24. juli 2011

Tom for ord

Alle tankane mine går til dei som har blitt råka av det forferdelege som har skjedd på Utøya og i Oslo.

20. juli 2011

To superfine barnebøker

Då eg var i Bokbyen i Fjærland for nokre dagar sidan, kom eg over to fine barnebøker. Den eine boka hadde eg aldri høyrt om før:

Det er ei omsett bok om eit epletre, og teksten har diktform. Eg likte så godt tittelen på boka, men aller best likte eg illustrasjonane. Dei er heilt fantastiske:



Eg har ikkje lese boka enno. Dersom teksten er sånn passe, har eg lyst til å klippa ut nokre av illustrasjonane og ramma dei inn.

Og så kjøpte eg denne boka, som er ganske så dramatisk og har superfine, litt skumle illustrasjonar:

Her er ei fin bokmelding av boka.

19. juli 2011

Frå ei ungkarsleilegheit på 70-talet

I går fortalde eg om denne herlege boka. Eg skreiv at språket i boka er heilt fantastisk, og det ser vi eit godt døme på i utdraget nedanfor av ein reportasje om ungkaren Tron Bach som har fått hjelp til å pussa opp kåken sin. LES!
Det første avsnittet minner meg om ein kontaktannonse. Hehe. Og vi skjønar at fargerikt interiør var i vinden med formuleringar som "utrivelig standardgrå på samtlige vegger" og "halvslitt gråspettet vinyl". "Supperøde fliser" var visst heller ikkje så bra, av ein eller annan grunn. Eg veit ikkje om dei greidde å pussa opp slik at den makabre utsikta til nabogarden forsvann, men. 

Ungkaren er ikkje heilt fri for damebesøk. I den oransje dusjen står det nemleg eit ikkje namngjeve kvinnemenneske:
På biletet nedanfor ser vi det same kvinnemennesket saman med ungkaren (med pipe i handa) i "oppholdsrommet". Det står at han hadde ønskje om å "fråtse i reoler", og det ser jo ikkje så verst ut. Det var visst vanleg å sitja med kvart sitt headset og høyra på den same musikken. Det ser vi nemleg på fleire bilete.
Her er ungkaren på det vesle kjøkkenet sitt, der han står og lagar seg mat ved hybelkomfyren:
Eg diggar dei gule koppane! Synd det ikkje er bilete av taket, for det det blei malt gult, står det. 

Eg blei så nyfiken på denne "hotellfagstuderende" Tron Bach at eg måtte googla for å finna ut kva han gjer på i dag. Og sanneleg fann eg han ikkje! Han har ikkje forandra seg mykje, bortsett frå at han heilt sikkert ikkje lagar mat ved ein liten hybelkomfyr lenger. Ikkje så overraskande at han er hotelleigar, kanskje. Hoho.

Lurar litt på kvar dama med krøllene er.

18. juli 2011

70-talet rular!

Alle bør vitja Bokbyen i Fjærland ein gong (eller mange gonger) i løpet av livet. Vi ferierer like ved for tida, så her om dagen køyrde vi ein oss ein tur. Og for nokre kupp eg gjorde! Eg kjem til å presentera bøkene og innhaldet i dei i fleire bloggpostar. Det største kuppet var denne boka frå 1974:
For det første er det fantastiske foto som dokumenterer godt korleis ein 70-talsheim såg ut. Det er reportasjar om korleis ein kan pussa opp huset eller leiligheita, korleis ein kan innreia, korleis ein kan bruka fargar, osb. For fargar var det mykje av på 70-talet. Og det er nok difor eg er så glad i denne tidsepoken. For det andre er språket heilt fantastisk. Eg tenkte å dela nokre av godbitane.

Sjekk desse fargesprakande heimane:


Oransje, gult og blått! Herleg!

Og sjekk: Reklame for vaskar i alle slags fargar!
IKEA-reklame fanst også på 70-talet: 
Det var trongt om plassen på 70-talet. Det er denne vesle (og ekstragavante) hybelen eit godt døme på: 
 I morgon kjem det endå ein godbit frå boka!

7. juli 2011

1 år!

Hurrraaa! I dag klokka 12.30 er det eitt –1!– år sidan denne vesle finingen kom til verda. For eit år! Eg er mållaus.

6. juli 2011

Kontrastar

Rett ved Ullevål sjukehus ligg ein gigantisk gravlund. For eitt år sidan i dag parkerte vi bilen like ved og gjekk (dvs. eg vagga) gjennom gravlunden i skuggen av dei skyhøge trea, medan vi gløtta på gravstøttene for å sjå om vi såg nokre fine gutenamn på vår veg. I bygget bak der ligg fødestova der veslingen blei fødd dagen etter. 

3. juli 2011

Godt å vita

I desse stillesitjande, regnfulle sommardagane er det greitt at Husmorboka kan gje råd om korleis ein ikkje bør sitja.

Eg er jo ikkje direkte usamd i at dette kan vera uheldige sitjestillingar. Men: Når ein strikkar eller les, bør ein slanga seg i ein god sofa eller sofastol og ikkje sitja på ein pinnestol og pinast. I alle fall dersom ein skal sitja veldig lenge.