29. mars 2009

Vårteikn i heimen

Eg har vaska tøystoff på rekkje og rad og er klar til den vårlege aktiviteten som sying er. (Før ein skal sy noko, må ein vaska stoffet på den temperaturen ein har tenkt å vaska stoffet på seinare, slik at ein unngår at stoffet krympar seinare.)

Eg har hatt skikkeleg vårreingjering i kjøleskåpet og startar med noko nytt: lappar som viser kva som skal stå kvar. Det har gått bra ein heil dag – eg er enno optimist!

Eg har leita fram posen med tomatfrø som eg tenkte å så i fjor, eller var det året før der ... I alle fall: eg har tenkt å så i år òg.

Eg fann dette fantastiske salongbordet på Finn.no til 150 kr! Det er frå 60-talet og i perfekt stand. Student-IKEA-borda som stod der før, er donert til loppis på Mortensrud. Hadde eit mål om å finna lamper på loppis i år, men det er jo så utruleg fullt av folk på alle loppisane no til dags, så for meg er Finn.no eit minst like bra vårteikn som loppis.

I dag drakk vi te på verandaen i yttertøy og vintersko (Knut i skisko for å prøva minska irritasjonen over at han ikkje har gått noko særleg på ski i vinter). Sola varmar ikkje heilt enno, men vi SER i alle fall sola!

25. mars 2009

Vi treng butikkar

Eg har nettopp vore på Sømmelig og handla så utruleg fine ting! 2 stk gamle, mjuke, grønblomstrete dynetrekk, gammal tapet (kan brukast som innpakningspapir), ein rull med raudt bomullstøystoff, 1 sett små, gule gardiner, ei fin skål med roser på, ein løpar, ein stoppesokk-dings, stoppetråd, knappar, sitronte og symaskinnåler:

Men gleda over alle dei fine tinga eg fann, har ein bismak. Eg kjøpte så å seia alt til halv pris. Fordi fine, fine Sømmelig skal avviklast! Det gjekk ikkje rundt økonomisk, rett og slett. Ikkje ein gong i Oslo.

Sømmelig var ein unik butikk som ikkje fanst på kvart eit gatehjørne. Likevel hadde Sømmelig alt ein trong til heimen. Og meir til. Ein kunne drikka kaffi i ein gammal, mjuk lenestol, læra å sy, strikka, lesa i vekeblad frå 60-talet, få tips til korleis ein kunne bruka gamle ting på nye måtar, bli inspirert av gamle kjolemønster, mimra tilbake til barndommen og rett og slett innsjå at det er minst like bra å kjøpa brukte som heilt nye ting. Det å leggja att pengar i butikken gav meg godt samvit. Eg kjende eg støtta noko bra og viktig i denne verda. I motsetnad til kva eg kjenner når eg kjøper rusk og rask på IKEA.

Verda treng gründerar som Agneta og butikkar som Sømmelig! Og med det vil eg oppmoda alle som er i Oslo om å stikka innom Sømmelig i Nordahl Bruns gt. 13 og hjelpa Agneta med å få omsetnad for alle varene. Eg garanterer at du både finn ting til deg sjølv og ting til å gje bort. Ting som har ei historie. Kvifor ikkje kjøpa julegåvene allereie no?

19. mars 2009

Vårteikn i hovudstaden!

Asfalt og blå himmel!

Gult, vått gras og møkkete snø

Mjuke, fine gåsungar!

Små innsjøar langs vegane

Arbeidsledig spark (på Karl Johan, av alle plassar)

16. mars 2009

Frå mørkeloftet #2

Dette er gyngehesten min! Ein finare hest finst vel ikkje? Eg har alltid vore ivrig på å forsvara eigedomsretten, og det kan vi sjå spor av på gyngehesten:

Eg har skrive bokstaven min, R, to gonger, og det er jo ikkje så merkeleg. Men så ser vi at eg også har skrive bokstaven til bror min, S, med eit kryss over. Eit tydeleg signal! (Eg veit ikkje kva F-en står for.)

Den einaste som ikkje trengte å spørja om få sitja på gyngehesten, var Mostedokka.

10. mars 2009

Ein hyllest til dei beste kjernane

Dette ser kanskje ut som solsikkekjernar, men det er det ikkje. Det er graskarkjernar. Dei er mellom anna fulle av omega 3-feittsyrer, magnesium, sink og jern. Og dei er fulle av både smak og diggbar konsistens! Når eg bakar brød, tømmer eg fullt av graskarkjernar både i røra og på toppen av brødet. Desse kjøpte eg på den fantastiske nettstaden Allergimat.no, for dei har store pakkar som i tillegg er økologiske.

Og så blir det jo ganske dekorativt òg! Yummi!

8. mars 2009

Nytt strikkeprosjekt?

Wow, altså! Ekte islandshest med ekte islandsgenser/-vest/-kjole!

Frå www.birgirsdottir.no
(som har veldig mykje anna fint også, både for store og små folk og dyr .... trur kanskje eg skal strikka ein kjole til meg sjølv først)

7. mars 2009

Laurdagsfrukost

Endeleg tid til laaang frukost! Nærare sagt havregrynsgraut med eplebitar, akasiehonning, valnøtter og kanel. Bør etast saman med alle avisene ein ikkje har rokke å lesa i løpet av veka og med P2 på radioen. Når skåla er tom, er det prikken over i-en å laga ein god kopp kaffi eller te. I dag blei det ein stor kopp jasminte som både luktar og smakar blomar. Så då kan snøen berre lava ned.