19. mars 2013

God morgon!

Endeleg ferdig! Byrja på God morgon-genser frå Pickles i jula, og det var jo ein enkel genser å strikka, men eg tykkjer det er så keisamt å strikka med berre éin farge, så det tok si tid likevel. Eg strikka bolen litt for kort, men han blei passeleg lang etter at eg vaska genseren og strekte han i våt tilstand. (Eg strikka i storleik small.)

Det beste med genseren er at han er så utruleg god og mjuk. Og varm! På biletet har eg ein tynn ullgenser under, men han måtte eg ta av, gitt, så eg gjekk berre med ein singlet under. Det kjendest ut som om eg var innpakka i bomull. Mmm.

Pickles har fine strikkehjelpfilmar på sidene sine, og denne gongen lærte eg å veva saman to delar (oppe på skuldrene) og å henta opp masker (for å strikka ermene og halsringinga) slik at det blei superfint. Særs godt nøgd med å få lure strikketips!

Eigentleg tenkte eg jo å strikka genseren i fargen appelsin, men fargen var ikkje heilt som forventa, så eg bytte til ein litt keisam farge (lime). Angrar litt på at eg ikkje strikka med ein knæsjare farge, det er litt for mykje grønt i livet mitt. Men det neste strikkeprosjektet er i alle fall fargerikt!

Det skal bli bråkmakargenser, også oppskrift frå Pickles. Dobbelt tråd og fire fargar krev litt tolmod, merkar eg, men det er vel straffa for å ikkje villa strikka med éin farge.

6. mars 2013

Kapa!

Eit lite tips til dekorativ innramming av bilete: framkall bileta og få mondert kapaplate bak! (Tips nr. 2: Ein treng ikkje furuvegg i alle rom i eit hus ...) Det er jo ganske poppis med fotolerret på blindramme, men eg tykkjer ikkje det blir så fint med tjukk ramme, så difor blei eg så nøgd då eg prøvde kapaplater. Kapaplata er veldig lett, så det er enkelt å festa bileta på veggen med sånn der lærartyggis. (Perfekt dersom du har ein murvegg du ikkje vil borra i!)

Det er ikkje så vanleg at fotobutikkar tilbyr kapaplater, men det gjer Akersgata foto. Ein fotobutikk eg kan tilby på det varmaste! Det er rett og slett ein unormalt bra fotobutikk. Framkallinga blir særs bra, folka som arbeider der har skikkeleg peiling, og dei tilbyr tenester som kjedebutikkar ikkje kan tilby / ikkje er gode på. Eg har aldri vore så nøgd med fargeattgjevinga på bilete før, og eg er ekstremt kritisk når eg får framkalla bilete.

Den kvite rundt kanten er valfri. Eg likar han!

Bror min har skanna mange dias frå barndommen, og på 70-talet var det kvadratiske foto som galdt. Eg tykkjer det blir sååå fint med kvadratiske foto på kapa.

Når ein har bilete på kapa / utan glasramme, er det finast med matt overflate, men eg tykkjer eigentleg matt eller halvmatt alltid blir finast.

Eg har berre vore i butikken deira og framkalla, men ein kan senda inn bestilling på nettsida òg (sjå nedst på startsida).

No angrar eg berre på at eg ikkje forstørra bileta endå meir, fine er dei. (Desse er 15 x 15, trur eg.)

3. mars 2013

I mål med eit lite gardinprosjekt

I det nye huset vårt er det enormt mange vindauge, og alle er av ukonvensjonelt format. Det er jo ikkje nødvendig med gardiner framfor alle vindauga, men der sola steikjer, og der det er mykje innsyn, er det jo litt greitt med gardiner. Det er ganske så bra innsyn på badet oppe, så der fann eg ut at vi måtte ha ei gardin. Vindauget er under 1x1 meter og kvadratisk, og eg leita blant stoffrestar for å sjå om eg fann eit lite flak eg kunne sy gardin av.

Eg sydde saccosekk til poden for eit års tid sidan (denne), og dette stoffet hadde eg nokre restar av. Eg blei særs nøgd, for fargane passa perfekt til det pastellblå og litt triste 80-talsbadet vårt. Eg sette i gang, og trudde eg hadde meir enn nok stoff. Men nei, det største flaket var for lite. Så kva gjorde eg? Eg måtte lappa saman ... Eg klipte i firkantar og trekantar og prøvde meg fram.

Glimt frå prosessen ...

Heldigvis er det eit praktisk mønster når det gjeld å lappa saman slik at det blir fint.


Etter litt prøving og feiling og triksing og miksing blei dei fem stoffdelane til ei lita og søt gardin.

Det er jo ikkje spesielt spanande å sy gardiner, men dette prosjektet blei jo litt artig. Eg var på nippet til å gje opp eit par gonger fordi eg ikkje trudde det kom til å bli nok stoff. Eg måtte ta i bruk kvar ein cm med stoff eg hadde att.

Eg er særs nøgd med at eg fekk brukt opp stoffrestar, for eg har ein plan om å bruka opp mykje stoff som berre ligg og sleng.

Så no vart det god karma på do!