18. august 2011

Vakker grafitti

I dag vandra eg rundt i dei delane av Oslo eg likar aller best: Kampen og Vålerenga. Og like ved Jordal amfi fekk eg auge på eit gjerde med strikkegrafitti!























Kjempefint! Og namnet på grafittistrikkaren står også, som de ser. Gå hit for å sjå meir vakker grafitti.

15. august 2011

I mål med favorittbuksa

I mai sydde eg denne til Tryggve. Buksa har vore mykje i bruk i sommar. Så då kjøpte eg endå meir av det tynne cordfløyelstoffet for å sy ei bukse til. Denne gongen kjøpte eg stoff i ein mosegrøn farge. Og eg sydde gule lappar på knea – denne gongen trefte eg litt betre med dei, dvs. det blei ikkje legglappar, men knelappar.



Eg tykkjer det artig å sy med kontrastfargar her og der, sånn som då eg festa lappane.









Det blei gult skråband. Eg byrjar å bli flinkare til å sy i svingar no! Og knappane gjekk det også betre med. 



Eg strauk også på denne søte ugla på bringa:





... men ho byrja losna allereie etter ein vask, diverre. Nokon som har triks for å få sånne figurar til å sitja fast skikkeleg? Det var lim på baksida, så det var jo berre å stryka over med strykjernet?



Buksa i bruk:







Eg skal definitivt sy fleire bukser! Men det blir ikkje fleire til Tryggve denne sesongen. I går måtte vi nemleg fram med ulla ... så ullsesongen er rett rundt hjørnet.

14. august 2011

Med vest blir det fest!

Eg strikkar og syr mykje til Tryggve. Likevel er det ekstra stas når vi får noko heimelaga frå andre. På 1-årsdagen sin fekk Tryggve ein heimelaga vest av vesle Rafael på 4 månader. Det er mor til Rafael som har hekla vesten, og han sat perfekt! Vest er kanskje ikkje så mykje i bruk lenger. Det er litt 70-tals, føler eg. Men med vest blir det fest, meiner no eg. No har eg sett meg ut fleire fine strikkeoppskrifter på vestar i ull, så eg trur heilt bestemt at eg må strikka ein vest til vinteren.



Buksa han har på seg, sydde eg i mars og har vore mykje i bruk i sommar. Kult at ho framleis passar!














13. august 2011

Kjolekupp til 149 kr!

På Fretex i Lillestrøm hang denne kjolen i døropninga og ynskte meg velkommen. Det var kjærleik ved første blikk, og eg kryssa fingrane for at han passa. Og som de ser, han sat som eit skot! Lukke! Kjolen er utruleg behageleg å ha på. Materialet er 100 prosent polyester, men det kjennest ikkje slik ut. Kjennest meir ut som silke. Lett og ledig svingar kjolen seg rundt kroppen min. På den litt falma merkelappen står det "Tori Richard. Honolulu." Eg googla merket, og det finst framleis! Ser også at gamle kjolar i dette merket er prisa ganske så høgt på diverse nettbutikkar. Heldige meg som fekk kjolen til 149 kr!



Eg elskar utringinga, og eg elskar ryggen. Og eg likar blomane, sjølvsagt. Og fargane. I ein slik kjole kan eg tolerera å snubla i legoklossar og skrot og rot dagen lang.







Note to self: Kjolekuppa gjer ein ikkje i hovudstaden.

12. august 2011

1988



Det er tid for litt historie- og geografiundervisning. Eller heimstadlære, om ein vil. Dette er meg og bror min 22. mai 1988. Eg har på meg det som var yndlingskleda mine i lang tid. Dei blei heilt tynnslitne til slutt. Bror min sydde den blå joggebuksa på skulen. (Eg sydde ei lilla ei.) Eg hadde veldig raudt hår, og sjølv om det alltid var langt, sa eg at eg sparte til langt hår. Eg drøymde om å ta permanent, men sidan foreldra mine ikkje forstod poenget med "krokete hår", måtte eg i staden fletta håret i våt tilstand og sova med flettene om natta. Men sidan eg ikkje vaska håret/dusja så veldig ofte på den tida, hadde eg stort sett bølgjer i håret på søndagar (laurdag = laugardagen, naturleg nok). Så dette biletet er nok teke på ein søndag. Og det stemmer også ganske bra med at vi på søndagar ofte reiste på båttur. Biletet er nemleg teke på Smøla (ein liten båttur unna barndomsheimen) – som stort sett er kjend for å vera ei særs flat og vindfull øy. Så der var det veldig enkelt å få fluffy hår, i tillegg til liksom-permanenten! Lukke!

