20. november 2012

Sitrondrops er kult, men det er appelsin òg

Endeleg har eg bestilt oppskrift og garn til eit strikkeprosjekt til meg sjølv!
Det er God morgen-genser frå Pickles (klikk på biletet for å koma til oppskrifta), og eg har sikla på genseren lenge. Eg diggar den gule fargen (med det høvelege namnet sitrondrops), men eg trur kanskje ikkje at eg kjem til å kle han, så difor bestilte eg garn i fargen appelsin:




Det er alltid litt risikabelt å bestilla garn på nettet, eg likar aller best å sjå garnet i levande live. Lageret til Pickles er ope på torsdagar og laurdagar, men eg greidde rett og slett ikkje å venta. Og eg kan jo byta fargen dersom eg angrar. Det er i alle fall mange fargar å velja blant! Gler meg til eg får pakke i posten!

Er det nokon av lesarane mine som har strikka genseren? Eg ser han er poppis på Ravelry, i alle fall.

5. november 2012

Om forholdet mitt til matte

Eg hugsar lukta av den første matteboka mi. Eg fann boka på mørkeloftet for ikkje lenge sidan, og lukta var framleis der. Det rare var eg kjende att fleire av oppgåvene. Eg kjende att teikningane av "færre enn" og "fleire enn". Eg har teikna fire høner, som er færre enn fem høner. Og eg har teikna tre egg, som er fleire enn to egg. Og så kjem eg til nøtta. Eg hugsar det så godt. Det er ei teikning av ein rev. Han ser lur ut. Han skal lura meg. Her er han:


Færre enn ein rev? Kva i alle dagar blir det? Eg hugsar eg tenkte veldig på at det måtte vera noko i den ruta. Og eg blei heilt sett ut av augo til den lure reven. Kva er det han veit som eg ikkje veit? Eg hugsar ikkje korleis eg greidde å løysa oppgåva, men eg trur nok eg fekk hjelp av mamma. Eg hugsar i alle fall frustrasjonen. I vaksen alder har eg gått og innbilt meg at eg teikna ein sko i den ruta, og at eg ikkje fekk eit smilefjes, men eit streksmilefjes. Men det gjorde eg altså ikkje, merkeleg nok.

Det var her på side 3 i den aller første matteboka mi eg forstod at matte var eit lurefag. Lureoppgåva kjem alltid til slutt, når du trur du har forstått alt. Då gjeld det å svara det motsette av det du trur er rett, for du kan umogleg ha rett. Dersom du svarar det du trur er rett, blir du lurt.