31. desember 2013

Mitt strikkenyårsforsett

Eg strikkar mykje, og då samlar det seg mykje restegarn. Eg har også garn liggjande som eg aldri har greidd å bruka på grunn av at garnfargane ikkje var slik som eg hadde tenkt. I 2014 har eg tenkt å ta tak i det store garnlageret mitt og bruka det til noko fornuftig. Og eg har funne ut korleis!

Organisasjonen Strikk for livet sender strikka ullplagg og ullteppe til nyfødde, prematurfødde og sjuke barn ved sjukehus i fattige land. Og her har eg tenkt å bidra. 
Eg har byrja på eit ullteppe i Pickles extra fine merino, som er eit utruleg godt og mjukt garn. Oppskrifta er frå Pickles og heiter På veg helseteppe. Det går fort å strikka, og eg har tenkt å strikka så langt at eg har brukt opp alt restegarnet av denne garnsorten. Eg har også tenkt å strikka prematurtrøyer som det ligg oppskrift på på nettsida til Strikk for livet. Gå inn der og les meir. Og strikk! 

Og til slutt ønskjer eg deg eit godt nytt år, anten du strikkar eller ikkje! 

25. desember 2013

Boktipset!

Frå min splitter nye iPad Air må eg dela eit boktips.

Eg les nesten aldri skjønnlitterære bøker. For det første prioriterer eg å strikka når eg først får tid til å setja meg ned om kveldane. For det andre har eg slutta å lesa på senga, noko eg som regel alltid gjorde før eg blei mor. For det tredje er eg ein særs utolmodig og kritisk lesar. Det skal mykje til før ei bok fenger meg. Eg les stort sett bøker av dei forfattarane som har gjeve meg gode leseopplevingar tidlegare. Men i alle fall var det denne boka som nettopp låg i fanget mitt:
Eg hadde kome til side 12 i dag tidleg, og no er eg ferdig. Eg har brukt kvar ei ledig stund i dag til å lesa. Mannen måtte både bada og leggja sonen. Fordi eg var så hekta. Dessutan seier det alt om ei bok når eg legg vekk strikketøyet til fordel for å lesa. Eg har ikkje strikka ei maske i dag. Men det skal eg gjera no! Les boka! 

Og til slutt: Agnes Ravatn er ein forfattar eg vil tilrå å lesa alle bøkene til, både når det gjeld fortidige og framtidige utgjevingar.

PS: Eg tek i mot lesetips frå kloke hovud, så del veldig gjerne boktips med meg, altså!