20. mars 2011

Nytt garn i hus

Ja, eg har vel eigentleg ikkje mangel på garn, men då Pickles annonserte at dei hadde open dag på lageret sitt i dag, måtte eg jo berre ta meg ein tur ... Eg var flink som ikkje kjøpte opp ca. heile lageret. Dei har sååååå mykje fint garn! I fargar som er til å eta opp. Trikset for å ikkje kjøpa uante mengder garn, er å kjøpa garn med ein plan. Og det gjorde eg. Dvs. nesten. Sjå berre her:
Eg elskar sennepsgult, og med dette garnet skal eg strikka dette sjalet. For ein gongs skuld til meg sjølv.

Dette er økologisk bomullsgarn, og det skal eg bruka til å strikka denne fine toppen til poden.

Oj, desse fargane liknar jo på garnfargane over. Det la eg ikkje merke til før no. Og oj igjen, for eg har visst ingen plan for dette garnet enno. Uansett, det var i alle fall på sal, og eg har tenkt å bruka det saman med det same garnet i andre fargar som eg har liggjande. Det er heilt utruleg at dette er ull, for det er så mjukt og godt!
Desse to nysta kjøpte eg for 10 kr per stk frå restekorga, og eg anar ikkje kva garn det er, bortsett frå at det til venstre kjennest ut som ull (ingen plan for dette ...), og det til høgre definitivt er bomull (kan passa til å strikka kjøkkenklutar med.)

Ok, det forpliktar litt å blogga om garnfunna og strikkeplanane mine, så her er det berre å setja i gang!

Oppdatering:
For de av dykk som ikkje kunne vera på lagersalet i dag: Det er mogleg å kjøpa garn på tilbod på nettet også:
 
Og gjett kven sin rygg vi ser på biletet over da? Hehe ...

19. mars 2011

Ein 80-talsfavoritt!


Eg hugsar då mamma introduserte ostesmørbrød (dvs. rundstykke) med ananas som laurdagskos ein gong på 80-talet. Det var jo berre SÅ godt, og sidan den gongen har eg ete det ein million gonger når eg vil eta noko som er kjapt, varmt og godt og/eller viss eg vil bli kvitt brød- og osterestar. Ananas + smelta ost er ein uslåeleg kombinasjon. Det er juks å ha på kjøtpålegg eller krydder av noko slag. Det skal altså vera brød + ein stor ananasring + ost. Og ketsjupen må på til slutt, etter at ostesmørbrøda er tekne ut av omnen. Nam!

17. mars 2011

Kontrastar

Det er snø i Japan også. Men det er vel alt som er likt. Støtt hjelpearbeidet, f.eks. gjennom Røde Kors.

13. mars 2011

Saum og draum

Trass i mange meter med nyinnkjøpt stoff (+ eit allereie velfylt stofflager), blir blir det ikkje så mykje tid til sying som eg drøymer om ... Eg drøymer stadig om å ta turen til Stoff og stil, og eg har laga meg ei laaang liste over alt eg har lyst til å sy. Det er jo så kort veg til den fine butikken, og det var ikkje noko problem å ta med poden dit, som vi ser.

Men det gjeld å ikkje berre drøyma. Og no har eg funne ut at det einaste som kan få fart på syinga, er når eg har eit heilt konkret mål med syinga, dvs. at det eg syr, skal brukast ved eit bestemt høve. Som då eg gjekk gravid og skulle sy gravidkjole til å bruka i eit bryllaup. (Eg rakk å bruka kjolen tre gonger, faktisk.) Eller no forrige helg, då Tryggve blei døypt (største dåpsbarnet i mils omkrins, sikkert), og eg hadde bestemt meg for å sy dåps-outfit i form av ei skjorte og ei bukse (ingen dåpskjole, nei). Eg sydde og sydde. Og blei ferdig! Skjorta sydde eg etter ei oppskrift frå den fantastiske klassikaren Børnetøj du selv kan sy. Skjorta såg slik ut:
Eg likte dei tre legga på kvar side, men droppa å sy legg på ermene. Eg laga pose-ermer i staden for å få skjorta til å passa betre til buksa (pose-bukse). Det er også eit legg på ryggen, og det var superstilig. Det var første gongen eg sydde ei skjorte, og eg digga det. Fin oppskrift! Eg brukte eit lysegrønt lintstoff. Diverre har eg ingen supergode bilete som viser skjorta, innser eg no, men her er eit glimt av hovudpersonen saman med bror min:

Eg valde treknappar fordi eg tykte dei passa så fint til det litt røffe linstoffet (tjukk lin). Han hadde ei kvit ulltrøye under skjorta, det er ho som stikk fram over navlen;-)

Buksa sydde eg etter dette mønsteret, og her valde eg lin i ein annan farge for å unngå at antrekket skulle få ein slags uniform-look. Eg må ta bilete når guten har på seg begge plagga samstundes, for han blei skikkeleg smashing, men enn så lenge får eg visa fram eit bilete av buksa i grelt blitzlys, før eg hadde festa strikkane:
Det som eg blei litt nøgd med, var blondekanten. Kjøpte blonder på Stoff og stil (åf kårs) og tykte dei pynta opp buksa. Kven seier at gutar ikkje kan gå i blonder? Vonleg får han på seg kleda til 17. mai! Eg sydde storleik 1 år, men kleda sit perfekt allereie, som vi ser ...

Uansett, eg veit ikkje heilt kva som blir neste syprosjekt enno. Eg må finna ein dato og eit høve først! Og drøyma litt innimellom.

2. mars 2011

Marmelade til folket!

Fine, fine Marmelade-butikken har utlodning på Epla. Jeje! Eg har kjempelyst til å vinna gåvekort der, og det kan du også! Check it out!