30. september 2006

31 år i dag!


Her er eg og pappa 30. september 1976, for akkurat 30 år sidan. Mamma fotograferer (utan blitz - difor mykje skugge som gjer at hovuda våre ser forvrengde ut).

1-årsdagen og 30-årsdagen er truleg dei største bursdagsfeiringane så langt i livet. Hugsar ikkje så mykje av den første, men den fantastisk flotte og store feiringa i fjor har eg mange gode minne frå. Det å verta 31 er liksom ikkje like stort og vert ikkje markert på nokon spesiell måte. Det er ein heilt vanleg dag. Regnet høljar ned, eg har vondt i halsen og hovudet, er forkjøla...Ikkje har eg planlagd noko selskap og ikkje har eg planlagd kakebaking. Det einaste som gjer at bursdagskjensla kjem snikande er alle gratulasjonstekstmeldingane eg har fått.

Konklusjon: Eg skal ikkje venta til eg er 40 med å halda stor bursdagsfest!

27. september 2006

Regn i Roma



Sidan sist har eg og Knut vore på ein liten ferietur til Roma - for fyrste gong. Det var ein lærerik tur, og eg trur det er på sin plass å dela røynslene med andre som drøymer om å reisa dit. Det er lurt å ikkje ha for store draumar og det er lurt å vera der i meir enn 5 dagar den fyrste gongen, slik at ein rekk å verta litt betre kjend med byen og veit kva ein bør gjera og ikkje.

1. Lær deg italiensk! Nesten ingen snakkar verken engelsk eller spansk. Det er det viktigaste rådet. (Vi kunne det ikkje).

2. Lær deg uttrykka ”grazie” (takk) og ”prego” (versågod, ingen årsak, no høyrer eg på deg, berre snakk) – då kjem du langt; i alle fall kjem du deg ut av bussen.

3. Det er veldig ofte streik på metroen, som ein er heilt avhengig av å bruka. Ha difor med supergode joggesko og eit detaljert kart over byen.

4. Byen er full av turistar. Ein kan lett få andenaud i folkemassen. Gå i staden inn ei smal gate og set deg på ein kafe.

5. Aldri kjøp svart kaffi – til og med cappucinoen er utruleg sterk.

6. Dei har ein tesort som heiter ”Tung ting”. Veit ikkje om dette er ei åtvaring eller ikkje. Du kan jo alltids smaka.

7. Viss du ikkje vil eta pizza eller pasta: du får deg litt av ei utfordring i å setja saman måltidet sjølv! (V.h.a ein meny der alt står på italiensk og ein kelner som berre snakkar italiensk).

8. Regnet i Roma er ikkje som norsk regn. Det er våtare.

9. Ikkje stol på drosjesjåførar som ser at du er ny i byen. Dei tek alle pengane dine, utan at du merkar det.

10. Den italienske døgnrytmen er ei utfordring. Midt på dagen, til litt ulike tidspunkt, stenger mange butikkar og restaurantar i mange timar. Ta difor med matpakke overalt og ikkje planlegg handlerunde før om ettermiddagen/kvelden.

Etter å ha delt det-fyrste vs det-andre-møtet-med-Roma-røynsler med andre, peikar det seg ut ein tydeleg tendens: møte nr. 2 er det beste. Men eg merkar at det er litt for tidleg å drøyma enno.

5. september 2006

Seint, men godt!

Eg trur eg og bror min har det etter mamma og pappa, som vart foreldre for første gong då dei var 43 og 48 år: vi er litt treige ...

I vår leverte eg hovudoppgåva mi etter to år på overtid. Og i dag, etter eitt år på overtid, kom den store dagen då Sigmund disputerte! Mamma (74) og pappa (79) tok Kystekspressen til Trondheim med finstasen i kofferten og sjekka inn på hotell for å få med seg seansen. Mamma måtte i hui og hast kjøpa ny dameveske før disputasen, for lommeboka var plutseleg blitt så stor at det ikkje var plass til henne i den medbrakte dameveska (må fylla opp når ein skal på bytur, vettu). Det knytta seg òg stor spenning til korvidt kjoleutringinga på den medbrakte kjolen var for stor eller ikkje. Så det var hakket før det vart kjøpt inn ny kjole òg. Pappa vurderte om det burde vera kvit eller blå kjorte, og det vart blå. Som vi altså skjønar: dette var ein stor dag.

Det er kjekt med store dagar, kanskje særleg når dei kjem seint. (Men eg har ingen planar om å få unge nr. 1 i ein alder av 43)