29. juni 2008

Roser

Dette er ei av rosene frå Roseforbundet si roseutstilling i Freiaparken i helga. Eg var med mamma, som hadde reist langt for å vera med på storhendinga. Eg trur eg var mellom dei yngste på treffet, bortsett frå ungane, då. Eg skjønar at det finst utruleg mange ulike rosesortar i verda. Og mange rose-entusiastar! Tok mange makrofoto av vakre roser og nesten like mange foto av folk med romper i veret, med nasen nede i rosebuskane.

24. juni 2008

Mus i mur


Jepp, ein ekte mus-i-mur-tekst! Frå det som var læreboka mi då eg gjekk i første klasse (dette er ei bokmålsutgåve, så det er altså ikkje mi lærebok, reint fysisk). Eg skal ikkje gje meg ut på å seia kva eg meiner om det syntetiske perspektivet på den grunnleggjande lese- og skriveopplæringa (tilhengjarane av dette perspektivet elskar det som blir kalla mus-i-mur-tekstar). Men eg trur ikkje det er direkte farleg å introdusera elevane for ord som inneheld bokstavar dei enno ikkje har lært.

21. juni 2008

Nytt kamera!

Eg er så nøgd! Etter iherdig surfing, lesing og leiting over laaaang tid etter nytt kamera har eg endeleg funne det! Eit kompakt spegelreflekskamera frå Olympus, som er lett å putta i veska, og som både har det eg treng for å ta bilete i farta, og for å eksperimentera med. Eg er veldig nøgd med farge-attgjevinga, som er noko av det viktigaste for meg når eg knipsar. Og no har eg ferie og alt! Eg er overtydd om at dette blir ein bra sommar. 

20. juni 2008

PJ Harvey i operaen

Heilt, heilt elektrisk! Eitt piano, 3-4 gitarar, ein trommeboks, eit munnspel og nokre andre dingsar var alt som skulle til. Og PJ Harvey si heilt utrulege røyst. Nett no går eg bananas på iTunes. 

18. juni 2008

Sex and the City - The Movie


No har eg òg sett han. Dette blir oppsummeringa:

Håret til Miranda/Cynthia Nixon var fantastisk. Eg vart inspirert til å klippa meg. Berre så synd det krev tolmod å ha så kort og fabelaktig hår. Det er mogleg eg treng ein assistent òg.

17. juni 2008

Organisk liv

Eg har starta eit nytt liv. Eg har byrja og kjøpt berre organiske beauty products. Dvs shampo, balsam, kremar, kosmetikk o.l. Eg tykkjer argumenta for å gjera det er mange. Grønn hverdag skriv mykje lurt om det.

Mitt første innkjøp var reinsemjølk frå Dr. Hauschka (Smart Club sel det!) Frå før har eg dyre reinseprodukt frå Clinique og Dermalogica, men denne reinsemjølka er himmel i forhold. Etter å ha reinsa andletet, er huda glatt som silke, og eg treng ikkje å ha på krem etterpå ein gong, noko eg må etter å ha brukt dei andre produkta, som gjer at huda blir tørr og ekkel. Reinsemjølka svir heller ikkje viss eg får ho i augo, og mascaraen går av så lett som berre det. Eg kjøpte òg ein lypsyl i same merke. Eg har blitt avhengig av blåkvit lypsyl, som berre tørkar ut leppene, men no er det slutt!

Eg har googla meg fram til ein million ulike nettbutikkar som sel diverse organiske produkt, og fann til slutt ut ein som eg likte godt, nemleg So organic. Her har eg no bestilt lipgloss og mascara. Og meir skal det bli!

16. juni 2008

Etterlysing


Og moralen er: ein bør ikkje plassera betydningsfulle bamsar i ein søppelsekk, og tru at det skal gå bra.