dette er altså ei nattbukse, men eg har tenkt å strikka dagbukser av 2-trådsgarn òg. Det går jo veldig fort å strikka, så eg håpar eg rekk å strikka ein solid bunke før han kjem ut.

Men eg må jo sy ferdig mammakjolen aller først ...

10. mai 2010

Frå mørkeloftet #8

Lukka er å vinna ei dokke og ein heil garderobe full av heimesydde og heimestrikka dokkeklede! Lat meg presentera Anne:
Eg vann Anne på basar då eg var lita. Og ho heiter Anne fordi det var tanta mi Anne som trekte vinnarloddet. Eg har alltid hatt vinnarlukke på basar, men denne premien var nok den gjevaste eg vann nokon gong. Eg fann henne på mørkeloftet heime i påska, og eg veit at det var fleire klede i garderoben enn det eg kan presentera her. Eg hugsar at det var med ein sovepose også, og det manglar eit bunadsskjørt. Men dette er i alle fall ein liten smakebit. Og ikkje minst er det eit godt prov på at basarpremiane før i tida var mykje meir forseggjorde enn i dag. Takk til Lise som strikka og Gerd som sydde!


1. mai 2010

Sysesesongen er i gang!

Etter ein lang vinter med strikketøy i fanget er det utruleg dig å gå i gang med vårens syprosjekt. Her om dagen reiste eg til Stoff og stil i Drammen. Det var eitt år sidan sist, og denne gongen hadde eg litt meir konkrete planar for kva eg skulle ha, men eg greidde likevel å kjøpa alt mogleg som ikkje stod på handlelista. I tillegg til trådsneller, glidelås, kritt, strikk og slikt, kjøpte eg mange fine stoff: 

Dei to turkise stoffa er perfekte kjole- og blusestoff. Soppstoffet (som er økologisk) har eg sett mykje av rundt om på diverse kreative bloggar. Det er heilt fantastisk fint! Sjekk da:

Stoffet finst både i stretch og vanleg bomull. Sidan eg ikkje har overlock-maskin, blei det vanleg bomull. Ganske tjukt bomullstoff, eigentleg. Har ingen konkrete planar for det enno. Sukk, eg har lyst på overlock-maskin!

Pingvinstoffet er også utruleg fint:
Det beste med stoffet er at det er så mjukt og godt å ta i. Trur det kan passa perfekt til dyne- og putetrekk!

Og så – stoffet som var grunnen til at eg eigentleg måtte på Stoff og stil:
Dette er stoffet eg skal bruka til å sy mammakjolen med. (Eg bestemte meg for å sy kjolen utan ermer – altså den til høgre.) Eg leita lenge for å finna eit perfekt stoff. Dette er veldig tynt, glatt og silkeaktig å ta på (er laga av 100 prosent polyester, da ...), og er sikkert fint å ha inn mot kroppen når det blir skikkeleg varmt. Eg har aldri sydd med slikt stoff før, så det blir spanande å testa ut! Eg har sydd ein dummy-kjole av mammakjolen i eit stoff eg aldri kjem til å bruka til noko fornuftig:
Då fann eg ut at medium blir alt for stort, og at eg må bruka eit tynt stoff for at kjolen skal falla fint. Eg vurderer å bruka eit lilla stoff som belte, som eg kjøpte litt av også, men er litt usikker. Vel, eg fann også ut at dette var ein veldig enkel kjole å sy. Utruleg gode syinstruksjonar, sjølv om dei var på engelsk. Eg brukte to kveldar på sjølve syinga (men då sydde eg ikkje i glidelåsen, altså, og dessutan var eg ikkje supernøyaktig heile vegen). Så no har eg stoff i vaskemaskina og er klar som eit egg til å gå i gang med syinga når dei har tørka!