26. desember 2009

Kjoleprosjekt ferdig!



Det er eigentleg ei stund sidan eg blei ferdig med kjolen. Eg trur det var i november ein gong. Då eg tok dette crappy mobilbiletet, hadde eg enno ikkje dampa hals- og ermekantane. Dei blei nemleg ganske krøllete etter at eg hekla to omgangar med fastmasker rundt til slutt. Kjolen blei god og varm, i alle fall, og han har kjempefin passform. Eg hadde han på på julaftan, og utpå kvelden måtte eg vrengja han av meg og naut fridomen i berre topp og strømpebukse. Kjolen var faktisk veldig enkel og grei å strikka, og det gjekk ganske fort (eg byrja i august og strikka i rykk og napp), men eg måtte få hjelp til å tolka oppskrifta mot slutten. Takk til Torunn for gode forklaringar! Kjolen kjem nok til å bli brukt til kvardags òg, i alle fall no når det er meldt så kalde dagar i hovudstaden.

22. desember 2009

Jula 1976



Eg og pappa og eit spinkelt og merkeleg pynta juletre. Fleire av juletrekorgene er framleis i bruk.

(Eg har gjort nokre innstillingar slik at eg endeleg kan posta digre foto på bloggen. Herleg!)

Førjulstankar

Det har vore dårleg med blogging i desember, gitt, sjølv om eg eigentleg har hatt god tid til å blogga. Og eg har hatt nok av emne å blogga om. Og då tenkjer eg ikkje først og fremst på emne som har med handarbeid og andre diller å gjera. Det som irriterer meg oftare og oftare, er at eg ikkje kan skriva kva som helst her inne. Det å blogga om strikking og mat og daglege syslar er ganske snilt samanlikna med kva eg eigentleg har lyst til å blogga om mange gonger. Eg har mykje på hjartet om andre emne også ... emne som engasjerer meg, som provoserer meg – emne som gjer at eg får ein enorm trong til å uttrykkja meiningane mine. Det er ofte vanskeleg å vita kvar grensa går mellom kva eg kan seia og ikkje. Eg har fått mange nye tankar om norsk skule, f.eks., etter å ha arbeidd som lærar i haust. Men det er ikkje så lurt å skriva alle tankane mine når alle kan lesa det – foreldre, lærarar (elevane er nok ikkje så gode på å finna fram på det store Internettet enno) ... Innimellom lurar eg på om eg må venta til eg blir pensjonist med å ytra meg. Det er litt keisamt å venta. Og når eg blir pensjonist, er eg sikkert ikkje så sint lenger, heller. Og ingen bryr seg om kva pensjonistar seier. Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjera. Eg skal tenkja på det.

7. desember 2009

Favorittmåltidet mitt

Ja, det er nysteikt kaksjiv (den aller første skiva, dvs skalken) med mykje smør på (Bremykt) som smeltar når du smør på. Eg har lagt ut brødoppskrifta på bloggen ein gong før, men sidan den gongen har eg justert litt på henne, så her kjem ei oppdatert og forbetra oppskrift.



Oppskrift på verdas beste glutenfrie brød – eit brød som er urørt av menneskehender heilt til du skjer den første saftige skiva

 Til eitt brød treng du (eg brukar økologiske råvarer):
  • 5 dl oppvarma lett- eller ekstra lett-mjølk som er ein del varmare enn 37 grader viss du brukar tørrgjær, nok eg brukar 
  • 2 ss fiberhusk/psylliumfrøskal (dette skal du blanda i litt av den varme mjølka og lat svella i 5 min – men eg trur ikkje at dette er eit must for å få eit saftig brød, for eg har så mykje anna saftig i brødet)
  • 1 pk tørrgjær
  • 1 pk grov glutenfri mjølmiks frå Toro (eg likar den frå Toro betre enn Semper sin, for med Toro sin kan eg ha oppi så masse digg utan at eg må miksa saman til to brød. Semper-miksen er altså større.)
  • 1 dæsj glutenfri havregryn
  • 1 dæsj linfrø
  • 1 stor dæsj graskarkjernar
  • 1 dæsj sesamfrø
  • 1 dæsj havregryn
  • 1 dæsj riven kvitost
  • 1 raspa gulrot
  • 1 liten dæsj jyttemjøl/teffmjøl (veldig fiberrikt) eller anna glutenfritt mjøl som f.eks quinuamjøl (veldig næringsrikt)
  • 1 liten dæsj pofiber
  • 1 dæsj hasselnøtter
  • 1 dæsj valnøtter
  • 1 egg
  • 1 ss mørk sirup
  • 1 bitteliten dæsj salt
  • 1 dæsj fennikelfrø (gir sterk smak viss du tek oppi ein stor dæsj, så prøv deg fram) eller andre urtemiksblandingar for brød
  • 1 liten dæsj hampfrø utan skal (dette er noko nytt eg testar ut)
Gjer dette:
  1. Set omnen på 200 grader.
  2. Varm opp mjølka og bland fiberhusken i litt av mjølka, slik at han sveller medan du gjer resten (ikkje rør ut husken, det blir berre klumpar). Det er lurt å la mjølka bli ganske så varm, slik at ho ikkje rekk å bli kald medan du gjer resten.
  3. Ganske enkelt: Hell Toro-miksen i bakebollen, og ta deretter oppi alle dei andre ingrediensane. Ta så store dæsjar du vil av ingrediensane som det står "dæsj" på (dersom du ikkje har alle ingrediensane: ta det du har), hell i væska og husk-væskemiksen til slutt og elt alt i kjøkkenmaskin i ca. 5-7 min. Spe på med varmt vatn viss det blir tørt. Deiga skal vera ganske seig, men fast (IKKJE tørr!). Eg har ein tendens til å ta i masse frø og digg, så eg må ofte ha i litt ekstra væske mot slutten:-)
  4. Ha deiga i brødform (eg synest bakepapir funkar best, men du kan sikkert smørja forma også) og bruk sleikepott til å stappa deiga på plass.
  5. Tøm graskarkjernar eller valmuefrø oppå brødet og trykk dei fast. Hev brødet i 20–30 min under tørkle, oppå steikeplata, slik at varmen frå omnen stig opp.
  6. Set brødet på rist nedst i omnen og steik det i 45 minutt. MEN obs: Steiketida er avhengig av kva omn du har. Nokre må kanskje bruka ein time, andre 30 minutt. Min brukar 45–50 minutt. Sjå på brødet undervegs og legg folie på toppen av brødet dersom det ser veldig mørkt ut. Når skorpa på undersida er sprø og har ein lekker farge, er det ferdig. 
  7. Ta brødet ut av forma med ein gong du tek det ut av omnen og pakk det laust inn i eit tørkle. 
Etter ca. 20 minutt kan du skjera i det (dersom du greier å venta så lenga) og laga deg ei skive som på biletet over.

Namnamnam, dette blir eit ekstremt saftig og ekstremt smakfullt brød, og det utan eit fnugg av kveitemjøl, bygg eller rug i! DET er nesten det mest fantastiske av alt. Og det held seg saftig i fleire dagar.

1. desember 2009

1. desember

Spasertur rundt Kalvøya, kakaodrikking og fortæring av peparkaker på ein benk i sola ... Ikkje akkurat så veldig mykje snø og julestemning på denne første dagen i desember. Men perfekt likevel.