16. april 2012

Selebuksefavoritt #3

For ei tid tilbake skreiv eg om eit syprosjekt med stjerner på. I helga blei eg endeleg ferdig!
Dette er den tredje buksa eg syr av dette fantastiske mønsteret. Den første buksa var oransje, den tredje var mosegrøn, og denne er altså mintgrøn. Alle stoffa er tynn cordfløyel frå Stoff og stil. Stjernestoffet er eit bomullsstoff eg kjøpte på nettet for fleire år sidan, og det blei til knelappar. Og lappane blei festa på tradisjonelt vis med knallraud tråd i sikksakk rundt.
Eg var litt i tvil om kva farge eg skulle ha på skråbandet, men enda opp med lilla. På bileta ser skråbandet blått ut, så dei lyg litt. Eg fann ein lilla kamel i sysakene mine, og han strauk eg på med strykejernet. Utruleg enkel pynt! Eg skal pynta meir med både kamelar og andre skapningar eg har liggjande.
Eg gjorde noko nytt denne gongen, nemleg brukte eit anna stoff enn hovudstoffet som forsterking på skuldrene. Det blei ganske fint!
Buksa er ei gåve til ein fin, liten 1-åring. Strikk i anklane er ein garanti for at bukser varer lenge, så eg trur nok han kan bruka denne buksa til han er 2 år. Det gjorde nemleg Tryggve. Eg har berre sydd i storleik 2 år så langt, men no har eg tenkt å sy storleik 3 år til finingen min, for 2 år har blitt for lite. Så dette er nok ikkje den siste gongen eg publiserer bilete av selebuksefavoritten. 

15. april 2012

Stjernemat

I dag var det fiskekaker med diverse grønsaker som stod på menyen. Medan eg stod og kutta gulrøter, kom eg på at eg hadde lese ein gong at for å gjera middagsmaten tiltalande for ungar, kan ein stikka ut det ein måtte ønskja med mini-peparkakeformer. Ikkje at det er eit problem å få i poden mat, men det kan no vera artig for både liten og stor. Så simsalabim:





Det var squashen som fekk gjennomgå. Eg steikte stjernene saman med tomatar og fiskekaker, og resultatet såg bra ut! Veslegut blei nyfiken då han såg kva som låg på asjetten og putta ivrig ei stjerne i munnen. Men ho kom ut att, gitt! Han skar grimasar! Eg smakte også, og ja, squashen hadde fått ein ganske syrleg smak på grunn av tomatane. Hm. Konklusjon: Det er ikkje berre utsjånaden det kjem an på.

5. april 2012

Frå mørkeloftet #11

Denne gongen er mørkeloftet-funnet litt av ein original skatt! Utanpå ser skatten slik ut:

Det er faktisk ei bok! Permane er laga av papp kledd med stoff, og dette er side 1: 
Men det er ei ganske spesiell bok, for blada er laga av lommetørkle! Eg fekk boka då eg var lita, og boka er heimelaga. Eg hugsar eg var veldig fascinert.


Eg hugsar også at det var denne sida, eller dette lommetørkleet, då, eg likte best: 


Eg likte fargane, og eg likte særleg jenta med isen. Eg trur eg ville vera henne. 

Eg har introdusert boka for poden, og han likar særleg dette fine oppslaget:



















Her er det nemleg både bil og hund og ballong!

3. april 2012

Tilstandsrapport

Eg har påskeferie på heimlege trakter. Det snør. Og snør. Og snør ... Poden er den einaste som ikkje ristar på hovudet og lurar på når det skal slutta. Så då er det berre å setja han i arbeid med å rydda vekk snø. Om nokre månader er dette eit absurd syn, gler meg.