10. august 2011

Nostalgi

Eg har eigentleg mykje å blogga om på syfronten for tida, men akkurat i dag er eg i det nostalgiske hjørnet og har berre lyst til å visa fram dette fine biletet av hunden vår Jampa, meg og busserullkledde mamma frå 1977.




6. august 2011

Fascinasjon

Då eg var lita, blei eg alltid fascinert av blokker. Tenk å bu så høgt over bakken! Og dela bygget med mange andre! Eg voks opp på ein bitteliten plass, og der hadde alle sitt eige hus. Med hage. Som på så mange andre små plassar. Her om dagen var eg og Tryggve i Groruddammen og bada. Ved t-banestasjonen på Grorud kan ein sjå denne monumentale blokka. For eit byggverk! Dei mange ulike gardinene og dei kvadratiske figurane i kombinasjon med lyset frå sola laga så fint mønster i den fine sommardagen. Kven er alle folka som bur i denne blokka? Korleis ser byen ut frå vindauga høgast oppe? Eg merkar at eg framleis lèt meg fascinera.



4. august 2011

På bærblukking i Bærum

Eitt heitt tips no i desse bærtider, dersom du ikkje har hage med bærbusker, er å reisa til ein gard der det er sjølvplukk av bær. Du kan sjølvsagt kjøpa bær i butikken også, men det å plukka sine eigne bær er hakket meir stas. Ferskare bær får du ikkje! Dessutan er det ein fin aktivitet å ta med ungane på. Eg gler meg til eg kan ta med Tryggve på bærplukking! Uansett, i går reiste eg og Eva Marie på sjølvplukk av bær i Bærum. Nærare sagt til Vestre Frogner gård.



På garden dyrkar dei jordbær, bringebær, solbær, rips, kirsebær, eple, pærer og plommer, og alt er til sjølvplukk! Ein kan også bestilla og få andre til å plukka for seg. Her var det kilometervis med bringebærrankar. For ein rikdom!

Vi plukka bringebær. Fleire kilo.



Og solbær. Også fleire kilo. Vi lånte sånn beredings til å plukka solbæra oppi. Veit ikkje om det er mogleg å sjå det, men bæra var gigantiske!




Vi plukka og plukka, drakk kaffi og vatn og åt eit par bær ... Det skulle definitivt ha vore fleire der og plukka, for mange av bringebæra var overmodne.



Det er rart, men med ein gong bær hamnar på kjøkkenbenken, kjennest dei ikkje like søte ut som i bæråkeren. Men eg lèt meg ikkje lura. Eg brukar minimalt med tilsetjing av søtsmak når eg lagar syltetøy. Eg likar bærsmaken, ikkje sukkersmaken. Då eg rørte bringebærsyltetøyet, brukte eg berre fruktose og sukrin. I solbærsyltetøyet kokte eg inn litt sukker i tillegg til fruktose og sukrin. Og eg smakar meg fram til eg er nøgd.

Resultatet av tre timar med bærjakt:
2 beger med solbær naturell (til smoothie og sånn)
2 beger med bringebær naturell (til smoothie og sånn)
5 glas med solbærsyltetøy
3 beger med rørt bringebærsyltetøy

Og så kjøpte eg ei flaske med heimelaga eplesaft (utan sukker), som smakte fantastisk!

Bringebærsyltetøy som prøver å gå i eitt med omgjevnadene for å ikkje bli oppdaga. Umogleg! Moms!