28. januar 2013

I sparkland

Eg trudde sparken var utdøydd. Men i Jostedalen brukar dei framleis spark! Her er det kvite, usalta vegar så langt auga kan sjå.  – Kjøpe sånn! sa poden og sprang av garde med sparken framfor seg. 


24. januar 2013

Ein hyllest til det vesle

Etter snart to veker på ny plass har vi endeleg fått Internett i hus. I det nye huset vårt. Ting tek litt tid her i indre Sogn ...

Vi fyrer for harde livet i sprengkulda, og innimellom innbiller eg meg at vi er på hyttetur. Men dette er kvardagen. Ein kvardag eg fint kan leva i.

Etter 14 år i Oslo må eg berre seia at det er topp å bu på ein liten plass. Her er alt så oversiktleg og greitt. Frå huset vårt ser vi taket på barnehagen til poden (det er eit lite jorde mellom), eg ser jobben min, eg ser kjøpesenteret (som har alt ein treng, og meir til), Lustrabadet (som ligg rett ved jobben), eg ser fjorden (endeleg!), eg ser treningssenteret, og eg ser høge, snødekte fjell med sol på. Det er akkurat det eg treng å sjå utan det kjennest ut som om eg forsvinn i mengda. Eg likar å kjenna at det er plass til meg. (I Oslo får ein ikkje akkurat den kjensla.)

Ei eldre dame stod i vegkanten rett ved huset vårt og haika med meg i dag. Ho måtte nå ein buss (her går ikkje bussane så ofte), og ho hadde det travelt. Vi hadde ein kjekk bli-kjent-prat dei få minuttane turen tok, og eg reknar med eg ser henne att i og med at vi bur i det same byggjefeltet. Sjølv om ho aldri hadde haika før, gjorde ho sjølvsagt det. Kva elles? Eg nikka nøgd til meg sjølv i bilspegelen då eg sleppte henne av. Og tenkte at eg her vil eg bu.






















8. januar 2013

Pakkepakkepakke

Dette var gårsdagens utsikt. Pjuh, det er eit styr å pakka ned alt ein har samla seg av jordisk gods. Vi har 50–60 kassar med ting. I tillegg til møblar. Alt dette har fordelt seg utover 72 kvadratmeter og i ei bod. Korleis er det mogleg? Ein burde eigentleg ha flytta oftare for å bli minna på om at ein har meir enn nok. 

Ting eg har lært (noko av dette veit eg jo, men eg lærer visst aldri):
  • Ikkje kjøp matvarer utan ein plan, kjøpt berre fordi ein tenkte at dette må ein prøva å bruka meir av. To år etter best-før-datoen må matvarene kastast (gjeld særleg pinjekjernar, vaniljepulver og kokosmasse).
  • Flyttekassane frå Biltema er billegast og best (dei på biletet). Dvs. ein får mykje for pengane. 
  • Det løner seg å måla lister med ein gong ein flyttar inn på ein ny plass og ikkje venta til tre dagar før ein flyttar ut.
  • (Denne gjeld ikkje meg!) Aldri kjøp dvd-filmar berre fordi dei er billege. Kva skal ein med ein diger kasse med filmar etter at ein har sett dei éin gong? Livet er for kort til å at ein rekk å sjå filmane fleire gonger.
  • Bruk finn.no jamnleg til å kvitta seg med ting, anten for å selja elle gje vekk.
  • Når ein ikkje kan hugsa sist ein høyrde på ein cd, er det på tide å kvitta seg med cd-spelaren, forsterkaren og høgtalarane (denne har eg tenkt på i årevis).  
  • Kjøp alltid minst fem flyttekassar meir enn ein trur ein treng.